Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Film  om  Trollheimstunnelen

Film om Trollheimstunnelen

Ole Petter Talgø Sundag 12. september 2010

Trollheimstunnelen.no har lagt ut ein informasjonsfilm om tunnelen. Du kan sjå den nedanfor eller besøkja Trollheimstunnelen.no.

Les heile saka

Uavgjort  på  Bordholmen

Uavgjort på Bordholmen

Ole Petter Talgø Laurdag 11. september 2010

I ettermiddag var det 5. divisjonskamp på Bordholmen mellom KvassUlvungen 2/SøyaTodalen og Halsa/Valsøyfjord. Resultatet blei 1-1 etter høyt press av heimelaget i sluttminutta, men sjansane gav ikkje uttelling.

Les heile saka

Månadens  bilete  for  august

Månadens bilete for august

Ole Petter Talgø Laurdag 11. september 2010

Avstemninga for månadens bilete i august er ferdig, og vinnaren blei Britt Mossing med biletet «Bakelsmåltid». Vi gratulerer, og premie vil bli overbragt snart.

Les heile saka

Halsesamlinga  på  flyttefot

Halsesamlinga på flyttefot

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. september 2010

Onsdag kveld hadde Halsesamlinga årsmøte eller såkalla almannamøte i gammelskulen. Kriteria for å delta på årsmøtet er at du er todaling og formålet med Halsesamlinga er å ta vare på kulturarven etter forfattaren Leif Halse. Forutan vanlege årsmøtesaker var det to viktige saker som almannamøtet skulle ta stilling til. Den eine var flytting av Halsesamlinga fra Gammelskulen til biblioteket i Todalen oppvekstsenter og den andre var styrets forslag om å legge samlinga inn under Todalen historielag.

Les heile saka

Årsbeste  av  G10

Årsbeste av G10

Elinor Bolme Onsdag 8. september 2010

I kveld var det ein spanande fotballkamp på Bordholmen. Vårt eige G10 lag møtte eit av G10 laga på Kvanne.

I eit forykande tempo frå start til slutt vart det scora heile 22 mål på under timen. Og for første gong denne serien, vart seieren til todalingane, med 13-9.

Les heile saka

Eldremiddag  med  ambulansebesøk

Eldremiddag med ambulansebesøk

Ole Petter Talgø Onsdag 8. september 2010

Under dagens eldremiddag, som blir arrangert kvar veke i sanitetshuset, var det besøk frå ambulanse for å visa fram hjartestartaren som er innkjøpt i Todalen. Det var Arnt Ivar Brøndbo og Kari Halle som var på besøk, i tillegg til Ivar Bolme fra Todalen Brannlag.

Les heile saka

Helgatur  på  reinsjakt

Helgatur på reinsjakt

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. september 2010

Ola Bruset og Nils Ove Bruset nytta finvêret sist helg til jakttur til Snøhettaområdet. Nils Ove har tildelt dyr der, og Ola var med som «sherpa» og fotograf. Resultatet av jakta vart heller magert, men dei hadde ei fantastisk fin helg i fjellet. Ola har sendt oss nokre bilde som vi legg ut som fotogalleri nedafor.

Les heile saka

Bli  med  på  spennande  konferanse  om  bygemobilisering!

Bli med på spennande konferanse om bygemobilisering!

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. september 2010

GODT MOT, TODALEN minner om konferanse om bygdemobilisering i Stranda 24. – 25.september 2010. Konferansen er gratis og interesserte kan ta kontakt med GODT MOT, TODALEN v/Ragna Kvendset på tlf 48 000 144, innan 10.september.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for august

Ole Petter Talgø Tysdag 7. september 2010

I løpet av sommaren har det kome inn mye bilete til oss for dagens bilete, og tida er inne for å kåra månadens bilete for august. Vi har fått inn mange gode bilete, og måtte ha med åtte kandidatar denne månaden.

Les heile saka

Kva  skjer  med  gammelskulen?

Kva skjer med gammelskulen?

Jon Olav Ørsal Måndag 6. september 2010

Det er nok mange todalingar som er opptekne av dette spørsmålet. I dag står han der til forfalls, og for kvar dag som går vert han prega av ytterligare forfall. Den minste leilegheita er i dag disponert av Halsesamlinga, som har utstilling og boklager der. På grunn av dårleg vedlikehald og fuktproblem er lokala dårleg egna til dette, og da spesielt til lager av bøker og materiell. Surnadal kommune har lyst ut Gammelskulen for salg til høgstbydande over kr 200.000.

Les heile saka

Heimevernsøvelse  på  Angråmyra

Heimevernsøvelse på Angråmyra

Ole Petter Talgø Måndag 6. september 2010

Sist veke blei det arrangert heimevernsøvelse for HV-området Indre Nordmøre. Då var rundt 140 HV-soldatar frå Surnadal og kommunane rundt samla på Angråmyra for å friske opp kunnskapane.

Les heile saka

Sakna mann er funnen

Jon Olav Ørsal Måndag 6. september 2010

Leitemannskap frå Røde Kors, politiet og hundar har i natt leita etter ein mann i området rundt fjellet Snota (1669 moh.). I morgontimane vart han funnen av eit helikopter, melder NRK Møre og Romsdals nettsider.


Side 694 av 748« Første...692693694695696...Siste »