Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Frå Sollia til Bjønnastøtta ved Haugaskarvatnet

Vidar Sogge Fredag 15. august 2014

Torsdag 14. august møttest stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag i Sollia i Settemsdalslettet. Her vart vi møtt av Edna Skrøvset og Kari Sollid Heitmann, som hadde ordna med heile opplegget for turen.

Vi starta marsjen nedover dalen, og ved Kvennhushaugen tok vi av til venstre opp Gammelvegen mot Haugaskarvatnet og Bjønnastøtta, der Kari Sollid Heitmann og John Dønheim fortalde om Skyttar-Tølløv og jakta på Mannebjørnen. På heimturen stakk vi innom hytta til Kari og Jon, før vi avslutta turen med eit kaffelag i Sollia. Mange takk til Kari og Edna, som hadde skaffa oss ein så fin dag!

Det er mange historier som er knytta til «Bjønnastøtta». Historia om «Tølløv» og om «mannbjønn» kan du lese her. Last ned PDF

Bilder frå stavgangturen frå Sollia til Bjønnastøtta.  Alle foto: Vidar Sogge

Publisert: 15. august 2014, 18:38