Surnadal kommune har no lagt ut eigedomsskattelistene og fritakslistene til offentleg ettersyn. Klagefristen for eventuell klage på utskriven eigedomsskatt er seks veker etter at listenene er lagt ut, og er i år sett til 12. april. Det er høve til å klage, men berre på forhold som tidlegare ikkje er påklaga.
Les heile saka
VM: Sterk plassering på vertikalen for Erik
I dagens vertikal i VM i randonee i Boí Taüll gjorde Erik Kårvatn eit nytt sterkt løp, og hamna på 9.-plass – 1:18.8 etter bestetida for U20 men. Vertikal er «førstemann til toppen», og er ei øving som Erik likar godt. I den bitande kulda i den spanske fjellheimen var det berre å gi gass oppover mot toppen. Først i mål var Oriol Olm Rouppert frå Andorra, med sveitseren Loic Dubois på andreplass og Julian Tritscer frå Østerrike.
Les heile saka
«Henning-stipendet»
I ei pressemelding no på tidleg føremiddag, frå Surnaal kommune, får vi informasjon om «Henning-stipendet». Eit stipend som skal gå til unge kunstnarar i alderen 13 – 20 år. Søknadsfristen er sett til 15. mars.
Les heile saka
Kallar inn til årsmøte
Styret i Todalen.no kallar inn til årsmøte onsdag 29. mars klokka 19:30 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker og utdeling av «Årets bilete». Det blir servert kveldsmat.
Les heile saka
Kvinnedagen blir markert på Frivilligsentralen også i år
I år, som i fjor, inviterer Surnadal Arbeiderpartiet, Surnadal SV og Folkeakademiet i Surnadal til markering av den internasjonale kvinnedagen. Markeringa skjer i Frivilligsentralen sitt lokale på skei onsdag 8. mars klokka 19:00. Det er gratis inngang!
Les heile saka
Tapt og funne – hanskar på Tjønnmyran
Er det du som har mista hanskane dine på parkeringsplassen på Tjønnmyran. Eit par hanskar vart funne der måndag kveld, og du får dei att på Matkroken – ferddig tørka, melder handelsmann Nordvik.

Erik kom til semifinalen i VM – knekte staven
Randonee-VM er alt i gang og alt i 8-tida var Erik Kårvatn på startstreken for å kvalifisere seg for å kome vidare til kvartfinale og semifinale. I kvalifiseringsrunden oppnådde Erik nest beste tid, og gikk dermed glatt vidare til kvartfinalen, der han gikk i heat 4. Han kom på 3.-plass i 4. heat i kvartfinalen og gikk dermed vidare til semifinalen, der han gikk i første av to heat.
Les heile saka
Kallar inn til årsmøte
Styret i Todalen historielag kallar inn til årsmøte tysdag 28. mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker. Det blir servering av kveldsmat.
Les heile sakaBli med på trim i Trudvang
Torsdag 2. mars klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile saka
Erik på Spaniatur – klar for nye tak i Boi Taüll
Erik Kårvatn er på skikkeleg «utror» denne veka, da går nemleg turen til Boí Taüllai Spania, der han skal delta i VM i randonee som blir arrangert i perioden 28. februar til 5. mars. Alt tysdag kl 08.28 står det kvalifisering til sprint på programmet for Erik som går i klasse U20.
Les heile saka
Kløverturar både i styggver og i godver!
Siste måndagen i februar vart det uventa godt ver, og det var nesten litt vårstemning med sol og isfri elv. Da vart det kløvertur i Toåa tursti.
Les heile saka
Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag
Fredag 3. mars, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til helga.
Les heile saka