Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Onnakafé på Låven

Elinor Bolme Laurdag 16. august 2014

Laurdag melder Ingvild Kårvatn at det er onnakafé på Kårvatn Fjellutstyr. På tross av minimalt med innhausta todalskorn, prisar dei at slåtten går mot slutten og serverer alskens godt til dei som tek turen på Låven denne dagen. Ingvild kan friste med kaffe, bakels og græt, eplekake med epler frå Ålvundforden og egg frå Pestua, lefser fra Viastua og ingefærte med gjeldneshonning.

Les heile saka

Båten på Vassnebbvatnet er på plass igjen

Elinor Bolme Laurdag 16. august 2014

Sist laurdag var det storstilt redningsaksjon på Vassnebbvatnet. Båten der oppe hadde blåse vekk etter ei vindkule i vinter, og har vore sakna sidan. Båten var fram til da alt som var igjen etter at Dagmar tok med seg hytta som sto ved vatnet.

Les heile saka

Kampoppsett for Søyacupen klart

Elinor Bolme Fredag 15. august 2014

Kampoppsettet for neste helgs Søyacup er no klart. Dessverre blir det ingen J12-serie, da det vart berre to påmeldte lag i denne klassen. I staden kjem Tingvoll G12 og Surnadal med enda eitt G 10 lag.
Gjeldende oppsett finn du her, med mulighet for små endringar da nokon av dei aller yngste har for lang kampdag i følge arrangør IL Søya.

Les heile saka


Månadens bilete: En dramatisk dag oppe i fossen

Ole Petter Talgø Fredag 15. august 2014

For juli kan vi gratulere Reidar Østvik som vinnar av månadens bilete med «En dramatisk dag oppe i fossen». Det var nesten 200 stemmer i avstemninga, og tett bak vinnaren kom «Utsikten fra båthuset» av Linde Valcke. Premien vil bli overlevert ved første anledning!

Les heile saka

Storseier for A-laget

Knut Jarle Bergli Fredag 15. august 2014

Guttene på A-laget til Søya/Todalen har brukt sommerpausen til masse god trening. Torsdag fikk Valsøyfjord kjenne på det. Inspirert av sommerens fotball-vm og en ny 3-4-3 formasjon stoppet ikke Søya/Todalen før de hadde skåret 7 mål. Målskårere Amund Talgø, Erling Øie, Ole Martin Øyen, Gjøran Stenberg x 2 og Ola Heggset x 2.

Les heile saka

Fortsatt varierte jobbmuligheiter i Surnadal

Elinor Bolme Fredag 15. august 2014

Det er fortsatt rå for den med rette kvalifikasjonar å få seg jobb i surnadal. Sist vi hadde sak på dette kom vi nesten ut av tellinga på antall utlysningar. Også no, ei stund seinare er det fleire utlysningar. Amfi Kreativ, med hovedkontor på Landbrukshuset på Skei har no ledig stilling som prosjektledar reklamebyrå.

Les heile saka

Nytt trefjøs for ammekyr

Jon Olav Ørsal Fredag 15. august 2014

Denne veka har det vore montering av eit nytt stort trefjøs på Mauset i Surnadal. Det er Sivert Mauset som er byggherre, og Monteringa starta så vidt måndag ettermiddag. Tysdag i kvelding var alle dei 56 elementa heisa på plass og montert på grunnmurane. Det er eit såkalla kaldfjøs, som er bygd for 53 ammekyr med kalv, – i tillegg til påsettkviger, fortel Sivert Mauset som sjølv har planlagt heile prosjektet.

Les heile saka

Nytt ungdomskor i emning

Elinor Bolme Torsdag 14. august 2014

Tordenskjold songlag tek no initiativet for å starte eit ungdomskor på Indre Nordmøre. Koret er beregna for både gutar og jenter i aldersgruppa 16-20 år, men ivrige songarar utanfor desse aldersgrensene kan også ta kontakt, melder Elsa Kvande i Tordenskjold songlag.

Les heile saka

Todalshytta: Opningstider på tampen av sesongen…

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. august 2014

Sommarsesongen er på hell og hausten nærmer seg med stormskritt, og på Todalshytta vil dei no regulere opningstida for resten av sesongen. For resten av august blir det no stengt på kvardagar utenom bestillingar som blir avtala, fortel Eric Malling til Todalen.no. På helg vil hytta være open frå fredag kl 17 og utover. Nå vi når fram til september vil Todalshytta være open for bestillingar i helgane, men vil halde stengt i vekedagene.

Les heile saka

Fjordag i Bøfjorden

Bernt Bøe Torsdag 14. august 2014

Søndag er det ny Fjorddag i Bøfjorden. Og «I fjordabåtens kjølvann» kjem sundbåten Framnæs frå Kristiansund via Halsa til Bøfjorden – der sjøen og museet er arenaer for yrande liv av det ramsalte slaget.

Les heile saka

Etterlyser kantslått på kommunale vegar

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. august 2014

Det er fleire som har etterlyst kantslått på kommunale vegar denne sommaren. Ein slik frodig sommar som vi har hatt i år fører til ekstra mykje vegetasjon rundt vegkantane og det tek etter kvart til å bli trafikkfarleg på enkelte plassar. Det er kanskje bra at det er liten trafikkmengde og folk held låg fart ettersom sikta ikkje er så bra.

Les heile saka