Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ola J. Nordvik attvalt som leiar i Nordvik Grendalag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. februar 2024

I kveld var det årsmøte i Nordvik Grendalag i Nordvik forsamlingshus. Her stod vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap, val og innkomne saker på saklista. Grendalaget serverte også kaffe og noko å bite i under årsmøtet sitt. 

Ola J. Nordvik vart attvalt som leiar. Elles fekk han med seg desse i styret:

  • Kristoffer Nordvik, nestleiar
  • Hanne Vaag, sekretær, nyvalt
  • Fay Mossing, kasserar
  • Nina Vikan, styremedlem, nyvalt.   
  • Lina Skjerve Vatten, 1. vara
  • Asbjørn Holten, 2. vara

Rekneskapen for Nordvik Grendalag viser eit underskot på litt over 45.000 for 2023, men ei restutbetaling frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank på nyåret til oppussinga av kjøkkenet i forsamlingshuset, gjer at det reelle underskotet er på 15.000, Underskotet kan i si heilheit tilskrivast oppussinga av kjøkkenet i forsamlingshuset i fjor haust.  

Balansen viser at grendalaget, sjølv med eit underskot i 2023, har ein eigenkapital på i overkant av 120.000 kroner, så grendalaget har ein sunn og solid økonomi.

 

Først publisert: 28. februar 2024, 22:56 - Sist oppdatert: 29. februar 2024, 07:22