Første helga på mars står Todalen I.L. som arrangør av norgescup i randonée i Dalalia på Kårvatn. Heilt sidan 2010 har Todalen I.L. stått som arrangør av både uoffisielle og offisielle norgesmeisterskap og norgescup-renn, og står faktisk på terskelen til å få internasjonale arrangement, fortel rennleiar Nils Ove Bruset.
Les heile saka
Etter langt eit opphald med julehelg og «mørketid» er det på nytt tid for Kløverturar i regi av Sanitetsforeninga i Todalen. Måndag 19. februar gjekk tur nummer to i 2018 av stabelen.
Les heile saka
Da vi stakk innom Nordvik forsamlingshus i dag var det just ingen vinterferie. 5 kursdeltakarar og ein instruktør var samla rundt bordet, der dei mekka på kvar si motorsag. Dei 5 – var 4 menn og 1 dame, som jobba med skrujarn og skruvnøkkel for å lære det mest elementære med stell av motorsag. Viktig å halde utstyret i orden når ein skal drive med skogsarbeid, og all best er det å gjæra det sjølv, sa instruktør Ingebrigt Landsem.
Les heile saka
Måndag 19. februar er det ny Kløvertur. Da går turen frå Ungdomshuset og etter skogsvegen oppover Øyalia.
Les heile saka
Om Markus og Tor Asbjørn er inspirert av skogsdrifta i Halsetlia eller om dei har henta inspirasjonen frå anna hold, det veit ikkje vi. Men ambisjonane var i allfall på plass, og dei ga klart uttrykk for at det gikk mot ein travel vinterferie. Dei to driv si eiga skogsbedrift og stakk innom redaksjonen for å levere første bestilling. I staden for ein stor lasteberar, bruka dei eit gammelt akebrett som sikkert er mykje billigare i drift.
Les heile saka
Søndag 18.febr.kl.18.00 ,blir det konsert med Nordmøre Spelmannslag og Damekoret Credo i Ranes kyrkje. Musikken som vi får høyre ber i seg mykje «levd liv» alt frå lengsel og håp , glede og sorg .Det er slitesterke melodiar i dur og moll som har levd gjennom generasjonar.
Les heile saka
Ola Bolme går i vinter på Kristiansund videregående skule, der han er under opplæring som bilmekanikar Vg2. Ola har nok hamna på rette hylla når han satsa på yrkesfag med køyretøy, for denne veka gikk han heilt til topps og vart fylkesmeister i faget. I midten av april set Ola og læraren Einar Engvik kursen til Hamar for å delta i landsfinalen der.
Les heile saka
Fleire fekk seg kanskje ei overrasking på tur it av bygda i dag etter at dei passerte Elskarberget. Der hadde nemleg ein større istapp lausna og ramla ned i vegbanen. Mesta var ute for eit par veker sidan og slo ned is både utover stranda og andre stader i kommunen, men enno kan det vere […]
Les heile saka
Det blir årsmøte i Surnadal Heimbygdlag måndag 19. februar kl. 19.00. Møtestad er Kallastuå på Vårsøg Hotell.
Les heile saka
Torsdag ettermiddag vart nyvegen i Falla offisielt teken i bruk. Vegbanen er no sprengt inn i berghammaren og ligg trygt og godt på fast grunn, og øverste del av vegen er sprengt ned til korrekt nivå. Torsdag vart vegbanen grusa opp, og det er lagt opp midlertidig stabbsteinar. Dermed er det trygt å trafikkere nyvegen for alle og vegen er opna for alminneleg trafikk, fortel oppsynsmann Gunnar Bøe i Surnadal kommune
Les heile saka
Indre Nordmøre Forsvarsforening kallar inn til årsmøte på Hammerstuene, Surnadalsøra, førstkommende torsdag 15. februar kl. 13.00. På agendaen står vanlege årsmøtesaker
Les heile saka
Stangvik Historielag inviterer sine medlemmar til årsmøte på Stangvik oppvekstsenter måndag 26. februar 2018 kl. 1845. Her blir det vanlege årsmøtesaker som saklista viser, samt kaffepause og kåseri med Bernt G. Bøe etterpå.
Les heile saka