Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sjakkturneringa – premieutdeling

Jon Olav Ørsal Sundag 11. juni 2017

I kveld var det høgtideleg pre4mieutdeling etter etterjulvinterens store sjakkturnering.  Gullmedaljen gikk til Kristoffer Nordvik, med Amund Talgø og Brage Hauglann Talgø på sølv og bronseplass.

Les heile saka

Vaskardugnad i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Sundag 11. juni 2017

Tysdag kveld er det vaskardugnad i Todalen Ungdomshus – ungdomshuset treng ein rundtvask etter vinteren, og husformann John Moe håpar på godt oppmøte til vaskadugnaden som starta tysdag 13. juni kl 18.00.  Sjølvsagt blir det dugnadskaffe og noko å bite i.

 


Ræta Opp – Du treng ikkje å legge deg i trening for å bli med

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. juni 2017

Kom som du er, og bli med på Ræta Opp.  Laurdag 1. juli går mosjonsløpet Ræta opp av stabelen på Bordholmen. Poenget er ikkje å vinne, men å delta, seier Knut Bergli og Ingvild Kårvatn. Dei to er henholdsvis stemnegeneral og sjef for mosjonsløpet Ræta Opp.  Stort er det egentleg at Todalen I.L. donerer heile startkontingenten til Treffpunkt Surnadal. Dei driv i regi av kreftforeninga og jobbar med born og unge i alderen 6-16 som er ramma av alvorleg sjukdom i heimen – eller hos pårørande.

Les heile saka

Tikaffe

Dordi Jorunn Halle Laurdag 10. juni 2017

Tysdag 13.juni blir det «Tikaffe» ved Todalen oppvekstsenter klokka 10.00!

Les heile saka

Unge kunstnarar – flott utstilling

Dordi Jorunn Halle Laurdag 10. juni 2017

Fredag opna glade, spente og forventningsfulle barnhageungar utstilling av eigne arbeid i Skulstuå. Her var det stor variasjon i motiv i glade fargar – retteleg flott!

Les heile saka

Ny jaktsesong: – Klart for oppskyting

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. juni 2017

Søya og Todalen skytterlag startar oppskyting til jakta – første skytekveld er måndag 19. juni på skytebanen i Ranheimsvingen. Der er det open bane frå kl 18 til kl 20.

Les heile saka

Bli med på sommarsjakk

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. juni 2017

Søndag 11. juni kl.18:15 (like etter kioskåpe) blir det sommarsjakk i Kaffekroken ved Matkroken i Todalen – Både gamle og nye deltakarar er velkomne til å bli med.

Les heile saka

Plenklipp på dugnadsbasis

Jon Olav Ørsal Fredag 9. juni 2017

På Todalen kyrkjegard var det uvanleg stor arbeidsstyrka som var engasjert i plenklipp.  Det er minimalt med mannskap sommars tid, og kyrkjekontoret har oppfordra sokneråda om å hjelpe til litt med plenklipping i sommar, fortel Kristen Bruset som sitt i Todalen sokneråd.

Les heile saka

Raus 2017: Du verden for ein kveld!

Jon Olav Ørsal Fredag 9. juni 2017

Du verden for ein kulturkveld vi fikk i Ungdomshuset torsdag kveld.  Det var nok mange som hadde store forventningar til Raus 2017-konserten, og det er alltid stas når du oppnår å få meir enn forventa på slike arrangement.  Og arrangementet var eigentleg heilt unikt, for det er lenge mellom kvar gong du kan ta del i ei mønstring, der eit 10-tal profesjonelle underhaldarar kappast om å underhalde deg frå scena. Litt artig var det også at Jo Sverre Sande, fra Rindal,  deltok på låtskrivarseminaret  som einaste lokale deltakar.

Les heile saka

Rekordeltaking på Kvenndalsturen

Jon Olav Ørsal Fredag 9. juni 2017

Torsdag var stavganggruppa på tur til Kvenndalen.  Med biltransport etter bomvegen inn til gapahuken var det ei flott utgangspunkt for spaserturar i fleire retningar, og den enkelt kunne legge stavgangeturen etter ønskeleg nivå. Rundt 60 deltakarar er vel nærast rekord og iallfall årsbeste skulle vi tru.

Les heile saka

Siloslåtten i full gang

Jon Olav Ørsal Fredag 9. juni 2017

Torsdag var det premieredag for årets siloslått – aller først ute trur vi Utigarden på Kvennset var, men torsdag kveld fanga vi inn Odd Harald Talgø i full gang med slåmaskina i Husbytrøå. Odd Harald er «slåttakar» i Pestua, og da vi trefte han fortalte han at han hadde slege mellom 170 og 180 mål denne […]

Les heile saka

Onnadag med hesjing, husdyr og triveleg samvær

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. juni 2017

Det var god stemning da Rehab og Dagsentret arrangerte Onnadag på Bårdshaugen for 4. året på rad.  Den store terrassen var fylt med brukarar, pårørande og venner og kjente som hadde lagt turen innom for å sjå kva som foregikk.

Les heile saka