Når ein legg turen til Kårvatn, er det på det næraste obligatorisk å vandre inn til vakre Nauståfossen. Men etter ei veke med store nedbørsmengder, og det er vått, dikete og sleipt i terrenget, vart det i dag alternativ turrute etter nye vegar i Dalalia.
Les heile saka
Trollheimen Sykkelklubb arrangerte det årlege klubbrittet som går til Kårvatn, med start frå Forsamlingshuset på Nordvik. Det er temmeleg knappe 19 km etter bergningane til 1881.no. Øyvind Berthelsen-Tangvik var kjappast på pedalane med tida 35:45, medan Gaute Moen kom i mål eit lite sekundnd etter.
Les heile saka
I dag var det første skuledag for dei samanslåtte skulane Todalen og Stangvik, som frå i dag av er lokalisert på Evenshaugen. I tillegg var det første dag med samlokalisering av Todalen og Evenshaugen barnehagar. Frå i dag av består Todalen og Stangvik oppvekstsenter av ein barnehage med 32 ungar og ein skule, for 1. – 7. årstrinn, med tilsaman 78 elevar. Samstundes var dette første skuledag for 7 spente elevar, som starta skulegangen på 1. årstrinn.
Les heile saka
Den tidlegare annonserte kyrkjegardsdugnaden tysdag 24.august klokka 17:00, blir flytta til torsdag 26.august klokka 17:00. Grunnen til dette er dårlege vêrmeldingar tysdag med mykje nedbør. Som tidlegare annonsert så er det denne gongen dugnad for å slå graset på kyrkjegarden og fli den opp til konfirmasjonsgudstenesta laurdag og til hausten som står på programmet. Ta difor med kantkløppar eller anna høveleg reiskap.
Les heile saka
Laurdag og søndag arrangerte Surnadal Golfklubb klubbmesterskap på Surnadal golfpark på Mo. Her gjekk Tove Hilstad Garte og Stian Kooyman til topps i kvar sin klasse. Det var totalt 28 deltakarar på helgas klubbmesterskap, som gjekk over 2 x 18 hol. Kooylman sette ny banerekord med 142 slag totalt på båe dagane. Garte spela heim sitt femtande klubbmesterskap.
Les heile saka
Onsdag 25.august klokka 18:00, arrangerer Trimgruppa i Todalen Idrettslag sykkeltrim. Oppmøte og start frå Bordholmen stadion. Ruta for sykkeltrimmen blir bestemt ved oppmøtet på Bordholmen. Det blir open kiosk. Trimgruppa ønskjer alle velkomne på Sykkeltrim!
Les heile saka
Surnadal pensjonistlags stavganggruppe inviterer torsdag 26. august til stavgangtur til Hjllnessetra i Todalen. Oppmøte og parkering ved garden på Hjellnes til valeg tid kl 11:00. Alle er velkomne til å bli med på tur!
Laurdagens arrangement – Kårvatn SkyRun 2021 er forlengst historie og har fått mykje omtale både i media og ikkje minst i sosiale media. Vi har fleire bilder, og vi har fått tilsendt bilder frå arrangementet som vi gjerne vil publisere her på Todalen.no. Vi ha difor laga ei sak med slike bilder, som du kan «klikke deg inn på» og sjå dersom du har lyst.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 23. august på Kårvatn. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile saka
Laurdag 28.august klokka 13:00 er det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Todalen sokneråd opplyser at det er begrensa med plassar i kyrkja denne dagen, slik at dei som ønskjer å vere med på konfirmasjonsgudstenesta, må melde seg på. Påmelding skjer til Frode Grønmyr på telefon 480 68 543. Påmeldinga gjeld ikkje for dei som er invitert av konfirmantane, dei er allereie registrert,
Les heile saka
Under laurdagens konkurranse på 29 km på Kårvatn Sky Run 2021 var det ingen som klarte å hamle opp med Erik Kårvatn. morten Antonsen låg lenge først, med Erik på andreplass. Det var på tur ned frå Slanglifjellet til Tovatna at Erik ga gass og etter det var han uslåeleg på turen inn til mål. Erik kom i mål på 3:31:21. På andreplass kom Morten Antonsen 1:24 etter og på tredjeplass kom Fredrik Bruseth på 3:33:38.
Les heile saka
Da er alle 76 deltakarane ute i sporet. Kl 11:00 startet SkyRun 29 kms løpet, der dei siste 43 deltakarane la ut på runden om Storfjellet, via Grinaren, Slanglifjellet og til Tovatna. Derfrå går turen utover Gammelseterdalen og til målgang på Kårvatn.
Les heile saka