Dei som prøvde å få kontakt med Todalen .no i dag tidleg hadde problem. Nettsida var nede ei times tid på morgonkvisten, og det var nok problem med webhotellet som var årsak til dette. Nettsida Todalslaks.no som ligg på same webhotell var også nede på same tida. Frå 8-tida har det vore normal drift på nettsida.

Kløvertur om Hala og Husby
Etter er tre veker med påskepause var det tid for kløvertur igjen måndag 12. april. Turruta måtte bli etter allmannvegen, da det er snø både i skogsstigar, skogsvegar og i turstien langs elva.
Les heile saka
3.mai ser Sparebank1 Nordmøre dagens lys
Måndag 3.mai ser altså Sparebank! Nordmøre dagens lys. Sparebank1 Nordmøre er eit resultat av at Surnadal Sparebank Slår seg saman med Sparebank1 Nordvest frå denne dagen. Målet for Sparebank1 Nordmøre vil vere å gje positive ringverkingar for banken sine kundar, eigarane, dei tilsette og ikkje minst samfunnet og området den nye banken vil vere ein del av.
Les heile saka
Tek lite hensyn til rasfaren i fjellet…
I går vart det meldt om at det hadde gått ras i Nordviksula i løpet av dagen. Undersøking viste at det ikkje var skispor verken inn- eller ut av raset som hadde gått i det brattaste området i framkant. I området Rambjøra og Litj-fjellet gikk det derimot ikkje ras, men der er det folk som har utfordra skjebnen på toppturen til Rambjøra og Vassnebba.
Les heile saka
Kløvertur – blir du med?
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 12. april. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Turmål blir bestemt ved oppmøte.
Les heile saka
Trollheimen – Raudt farenivå (høgste nivå) for snøskred
Varsom.no melder at det er farenivå 4, høgaste farenivå, for snøskred i Trollheimen både i dag og i morgon (laurdag og søndag). Dette skuldast at nysnøen som har kome dei siste dagane, kombinert med vind, har bygd opp ustabile fokksnølag som lett kan kome i bevegelse. Sør- og vestvende heng er mest utsett, men vind gjer at snøskred kan bli utløyst i alle himmelretningar.
Les heile saka
En-Route skihøttå vant månadens bilete for mars
Vi gratulerer til Torkjel A.Moe med vinnarbilete teke på tur til skihytta i Todalen. En route skihøttå gikk av med ein soleklar seier denne månaden.
Les heile saka
«Gjetargut» skal passe mykje av sauene i Trollheimen i sommar
Ein nymotens og digital «gjetargut» skal passe på sauene når dei sleppes på sommarbeite i Trollheimen. – Det er Surnadal og Rindal beitelag som går saman om å investere i elektroniske hjelpemiddel for få betre kontroll på sauene som går på beite i Trollheimen. Det er brukarar frå dei lokale sankelaga som gjennom beitelaget organiserer og utstyrer sauene med elektroniske klavar som gjennom 11 utplasserte signalmottakarar/forsterkarar skal opprette kontakt med brukarane gjennom telefonnettet. Brukarane kan dermed følgje med kva som skjer med beitedyra i fjellet.
Les heile saka
Sikringa av den gamle dampskipskaia ved Kvanne fergekai utsett
Arbeidet med sikringa av den gamle dampskipskaia ved Kvanne fergekai er utsett. Grunnen til at arbeidet er utsett, er i følge Møre og Romsdal fylkeskommune, at Mesta sin underentreprenør, som skulle utføre arbeidet aldri dukka opp, korkje med mannskap eller utstyr. Kontrakten med entreprenøren er difor no sagt opp, og ny anbodskonkurranse lyst ut.
Les heile saka
Fasteaksjonen med godt resultat i Todalen
Dei lokale sokneråda og Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon var for andre året på rad digital. På landsbasis vart det samla inn godt og vel 17,6 millionar unders årets fasteaksjon, mot 25,1 millionar i fjor. Midlane frå innsamlinga går til å skaffe tilgang til reint vatn for menneske i fattige land. Dette er eit arbeid Kirkens Nødhjelp har drive med i over 60 år, og som dei difor har gode kunnskapar om.
Les heile saka
Manuell dirigering i Svinviktunnelen.
På grunn av arbeid med lysarmaturene i Svinviktunnelen er det i dag mellom klokka 09:00 – 16:00 manuell dirigering av trafikken gjennom tunnelen. Utrykningskøyrety kan passere. Alle skal stoppe og vente på ledebil! Du bør difor rekne med litt lenger tid når du skal ut av bygda i dette tidsrommet.
Les heile saka
DNA-analyse: Vassosjerven var ein vidfarann fant
4. desember i 2020 vart det felt ein stor hannjerv ved Vassosen i Todalen. Jervfallet vart sjølvsagt behørig dokumentert av SNO (Statens naturoppsyn) og det vart sendt inn DNA-prøve for analysering i direktoratet. No er denne analysen klar, og vi har fått tilbakemelding frå Lars Olav Lund i SNO, med kart og info om tidlegare observasjonar.
Les heile saka