Fjord 1 melder at det blir redusert kapasitet på ferjeavgangen frå Rykkjem til Kvanne klokka 11.45 måndag føremiddag. Dette på grunn av transport av farleg last. På denne avgangen er det kun tillatt opp til 12 passasjerar.

Fjord 1 melder at det blir redusert kapasitet på ferjeavgangen frå Rykkjem til Kvanne klokka 11.45 måndag føremiddag. Dette på grunn av transport av farleg last. På denne avgangen er det kun tillatt opp til 12 passasjerar.
Surnadal kommune fornyar avtale om støtte til nærbutikkane i kommunen. Det er Coop-butikken i Bøfjorden, Matkroken Bæverfjord og Matkroken Todalen som blir omfatta av denne avtalen. Avtalen går ut på å plassere ut ein infoskjerm i butikkane, der kommunen formidlar nytt frå kommunen og frå lokale media.
Les heile sakaTykkjer du at det var for lite sol i sommar? Da har du no sjansen til å kjøpe deg eit solarium, for å bøte litt på dette! Todalen Idrettslag skal nemleg selge solariumet som har stått på Hett & Svett. Solariumet er av typen Sunvision, og ligg ute på finn.no til kroner 4.800,-.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 3. oktober. Start frå Matkroken kl. 11:00. Du er velkomen til å bli med ut på tur!
Les heile sakaLaurdag dufta det godt av fårikål innover alle gangar på Todalshytta. Ei kjempestor fårikålgryte sørga for at alle som møtte opp på fårikåldag vart skikkeleg metta opp med fårekjøtt og kål i skjønn forening. Sjølv om sesongen er over og Todalshytta ikkje lenger er open for «drop in» til restauranten, så er det stor aktivitet i den 120 år gamle tømmerbygninga. Utenom sesongen går det no mykje på arrangement – bursdagar, bryllup og intern aktivitet på Talgø, – og når det er ledig kapasitet som blir det temadagar. Da blir lokalbefolkninga invitert slik som laurdag når det var fårikåldag. Komande tysdag er det balldag – med både potetball med tilbehør og sildball på menyen.
Les heile sakaDet er spørsmålet Britt May Hollås, fylkesleder NKS Møre og Romsdal, og Malin Stensønes, generalsekretær i Norske Kvinners Sanitetsforening stiller i eit presseskriv vi har fått no i dag. Bakgrunnen for presseskrivet er «Sanitetens uke 2022» og å løfte fram frivilligheita sin viktige rolle i samfunnsberedskapen, i forkant av framlegginga av årets statsbudsjett.
Les heile sakaTo filmar frå 2. verdskrig dominerer kinolerretet i neste veke på Surnadal kino. Norske «Krigsseileren» har allereie vore vist nokre gongar, men det sig inn jamt med folk som vil sjå landets mest påkosta film. Filmen vil difor bli vist både på dagtid tysdag og torsdag, i tillegg til på kveld.
Les heile sakaTodalen Idrettslag sin trimapp «På tur i Todalen», som vart intordusert 1. oktober 2021, har vore ein stor suksess. 175 registrerte brukarar har registrert godt over 13500 registreringar «trimåret 2021/22» som blir avslutta ved midnatt no i dag. Med bakgrunn i dette har Todalen Idrettslag bestemt seg for å vidareføre trimpoengappen også for perioden 1. oktober 2022 – 30. september 2023.
Les heile sakaOrdførar i Surnadal kommune, Margrethe Svinvik, offentleggjorde i dag, på sin eigen Facebookprofil, at ho ikkje stiller som ordførarkandidat for Surnadal Senterparti til kommunevalet neste haust.
Les heile saka35 pensjonister og 12 elever fra Surnadal videregående skole la ut på tur til Bøkeskogen i dag. Været viste seg fra sin beste side med lettskyet oppholdsvær, og etter hvert dukket en disig sol opp. Bøkeskogen har etter hvert blitt ca. 135 år. En antar at den var plantet rundt 1887. Sannsynligvis var det presten Just Bing Ebbesen som var ansvarlig for plantingen. Han var prest i Stangvik sokn i tidsrommet 1884 – 1891. Det var den siste prestegjerningen han utførte, for han sluttet i 1891, og gjekk over til postverket med stilling som postmester i Tønsberg
Les heile sakaInteressant og nyttig tryggheitstreff i Sanitetshuset onsdag med fokus på trygg kvardag for eldre. Her var det mange gode råd og tips å få!
Les heile sakaOnsdag 5. oktober klokka 19:00 kallar styret i Todalen Idrettslag, som tidlegare annonsert, inn sine medlemmer til medlemsmøte i Todalen ungdomshus. Her ønsker idrettslaget å få medlemmene sine meiningar om kva idrettslaget skal drive med i framtida, og ikkje minst kva medlemmene sjølv kan bidra med for å vere med på den aktive drifta av idrettslaget.
Les heile saka