Laurdag gikk vi oss borti eit «hagebakeri» utafor butikken til Hagland og Byggmakker. Det var ein demo av vedfyrte bakeomnar som du kan montere i hagen og som du fyrer opp med ved. Dei to som «jobba på bakeriet», Heidi Wiig og Aud vegerstøl starta på fredag, og skulle halde på til og med søndag ettermiddag.
Les heile saka
Vårløysing – regn og snøsmelting med middelflaum
Regn og mildvêr i nattens mulm og mørke har ført til at Toåa i løpet av natta har påassert grensa til middelflaum. NVE har definert vassføring på over 74,48 m3/sek som middelflaum for Toåa og denne grensa vart såvidt passert i 03-tida i natt da målestasjonen ved Storfossen registrerte 74,54 som høgaste vassføring
Les heile saka
Ikkje riktig flaum, men stor elv
Flaum er det nok ikkje, men vassføringa ved 21-tida var på 53 m3/sek ved målestasjonen ved Storfossen. jamnt og trutt har elva vokse utover dagen, frå knappe 20 m3/sek i dag tidleg og kl 21 var altså vassføringa på 53 m3/sek
Les heile saka
Ledig stilling som rektor i Todalen
Frå 01.08.2017 er det ledig 100 % stilling som rektor ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter, avd. Todalen skule melder Surnadal kommune på si heimeside.
Les heile sakaDataklubben med sommarferie
Surnadal Pensjonistlags sin populære dataklubb tek sommarferie frå i dag melder dei i ein e-post til redaksjonen. Det blir oppstart att etter ferien, i slutten av august. Dato blir kunngjort på Trollheimsporten og her på Todalen.no.
Kunngjering dødsfall
Grunna feil hos Tidens Krav og at Driva ikkje kjem ut før i morgon er det ønskeleg med ei kunngjering frå Surnadal og Rindal Begravelsesbyrå AS.
Les heile saka
Blide tross tap
Måndag kveld møttes Søya/Todalen og Surnadal i klassen G10 til kamp på Bordholmen. Her var det full gass frå start til slutt, og det vart ein målrik kamp. Surnadalsgutane vart hakket for sterke og vann med god margin. Gutane og dei to jentene på Søya/Todalen hadde likevel fleire fine sjansar etter gode gjennomspel.
Les heile saka
Første fellestrimmen gikk til Nauståfossen
Måndag kveld var det start på sesongen for trimgruppas fellesturer. Årets første fellestur gikk til Nauståfossen men surt og kaldt vêr gjorde at deltakartalet var forholdsvis beskjedent – 6 deltakarar vart med på turen
Les heile saka
Startar aksjon for innsamling av skrapmetall
Surnadal kommune, Retura og Hamos dreg i gang ein aksjon for å samle inn skrapmetall i heile Surnadal kommune. Dette blir som eit spleiselag, der kommunen tek dei ekstra kostnadane med transport og utplassering av containarar den veka aksjonen pågår. Levering av skrapmetall er gratis elles også, dersom du leverer på stasjonen til Hamos, men unden denne aksjonen blir det altså gratis henting. Målet er å hente inn minst 15. tonn med skrapjern i denne aksjonen – men gjerne meir.
Les heile saka
Sissigrenda: Minidugnad og nye vassbord
I Sissigrenda fikk postkassestativiet ein liten facelift på laurdag. Anders Kjetil og Rune nytta finversdagen til å skifte ut vassborda på postkassestativet. Det var meir råteskade enn dei rekna med, og no vart det skifta til royalbehandla mateerialar, og reknar med at det blir lenge til neste gong. Og det siste døgnet har dei også fått testa om det vart tett!
Nytt lokalderby i morgon
I morgon er det nok ein fotballkamp på Bordholmen. Da er det gutane på Søya/Todalen i klassen 10 år som møter Surnadal til dyst. Det blir åpen kiosk med salg av bakels og graut. Kampstart klokka 18.
Les heile saka
Lagseriestemne på Bordholmen
Denne veka startar trim- og friidrettsgruppa med lagseriestemne på Bordholmen. Første kveld er tysdag 23. mai, og vi treffes på Bordholmen kl 18.00. Vidare blir det lagseriestemne kvar tysdag kl 18, heilt til skulen sluttar. Det blir og høve til å ta idrettsmerkeprøve i samband med lagseriestemne, melder ski- og friidrettsgruppa.