Steinar Melby har vist til fulle at han er dyktig både med filming og droneflyging. I sommar har han vore i Todalen fleire gongen for å gjøre videoopptak frå lufta. Melby har fått med seg litt av kvart og har laga ein flott demo med innslag fra dei fleste ting som er sjåverdig i Todalen. Videoen startar naturleg nok ved Nauståfossen og Kårvatn, og arbeider seg nedover bygda heilt til rododendronblomstringa i Svinvika.
Les heile saka
I Friluftslivets uke 1. – 9. september 2018 feirer vi norsk natur og friluftsliv gjennom en hel uke – og inviterer hele Norge til å bli med ut på tur! Lokalt er det Norsk vandrefestival som står som arrangør, og det hele blir sparka i gang med #nattinaturen med familiefisking i Helgetunmarka i Rindal. Hakk i hel kommer naturyoga på Hennafjellet i Halsa søndag 2. september og ikkje minst Kulturhistorisk tur til Storsetra i Stangvik torsdag den 6. september.
Les heile saka
Sjølv om det var nysnø i fjella, litt grått og surt, så ville kløverturgjengen oppå Tjønnmyra på tur. «Vi er godt kledde,» sa dei vaksne, men spreke og tøffe damene på 80 og 90 år +! Og det vart både trimtur, kaffelag og til slutt allsong av Todalssongen – ein retteleg triveleg føremiddag.
Les heile saka
Det siste døgnet har det vore mykje forviklingar med stengte vegar og tunnellar i Todalen. I går starta Nettbuss med å legge om kjøreruta i samband med at dei har fått info om at vegen i Brusetmelan er stengt på grunn av vegarbeid. Seinare er det frå samferdselsavdelinga i MR-fylke kome informasjon om at bussane går som normalt, og at bussar i rute og utrykningskjøretøy kan passere gjennom heile anleggsperioden. Skuleelevar skal stå og vente på bussen der dei brukar å stå.
Tysdag var og Svinviktunellen steng ein periode. Nok ein gong stenges tunellen uten at det gis beskjed om stenging, og kor lenge den blir stengt. Det skaper ofte problem for trafikkantar som skal nå ferja på Kvanne, eller kanskje arbeid i Surnadal.
Les heile saka
Nytt semester for Karen Johanne Talgø og biblioteket i Todalen. Biblioteket hadde sin første opningsdag måndag 20. august, og er ope kvar måndag utover hausten i tidsrommet 18.00 – 20.00. Unntaket er haustferieveka, for da tek biblioteket ferie også. Karen Johanne fortel at det er bra utlån i Todalen bibliotek – spesielt er borna flinke til å låne med seg bøker heim.
Les heile saka
Laurdag er det familiedag og rokonkurranse i Svinvika. Det blir det reelle startskotet for vår bedrift og for Svinvik Gard, så det er klart vi er spent, seier Tore Svinvik som er sterkt involvert i firmaet han og kona Kristina har starta – Kristina Svinvik AS. Men laurdag har dei menyen klar – da blir det heimlaga fiskesuppe og vi håpar at det kjem mykje folk, og det har vi budd oss på, seier Tore.
Les heile saka
Aksjon Thorsen – sponsorturen frå Innerdalen til Todalen var ein suksess i fjor. I år gjentek KBK suksessen med Aksjon Thorsen, men turen går i år frå Storlidalen via Gammelseterdalen til Kårvatn og Todalen. – Gudmund Kårvatn blir med på turen som guide og kjentmann på turen gjennom Gammelseterdalen, via Nauståfossen og Kårvatn Fjellustyr.
Les heile saka
Grendene har sjel. Entusiastane på Årnes skapte igjen ein opplevingsrik laurdag – med setertur og kultursamling i den gamle skulestua.
Primus motor Svein Årnes i lag med vertinnene Karen Waag, Inger Haugen og Elsa Telstad Bøe pluss ei som vanleg gnistrande opplagt Gunn Signe Aarnes Nisja kunne glede seg over stappfullt grendahus og mange turgåarar.
Les heile saka
Surt, kaldt og vått vêrbruk la ingen dempar på hverken innsats eller humør hos dei tre fotballaga som møttes til dyst i Nordmøre Championship på Bordholmen i kveld. Likevel vart ikkje temperaturen på spelarane så høg at det måtte roast ned, eller at nokon vart skadde.
Les heile saka
Det er haust i lufta, og det er godt å samlast innomhus igjen. Todalen sanitetsforening inviterte siste laurdagen i august til strikkekaffe i Sanitetshuset. Her var det godt oppmøte, og 16 – 17 damer hygga seg med handabeid, god prat, kjempegode kaffebrød og kaffe.
Les heile saka
God og vel 500 små og ivrige fotballspelarar fordelt på 13 klubbar i alderen 6-12 møttes til nok ein vellykka Søyacup i dag. Og med 18 års erfaring i cuparrangement kan Leif Magne Andersen som er leiar i fotballgruppa konstatere at alt gjekk etter skjema, nok ein gong.
Les heile saka
Damekoret Credo startar no på nytt semester og vil gjerne ha fleire med. Koret øver kvar tysdag på kyrkjelydshuset på Skei frå kl.19.00 -20.30. Kantor i Surnadal, Oddveig Helset Halle er dirigent og leiar for koret og ynskjer nye medlemmar velkomne i koret.
Les heile saka