Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Arbeid i forbindelse med elektrifisering av sambandet blir fra og med i morgen 26. mai midlertidig avsluttet. Dvs. at fra natt til 27. mai så vil sambandet ikke lengre bli nattestengt. Minner i den sammenheng om at det er søndagsrute den 26. mai. Det vil bli varslet når arbeidet med elektrifiseringen starter opp igjen, skriv Fjord1 i ei pressemelding.
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin vekentlege tur til Storhaugen i Todalen. 23 turglade vandrarar møtte opp på Todalshytta for å legge i veg opp mot Storhaugen, med kjentmann Gudmund i front! Fin veg og sti, men det bar oppover, men opp dei 300 høgdemetrane skulle dei, alle som ein!
Les heile saka
Tysdag inviterte omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening alle godt vaksne sambygdingar til lunch, og jammen samla dei eit stort trettital rundt lunchbordet i Sanitetshuset. Dette er ei påskjønning og tildeling av velferdsmidlar frå NKS sentralt, og er tenkt for at eldre skal kome seg ut og være sosiale. Eller rett og slett for å sjå andre ansikt enn ein ser til dagleg, som Maren sa da ho ønska gjestane velkomne til bords til eit hyggeleg måltid
Les heile saka
No når varmen kjem er det ei travel tid for Arild Mogstad på Eiksentret i Surnadal. Da er det både sal og montering av nye kløpparar, og utplassering av kløpparar som har vore inne på «plenklipparhotel» i vinter for lagring og vedlikehald
Les heile saka
Onsdag 25. mai klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgang i Svinvikrunden. Etterpå blir det kaffe i Svinviks arboret, der blomstringa no er godt i gang.
Les heile saka
Surnadal JFF arrangerer aversjonskurs torsdag 9.juni og repetisjon 16.juni kl. 18.00 begge kveldane på Langhaugen hjå Bjarte Morten Røen. Tilbudet om aversjonsdressur er ope også for hundar som ikkje er definerte som jakthundar. Erfaringar dei seinare år viser at det svært ofte er hundar av desse rasene som er involverte i hendingar der sauer blir skada, jaga eller drepne. Alle hundar har jaktinnstinkt
Les heile saka
Onsdag 25. mai er det møte i Hovudutval for miljø, areal og teknikk. Da kjem saka om Øyabrua opp til behandling. Denne saka har versert i komunale kanalar heilt sia desember i 2017, uten at det er avgjort kva som skal skje vidare. Ei ny bru over Toåa ved Øyabrua er kostnadsrekna til 14,75 mill. Dersom vi skal bevara Øyabrua så er det kanskje på tide at vi tek til orde for at det skal skje – og det må vi gjera fort, ettersom dette kan bli avgjort alt på onsdag.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 23. mai. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Les heile saka
Fredag 20. mai var første opningsdag for Svinviks Arboret i – alt første opningshelga er det venta eit bra innrykk med folk som vi ha med seg rododendronblomstringa i arboretet. Blomstringa er alt i gang, men det kalde vårvêret som har vore har gjort at blomstringa langt i frå har nådd toppen enno. Men kjem varmen for fullt no, så vil det nok sette fortgang på blomstringa, seier Katarina Wedelsbäck Bladh, som er fagleg ansvarleg i Svinviks Arboret
Les heile saka
Tysdag 24. mai kl 13 er du invitert til lunch, dersom du er godt vaksen, og har lyst! Det er Todalen sanitetsforenings beredskapsgruppe som inviterer, og dei byr på gratis og god mat skriv Saniteten i si innbyding. Det er inga påmelding til lunchen som foregår i Sanitetshuset på Kvennset
Les heile saka
Laurdag 28. mai klokka 12:00 inviterer Vårsøghelga til landering av det nye opplaget av diktsamlinga «Å vera her». Dette skjer på biblioteket på kulturhuset i samband med Vårsøghelga. Randi Skrøvset Hatle og Sverre Hatle gav ut denne diktsamlinga i 2011. Diktsamlinga har vore utselt ei god stund, så difor har Surnadal Heimbygdlag no fått trykt opp eit nytt opplag av diktsamlinga
Les heile saka
Det pågår akkurat no vasking av tunnelveggane i Svinviktunnelen. Dette medfører manuell dirigering, noko som kan innebere at ein må vente litt før ein får sleppe igjennom tunnelen. Det er difor greit å rekne med litt ekstra tid i dag, dersom ein skal ut av bygda i dag og har ein timeavtale eller skal nå ei ferge.
Les heile saka