Vi er klare med ny trekning , og er no komne fram til 15. desember og dermed er det luke 15 som er aktuell. Attafor luke 15 er det 4 gevinstar, og her vil vi presentere vinnarane. Gevinst 1 denne dagen er eit par heimestrikka sokklestar, og den heldige vinnaren er Anja og Olve Børmark i Surnadal.
Les heile saka
Stangvik sokneråd melder at det blir tradisjonell adventsgudsteneste i Forsamlingshuset på Nordvik 17. desember kl. 11:00. Alle er hjarteleg velkomne!
Les heile saka
Surnadal kommune fekk tidlegare i år tildelt inkluderingsmidler for barn og ungdom frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Eitt av desse tilboda er gratis mat på frivilligsentralen, og no blir det altså gratis kino på Surnadal kino, for barn og unge 27. desember.
Les heile saka
Surnadalsmagasinet kjem ut to gonger i året, og no er det vinterutgåva som er på tur til husstandane på Indre Nordmøre, Rindal og Orkland. Her kan du lese og bli betre kjent med Surnadal sitt allsidige og ambisiøse nærlingsliv, og om dei rike molegheitene for godt og aktivt liv på landsbygda.
Les heile saka
Ingri Bruset fanga den magiske stemninga på Toåa tursti ein novemberkveld, og har ifølge todalen.no sine lesarar teke det beste bilete i november av dei innsendte bidraga til dagens bilete. Vi gratulerer!
Les heile saka
Bak luke 14 er det 3 gevinstar som er klare til utdeling. Den første gevinsten er eit strikka/hekla sjal som hamna i Halagrenda, hos Maren Ansnes
Les heile saka
Jula nærmar seg, og det betyr endra opningstid for mange butikkar inn mot julehøgtida, og ikkje minst i romjula. Kårvatn Fjellutstyr er ikkje noko unntak i så måte, og har sendt oss sine opningstider for tida fram mot jul og for romjula.
Les heile saka
Laurdag 16. desember arrangerast sesongens siste julebuffe på Todalshytta. Arve Evensen er godt nøgd med responsen som har vore, og gler seg no på innspurten til av årets sesong. – det begynner no å fyllast på men vi har enno nokre få plassar ledig.
Vi er klare med trekning for 13. desember – denne dagen er det heile 4 gevinstar og dermed 4 nye vinnarar. Den første gevinsten går til Nordvik – Jan Nordvik har vunne eit strikka sjal som ligg klart til henting. Gevinst nr 2 går også til Nordvik – her er det Gunn Tove Svinvik som […]
Les heile saka
På grunn av tømmerdrift i Svinvikhamrane, vil det i ein periode framover ikkje vere mogleg å parkere på lunneplassen ved starten av Svinvikrunden, kan Tore Svinvik fortelje. Tømmerdrifta tek til onsdag 13. desember, og det er da viktig at ingen parkerer på lunneplassen, slik at bilane ikkje blir til hinder for tømmerdrifta.
Les heile saka
I dag er vi halvgått til julaftan med TILs Julekalender. Vi er no komne til luke 12, og attafor den luka var det tre nye gevinstar som får sin nye eigar. Først ute i dag er Ann Helen Aambø frå Surnadal, som vann ein pakke med bøker frå Todalen historielag.
Les heile saka
Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal melder at 15. desember er oppstart for Stikk Ut! vinter. Friluftsrådet legg opp til vinterturar; -både skiturar og fotturar. I Surnadal kommune er det 15 Stikk Ut!-mål denne sesongen.
Les heile saka