Laksefisket i Toåa startar nemleg ved midnatt, og det er det nok mange som har gledd seg til. På Todalshytta markerer vi dette med konsert av Linda og Frank «Spoon» Botten – i tillegg til at vi byr på god mat og drikke, fortel Arve Evensen på Todalshytta
Les heile saka
Fredag 17. juni, mellom kl. 12:00 – 17:00, er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Her er det mogleg å få kjøpt både fleire sortar med grovbakst, og ikkje minst ein godbit for å kose seg med i helga.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Toåa tursti måndag 13. juni. Start frå Matkroken kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Styret i Todalen Idrettslag informerer om at betalingsfristen for medlemskontingenten for 2022 nærmar seg. Dei fleste skal ha fått faktura for medlemskontingenten på e-post, så har du ikkje motteke slik e-post med faktura for 2022 enno, ber idrettslaget om at du tek kontakt.
Les heile saka
Søndag 12. juni, altså i morgin, er det SUPERSØNDAG på Søyabanen, med heile tre seriekampar i aldersbestemt fotball. Den første kampen tek til klokka 11:45, når Søya/Todalen J11 møter Smøla.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer ALLE i Todalen til sommaravslutning i Sanitetshuset, tysdag 14. juni klokka 18:30. Todalen sanitetsforening spanderer grillmat med godt tilbehør på alle som tek turen. Så har du lyst på grillmat og sosialt samvær, så er Sanitetshuset rette plassen denne kvelden!
Les heile saka
Todalen sokneråd fortel at det skal vere grasslått på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje i morgon, og at dei i samband med dette treng nokon til å vere med å rake opp graset. Rakinga tek til klokka 11:00, så har du lyst til å bidra litt og er heime, oppfordrar vi til å bli med på rakardugnaden!
Les heile saka
No er det klart for månadens bilete kåring
Les heile saka
Det er ikkje kvar dag Trygve Talgø stiller ut sine måleri, for dei er nemleg spreidd over heile Midt-Noreg og dermed blir det ein stor jobb å samle inn produksjon. Men da Hege Røe spurte om han ikkje kunne kome på sjukeheimen g vise fram sine måleri så sa han ja. Han ville bidra til å gje bebuarane, mellom anna kona Jorund, eit lite avbrekk i kvardagen
Les heile saka
Bankmila, som er et samarbeidsprosjekt mellom Surnadal I.L. og Sparebank1 Nordmøre blir i år arrangert lørdag 25. juni, som en del Laksedagen forteller Liv Dalsegg frå Sparebank1 Nordmøre. En del av laksedagene er også Torgdagen som arrangeres denne lørdagen. Rent praktisk er opplegget slik som vi har skissert nedenfor
Les heile saka
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer tysdag 14. juni til tur til Kristiansvarden. For ukjente, så ligg Kristiansvarden opp mot toppen av Skarfjellet i Søyådalen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30.
Les heile saka
Takstmann Øyås AS har dei siste åra hatt ein stor vekst, og har i dag blitt eit av dei største takstforetaka i Midt-Norge. 1. mars vart Jan-Frode Vigdal frå Trondheimsområdet tilsett, og i desse dagar inngår Takstmann Øyås AS formelt samarbeid med Pål Rune Meek i Kristiansund og Ole Romslo Traasdahl frå Lesja.
Les heile saka