Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fine forhold i lysløypa på Tjønnmyra

Jon Olav Ørsal Måndag 20. november 2017

Det er fine forhold i lysløypetraseen på Tjønnmyra melder Todalen I.L.  Det er køyrt på spor i hele løypetraseen og det rapporteres om godt føre.  Det lønner seg å være litt forsiktig, for vegen til Kårvatn er lagt med omkjøring via Tjønnmyra medan anleggsarbeidet ved Kufallfossen pågår. Men det er plass nok til alle og […]

Les heile saka

Sæle jolekveld

Steinar Hasselø Måndag 20. november 2017

Artistane Gunnhild Sundli og Aasmund Nordstoga gav i november 2015 ut juleplata ”Sæle jolekveld”, og fekk svært gode kritikkar.

Les heile saka

Vil vi ha butikk i bygda?

Jon Olav Ørsal Sundag 19. november 2017

Ja, det er overskrifta i ein e-post vi fikk hit til redaksjonen. Det er ein kunde som handlar fast på butikken her – Matkroken Todalen – som er bekymra for nærbutikken. Og det er ikkje så rart, for både Bæverfjord samvirkelag og Joker Kvanne (Stenberg) har slutta opp på grunn dårleg omsetning og økonomi. Der opplevde dei at kundane køyrde forbi, og handla i Surnadal – kanskje dei handla på veg heim etter arbeid.

Les heile saka

God oppslutning om boksleppet til Todalen historielag

Jon Olav Ørsal Sundag 19. november 2017

Boksleppet til Todalen historielag trekte rundt 70 historieinteresserte til Todalen ungdomshus i dag. Det var nemleg premieredag for årsskrift nr 16, og Todalen historielag kunne med stolthet presentere 84 sider med god og variert lokalhistorie mellom dei to permane. I Todalen er det knytta stor interesse til arbeidet med lokalhistoria, og historielaget har da også rundt 200 medlemar, og det seier sitt.

Les heile saka

Sjakk i Kaffekroken søndag kveld

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. november 2017

Denne helga blir det sjakk igjen! Det skjer søndag kl 19:00 i Kaffekroken på Matkroken. – Enkelte har varsla sin ankomst, men det er plass til fleire, melder Todalen sjakklubb. Ta gjerne med eit sjakkbrett med brikker, og kom!  Alle som har lyst er velkomne på sjakk!

 


Kårvatn Fjellutstyr: Jubilerer tre dagar til ende…

Jon Olav Ørsal Fredag 17. november 2017

Kårvatn fjellustyr er god i gang med 25-årsjubileet. Det er nemleg 25 år sia den spede start heime på loftet i 1992, og via butikken på gammellåven er butikken som framleis heiter Kårvatn Fjellustyr godt etablert i nylåven i tunet på Kårvatn. Vi tok ein tur for å lodde stemninga og smake sjokoladekaka som jubileumsannonsen lokka med.

Les heile saka

Torsdag kveld: Jo Sverre kjem med konsert i kyrkja

Jon Olav Ørsal Fredag 17. november 2017

Sett av torsdag kveld 30. november! Da kjem Jo Sverre med konsert i Todalen kyrkje, med start kl 19.30. Jo Sverre har svinga seg opp, og har vorte utruleg populær. Han deltok for øvrig på Raus-konserten i 2017. No kan du alstå få høre han i Todalen kyrkje.

Les heile saka

Måldiplom til Nathan Lediard

Dordi Jorunn Halle Fredag 17. november 2017

Torsdag kveld arrangerte Surnadal Heimbygdlag Kultursjå i Surnadal kulturhus; det vart ein svært så variert og innhaldsrik kulturkveld med godt oppmøte.

Les heile saka

Stangvik og Kvanne: – Ny bygdebok før jul!

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. november 2017

Band 2 av det nye bygdebokverket for Surnadal er like om hjørnet! Det blir offisiell lansering i Bondehuset i Stangvika den 12. desember, men vi tjuvstartar med boksalget alt laurdag 9. desember. Da vil folk frå bygdebokprosjektet vera på plass ved Coop Ekstra på Skei med rykande ferske eksemplar av den nye boka.

Les heile saka

Saniteten: Inviterer til julemiddag

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. november 2017

Omsorgberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening inviterer bygdefolket til julemiddag torsdag 30. november kl 13. Dette skjer sjølvsagt i Sanitetshuset, og på menyen står det tradisjonell ribbe m/tilbehør, samt dessert og kaffe etterpå.

Les heile saka

Haustlys – salsutstilling i Galleri Finstua

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. november 2017

Laurdag 18. november kl 13 opnar salsutstillinga «Haustlys» i Galleri Finstuå på Surnadal kulturhus. I år er det 6 utstillarar som deltek på utstillinga og av lokale kjendisar er det todalingen Ingun Redalen White og surnadalingen Bjarne Stenberg som deltek. På utstillinga vil du få sjå ein herleg mix av billed-, keramikk- og tekstilkunst står det i pressemeldinga frå Surnadal kunstforening.

Les heile saka

Stenger for rundtvask på Hett & Svett

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. november 2017

Torsdag 16. november skal idrettslaget blir det rundvask på  treningssentret «Hett & Svett» på Kvennset. Derfor vil det være stengt fra kl 1800 til ca kl 2000. De som får treningsabstinens oppfordres til å jogge rundt bygda, eller vente med treninga til det er ferdigvasket, skriver Todalen I.L i ei pressemelding til Todalen.no.