Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sesongopna med «topp» tur til Kvalnesvika i går. – Sjølv om det ikkje var topptur, vart det likevel mange høgdemeter om vi legg saman alle motbakkane att og fram, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa.
Les heile saka
Tysdag kveld var det dugnad og klargjering for laksefisket i Toåa. Laksefisket startar først 15. juni, dugnadsgjengen jobba med å få alle skilta på plass ved elva, og på strekninga Meet til Nedre Oddøyhølen er skilting og rydding prega av «Gyda» som laga 10-årsflaum i To
Les heile saka
I ei pressemelding vi har fått frå Amfi Kreativ, blir vi informert om at dei no er klare med ei ny utgåve av Surnadals-magasinet. No er det vårutgåva av magasinet som står for tur, og magasinet er fylt med både aktivitetskalender for sommeren og lokale badeperler i Surnadal kommune.
Les heile saka
Helse- og omsorgstenesta, Kultur og Frivilligsentralen i Surnadal kommune, har i 2021/22 hatt eit samarbeidsprosjekt. Samarbeidsprosjektet har dei kalla: Ledsagerteneste «Treng du fælje?». Dette er ei følgeteneste, basert på frivillige, som kan bli med innbyggarar, som ønsker det, til legetime og sykehus. Arbeidsgruppa inviterer difor til informasjonsmøte torsdag 12. mai klokka 18:00 i lokala til Frivilligsentralen i Møbel-Fiske bygget på Skei, for å informere om den nye tenesta.
Les heile saka
I går kveld spela Søya/Todalen sitt G10 lag sesongens første seriekamp denne sesong. Motstandar var Dahle frå Kristiansund, og kampen vart spela i Kristiansund. Heimelaget kom best i gang i kampen, men bortelaget kom meir med utover i kampen.
Les heile saka
Torsdag 12. mai klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur til Haltbakken. Oppmøte og parkering ved Rabbleet (Sollia) på Nordvik. Det blir kaffepause i gapahuken på tur frå Haltbakken.
Les heile saka
I løpet av helga har det pågått demonteringsarbeid av lyspålane i Todalen Idrettslag si gamle og nedlagte lysløype på Ørsal i Ørsalbukta. Det var Bjørn Kvendset, med gravemaskin med klip, som tok ned alle pålane. Ola H. Ansnes demonterte alle lysarmaturane og kablane, slik at armaturen og kablane, no i kveld, kunne samlast inn for levering på godkjent søppeldeponi.
Les heile saka
I løpet av helga har det vorte laga nye benkar, som er designa i tråd med profilen til «Innfallsporten til Trollheimen», sitt designprogram. Det er Ståle Ansnes og Ragnar Halle som har stått ansvarlege for arbeidet. Søndag var det klart for å køyre ut og plassere benkane på dei stadane som skal ha slike.
Les heile saka
Her kjem nokre blinkskudd fra april, kva bilete likte du best?
Les heile saka
Komande måndag kl 11 er det klart for ny «Kløvertur» i Todalen Sanitetsforenings regi. Som vanleg er det oppmøte ved Matkroken Todalen dersom du vil delta. Og delta det kan alle som har lyst, enten du er medlem eller ikkje! Turmålet blir bestemt ved frammøte etter vurdering av vêr og føre, og deltakar tal. Kom […]
Les heile saka
Torsdag 12. mai klokka 18:00 blir det ryddedugnad for å rydde vegkantane langs Fylkesvegane rundt bygda og langs dei kommunale vegane: Pilskarvegen og Markavegen. Dette for å gjere det fint langs vegane til 17. mai-feiringa. Oppmøte på Bordholmen stadion klokka 18:00. Her blir det delt opp i plukkelag som får tildelt strekning for rydding. Det trengs bilar/ATV-ar med hengarar, så om nokon kan stille med det, hadde det vore fint!
Les heile saka
Kvartett frå Operaens Sinfonietta inviterer til jazz-konsert i foajeen på Surnadal kulturhus fredag 13. mai klokka 13:00. Og da talar vi sjølvsagt om musikarar frå Operaen i Kristiansund, og dei fire vil framføre Claude Bollings «Suite for fløyte og jazztrio».
Les heile saka