Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vil vi ha butikk i bygda?

Jon Olav Ørsal Sundag 19. november 2017

Ja, det er overskrifta i ein e-post vi fikk hit til redaksjonen. Det er ein kunde som handlar fast på butikken her – Matkroken Todalen – som er bekymra for nærbutikken.  Og det er ikkje så rart, for både Bæverfjord samvirkelag og Joker Kvanne (Stenberg) har slutta opp på grunn dårleg omsetning og økonomi. Der opplevde dei at kundane køyrde forbi, og handla i Surnadal – kanskje dei handla på veg heim etter arbeid.

Dersom noko vart gløymt var det kanskje greit å stikke innom nærbutikken som snarast, men det blir ikkje nok for å leve av det. 

Det er viktig å ha daglegvarebutikk i nærmiljøet – Matkroken Todalen er med på merkurprogrammet for nærbutikkar. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Også her i bygda, ved Matkroken Todalen er det nedgang i omsetninga samanlikna med i fjor. Nedgangen hittil i år er på rundt 5 % – men det som er skremande er at nedgangen er enda større no i haust.  – Spesielt var oktober ein dårleg månad med stor handelslekkasje, fortel handelsmann Nordvik. Da var nedgangen rundt 20%!

Kunden som kontakta oss på Todalen.no hadde eit klart budskap til oss: Vi må skjerpa oss, og handla det vi treng her, dersom vi framleis vil ha butikken vår!

Publisert: 19. november 2017, 23:13