olli Skog er i gang med stor tømmerdrift i Halsetlia. Det er mellom 2- og 3.000 m3 som skal drivast ut i denne omgangen. Både gran, furu og lauvtre skal hoggast og fraktes ned til Øraekra det det er lunningsplass for både tømmer og ved.
Les heile saka
Laurdag var det loddseljardag for sanitetens tradisjonelle kunstlotteri. Det siste året er det 2 flotte bilder, med Kristine S. Ulvund som fotograf, som har vore hovedgevinst i lotteriet. No begynner det å haste dersom du skal kjøpe lodd, for det blir trekning på Todalen sanitetsforenings årsmøte den 6. mars.
Les heile saka
Laurdag starta Todalen sanitetsforening på ein ny sesong med strikkekaffe. 16-17 strikkeentusiastar sette kvarandre i stemne i sanitetshuset og her knitra det i strikkepinnar og dufta nykoka kaffe. – Strikkekaffen er kanskje like mykje eit sosialt treffpunkt som det er strikkefagleg, og det viktigaste er da faktisk å treffast og gjera ting i lag vart det sagt. Men i dag fekk dei ei sak å bryne seg på, for Synnøve Talgø hadde med seg eit par grytelappar som ingen forsto korleis dei skulle strikke – eller kanskje det var hekling?
Les heile saka
IL Søya har allerede starta med sine skiaktiviter på sin Vang skiarena. Barn i løypa har vore arrangert dei to siste torsdagane og held fram så lenge det er føre til å gå på ski fortel Torill Bye i skigruppa hos Søya. I tillegg startar dei opp med skileik for barn i skulealder førstkommande tirsdag. Dette er først og fremst eit tilbud for dei minste barna og vanskelighetsgrad vil bli lagt opp etter 1.-4.klasse-nivå.
Les heile saka
Det går framover med vegarbeidet i Falla, med arbeidet er utruleg forsinka i forhold til den første plana som gikk ut på å halde stengt i 5 veker. Da gammelvegen rasa ut vart arbeidet mykje meir omfattande enn først planlagt, og det er store mengder med stein og grus som er frakta vekk. No går ny prognose ut på opning om eit par veker for nødvendig transport – medan ferdiggjering av vegen til ta lengre tid.
Les heile saka
Scootergruppa i Todalen IL har denne veka kjøyrt på spor til Tristeinane og viare utover til skihytta og nedatt om Haukålia. Dei melder også om fine forhold på Tjønnmyra for den som ikkje har planer om ein langtur. Vegen går ennå midt i trasseen, men det er fullt muleg å benytte anlegget for det.
Les heile saka
Filmen «Den 12. mann» har vore så populær at kulturhuset no sett opp enda fleire framsyningar. Filmen blir difor vist torsdag 11. januar (kl. 13 og 20.30) og laurdag (kl. 14) i tillegg til dei forestillingane som allereie ligg inne (onsdag kl. 20.30, og som «onsdagstreff» 17. januar).
Les heile saka
Det var på det næraste kaos i Åsbøhaugane i dag tidleg. Det vart stopp for fleire bilar som hadde problem med å komme opp bakkan frå Søyåbrua og opp til Åsbøen, fortel Terje Nordvik som hadde slepa opp eit par bilar i dag tidleg.
Les heile saka
Rute 46 som har vore innstilt sia kl 8.47 i dag på grunn av dårleg vær, har no normal drift igjen, melder Fjord1 kl 15.51
Nytt år og nye aktiviteter skal gjennomførast i ulike lag og organinsasjonar. Redaksjonen oppfordrer derfor nok ein gong alle medlemmane av todalen.no til å sende inn sine arrangement til vår aktivitetskalender.
Les heile saka
Søndag morgon og føremiddag melder Meteorologisk Institutt om ekstremvêr for området mellom Stadt og Rørvik. Da vil det bli sterk vind som først vil ramme utsette stader på kysten, men som etter kvart vil dreie vestlig og nordvestlig og dermed kome inn over land. Utpå dagen vil vinden være avtakande.
Les heile saka
Todalen Idrettslag har registrert etterspørsel etter trimaktivitetar og balleik. Tysdag den 9. januar startar laget med balleik i gymsalen i skulen. For dei aller minste og opp til 3. klasse kl. 17.30-19.00, 4. klasse og oppover startar kl. 19.00, og om det er interesse blir det gubbe-/kjerringtrim frå kl. 20.00 og utover.
Les heile saka