Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God oppslutning om boksleppet til Todalen historielag

Jon Olav Ørsal Sundag 19. november 2017

Boksleppet til Todalen historielag trekte rundt 70 historieinteresserte til Todalen ungdomshus i dag.  Det var nemleg premieredag for årsskrift nr 16, og Todalen historielag kunne med stolthet presentere 84 sider med god og variert lokalhistorie mellom dei to permane. I Todalen er det knytta stor interesse til arbeidet med lokalhistoria, og historielaget har da også rundt 200 medlemar, og det seier sitt.

Stor interesse for lokalhistoria i Todalen. Rundt kaffebordet sitt Ingunn og Eilert Kjølstad, Jenny og Edmund Talseth, lars og åse redalen og Lovise Jørgensen. Foto: Jon Olav Ørsal

I medlemskapet er det inkludert eit årsskrifthefte, og mange kom nok for å hente sitt heftet sitt denne dagen. Dordi Jorunn Halle har vore sjefredaktør for årets skrift, og med seg i redaksjonskomiteen har ho hatt Wenche Ø. Kvendset, Maren Ansnes og Sven Olav Svinvik.  Dordi oreienterte om korleis dei hadde jobba med materialet for å kvalitetssikre og presentere dette på ein best muleg måte. 

Dordi Jorunn Halle har vore sjefredaktør i år – med seg i redaksjonskomiteen har ho hatt Wenche Ø. Kvendset, Maren Ansnes og Sven Olav Svinvik. I tillegg har det vore fleire gjesteskribentar. Foto: Jon Olav Ørsal

I årets hefte er det mykje variert stoff, som spenner frå meieridrift på Nordvik i gamle dagar, via norske folkeeventyr på todalsmål og til historia om utvandraren Erling Bruseth og oversikt over alle bumerka i Todalen.  Ei interessant historie er det også om Lovise og Bernt Jørgens og deira liv og virke – og korleis dei etter kvart hamna i Todalen. Vidare er det omtale om kulturvandring på Kvennset, kvennhusa i Todalen, gammeljordmora – Gunnhild Øyen og ikkje minst omtale om alle hoppbakkane som fantes i Todalen i gammel tid. 

Ola Bræin var der og hadde med seg munnspelet. Han har vore gjesteskribent og skrive om Anne Ørsal og songane hennar. Foto: Jon Olav Ørsal

På boksleppet var det også ein sekvens med Ola Bræin som hadde skrive ein artikkel om Anne Ørsal og songane hennar. Ola fortalte at han nærast reknar seg som todaling, etter at han gikk eit år på skule her i krigsåra, da han og familien var evakuert hit frå Kristiansund. Ola Bræin hadde for øvrig med seg munnspelet, og spela 3 slåttår åt oss – mellom anna «Julverset».

Til slutt var det visning av lysbilder frå historielagets arkiv. Ingrid Bruset og Ragnhild A. Moe har gjennom fleire sesongar vore aktive med skannaren og har skanna bilder med historisk verdi frå folks albumar, som altså vart til ein bildeserie.  Gamle bilder er det for øvrig stor interesse for og dei to har nok langt i frå gjort seg ferdig med alle albumane.

Årsskrifta gikk unna – men dei som ikkje var på boksleppet får årsskriftet i postkassa. Frå venstre Sven Olav Svinvik, Dordi Jorunn Halle og Wenche Ø. Kvendset. Årsskriftet er trykt i eit opplag på 500.

Ragnhild A. Moe og Ingri bruset viste gamle bilder frå arkivet til historielaget. Foto. Jon Olav Ørsal

John Moe er leiar i Todalen historielag. Foto. Jon Olav Ørsal

Publisert: 19. november 2017, 20:38