På Matkroken Todalen er trimgruppa i gang med salet av julekalendrar. Dette prosjektet er nytt av året, og skal gje nokre ekstra slantar i kassa for TILs trimgruppe. Julekalenderen har gjevinstar kvar dag frå 1. desember og fram til og med julaftan, og vinnaren blir kunngjort kvar dag fram til jul på Todalen.no. Kvart lodd på julekalenderen kostar kr 100,- og du kan kjøpe så mange du vil!
Les heile saka
Vårsøghelga 2023 blir arrangert i Surnadal frå 25. til 28. mai Allereie no begynner programmet å fyllast på, og Vårsøghelga er stolte av å kunne presentere Elisabeth Bettan Andreassen og Knut Marius Djupvik som to av artistane under Kleivakvelden 27. mai klokka 18:00.
Les heile saka
Nest siste måndagen i november var det retteleg kald vind frå aust, men kløvertur vart det! Ikkje så mange deltakarar, men godt påkledde og såg mest ut som «polfarar».
Les heile saka
Torsdag 24. november klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile saka
Surnadal demensforening og helselag minner om bokbadet med Kari Løvendahl Mogstad og dotra Selma. Det skjer på kulturhuset torsdag 1. desember kl 19:00, når dei kjem for å presentere boka dei to har skrive om spisevegring. Det er Kari Evensen som «bokbader» dei to.
Les heile saka
I dag, og ei stund framover, vil det bli gjennomført seismiske undersøkingar av sjøbotnen, for alternativet med undersjøisk tunnel Åsbøen til Ålvundfossen, som no har kome opp som eit alternativ til bru frå Svinvika og tunnel Rakaneset til Ålvundfossen. Det er vegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune som har engasjert Sweco for å gjennomføre dei seismiske undersøkingane.
Les heile saka
Fredag 25. november, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helga.
Les heile saka
Presentasjonen av årsskriftet er det store høgdepunktet for Todalen historielag. Søndag ettermiddag vart årsskriftet for 2022 presentert i ungdomshuset, og det samla eit 60-tal med sambygdingar til bokslepp. At historielaget i bygda har eit par hundre medlemar viser at todalingane tek vel vare på historia og som tok i mot sitt årsskrift med stor interesse.
Les heile saka
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag har bruka dei siste dagane til å få laga skeiseis på Bordholmen stadion. Det har vore minusgrader dagane, noko som har gjort at det har vore mogleg å lage skeiseis.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 21. november. Start frå Matkroken kl. 11:00.
Les heile saka
Søndag 20. november klokka 15:00 inviterer Todalen historielag til «bokslepp» i Todalen ungdomshus. Her vil historielaget sitt rykande ferske årsskrift for 2022, bli presentert. Det blir også utstilling av måleri måla av Olav Halse, yngre bror av Leif Halse, og sjølvsagt kaffe og bakels!
Les heile saka
Neste veke vil Surnadal AP presentere partiet liste til kommunevalet neste år, men alt i dag presenterte partiet forslag til listetoppar. Ved valet i 2023 blir Annett Ranes ordførarkandidat og Helge Røv blir varaordførarkandidat – akkurat som for 4 år sia. Det var Odd Arild Sande, som er leiar i nominasjonskomiteen, som presenterte nominasjonskomiteens ordførarkandidatar for den lokale pressa i dag. Han fortalte at dei starta jobben alt i mai og har lagt ned mykje arbeid for å finne kandidatar til partiets liste ved kommunevalet i 2023.
Les heile saka