Surnadal Taxi, og dei andre taxieigarane, som er tilslutta Nordvest Taxi, har frå 1. juni i år mista all køyring for Pasientreiser i Helse Midt-Norge. Denne køyringa utgjer i dag omlag 75 – 80% av verksemda til Surnadal Taxi. Dette gjer at det er særs utfordrande å halde på, og å få tak i nok sjåførar. Dette gjer at Surnadal Taxi ser seg nøydt til å redusere opningstidene sine.
Les heile saka
Torsdag kveld var det årsmøte i Todalen Grendalag. Etter årsmøtet heiter Grandalaget no altså Todalen bøgdalag. Det var ikkje akkurat fullt hus og stromande jubel, men dei frammøtte fekk eit innblikk i kva Grendalaget hadde dreve med det siste året. Rekneskapen for 2021 viste eit overskott på i overkant av 10.000 kroner, og laget hadde ved årsskiftet aktiva for knappe 60.000 kroner.
Les heile saka
Butikken til Kårvatn Fjellutstyr har ope komande laurdag 9:00 – 16:00 og i den stille veka, måndag 11.4 til onsdag 13.4 er butikken open 10:00 – 16:00
Les heile saka
Neste veke er det påskeferie, og på Surnadal kulturhus inneber dette nokre endringar i opningstida. Frå måndag 11. april til og med måndag 18. april er opningstida redusert både på kulturhuset og biblioteket.
Les heile saka
Tysdag ettermiddag gjennomførte sokneråda i Surnadal kommune, med hjelp frå årets konfirmantar, fasteaksjonen 2022 – «En dråpe vann». Gjevargleda var stor ved årets fasteaksjon i Surnadal kommune, og det vart samla inn i overkant av 119.000 i kommunen vår, noko som er eit særs godt resultat for sokna våre. Kyrkja nyttar difor høvet til å takke alle konfirmanter, foreldre og frivillige som deltok under årets innsamlinga den 05. april.
Les heile saka
Årsmøtet i Todalen.no var gjort unna i rekordfart – årsmøtesakene gikk kjapt unna med styreleiar Stig Husby som møteleiar på årsmøtet. Både årsmelding, rekneskap og revisjonsrapport vart godkjent uten kommentarer viste at selskapet har orden på både økonomi og drift.
Les heile saka
Todalen Idrettslag rettar ein stor takk for minnegåva idrettslaget fekk i samband med Nils Helge Ness si gravferd i Røbekk kirke fredag 1. april. Deler av minnegåva er øyremerka diskgolfbanen på Bordholmen stadion og vil bli brukt der.
Les heile saka
Tysdag kveld var årets- og fjorårets konfirmantar ute med bøssene som deltakarar i ein landsomfattande fasteaksjon i regi av Kirkens Nødhjelp. Gjengen som var rundt i heimane på innsamlingsrunde rapporterer om stor givarglede, seier leiar i Todalen sokneråd, Kristian Gjeldnes
Les heile saka
Todalen.no minner om årsmøtet sitt i Todalen ungdomshus onsdag 6. april klokka 20:00. Vanlege årsmøtesaker, som årsmelding, rekneskap og val står på saklista til årsmøtet. Det blir servert kaffe og kveldsmat.
Les heile saka
Det dufta godt av nykverna og nybrygga kaffe i kaffekroken i dag. Firma Nybrå Agentur var her og leverte ny og moderne kaffemaskin som erstatta den gamle i kaffekroken. Den nye kaffemaskina nyttar heile kaffebønner og bryggar kopp for kopp på «bestilling» – og det skjer på Friele kaffe.
Les heile saka
Surnadal kommune lyser ut sommarjobbar for ungdom i Helse- og omsorgstenesta. Ungdommar registrert busett i Surnadal kommune kan søkje på ordninga. Surnadal kommune ønsker å gje ungdommane innsikt i arbeidet i pleie- og omsorgstenestene i kommunen, og tilbodet er å sjå på som ein introduksjon til arbeidslivet.
Les heile saka
Styret og driftsstyret anlegg i Todalen Idrettslag sin planlagte dugnad i Toåa tursti, onsdag 6. april klokka 17:00, er utsett på ubestemt tid. Dette på grunn av snøfallet som har vore dei siste dagane og vêrutsiktene dei komande dagane. Ny dato og tid for dugnad vil bli kunngjort når dette er bestemt.
Les heile saka