Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene



Ferdig rigga til Hyttemessen 2024

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. april 2024

Denne helga deltak Talgø MøreTre på «Hyttemessen 2024» på Utstillingsområdet på Hellerudsletta, like utafor Lillestrøm.  Denne veka har messesnekkarar frå Talgø vore travelt opptekne med å rigge til messa, og no er det meste av jobben unnagjort, fortel Bjørn Sæterbø som har sendt oss nokre bilder frå innspurten av førebuingane. 

Les heile saka

Ny sokneprest tilsett

Dordi Jorunn Halle Torsdag 4. april 2024

Tilsettingsrådet i Møre bispedøme har tilsett Pål Arne Winsnes som sokneprest i Indre Nordmøre prosti. Han skal ha sokna i Surnadal som arbeidsfelt. 

Les heile saka

Stikkrenne- og grøftinspeksjon på fylkesvegane

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. april 2024

Dersom du lurer på kva Veidekke driv med etter vegane i Todalen,  så kan vi røpe at det er inspeksjon av stikkrenner og grøter som pågår.  Ole Peder Holten er utrusta med kamera, og blokk og blyant for å registrere behov for vedlikehald langs fylkesvegane rundt bygda.  

Les heile saka

Tapt/funnet på Todalsøra

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. april 2024

I dag vart det funne eit gåvekort på Todalsøra – på strekninga mellom brua over Ytteråa (ved Ørskog) og Todalsøra.  Gåvekortet har pålydende kr 500 og er utstedt 28. mars.  Er du den rettsmessige eigaren, så kan du ta kontakt med Matkroken Todalen.



Hugs bandtvang for hund frå 1. april

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. april 2024

Frå og med i går, 1. april til og med torsdag 31. oktober, er det bandtvang for hund i Surnadal kommune. Den generelle bandtvangen i Norge er frå 1. apil – 20. august, men Surnadal kommune har eiga forskrift om bandtvang, som betyr at Surnadal kommune har lengre bandtvangperiode enn det Hundelova seier. Dette betyr at hunden i denne perioden skal vere i band, forsvarleg inngjert eller vere innestengd. Somme unntak gjeld for jakt- og gjetarhundar, samt toll- og politihundar, når desse er i aktiv teneste, Bandtvangen er regulert i Lov om hundehald (Hundeloven) § 6, og i Surnadal kommune si forskrift om Bandtvang.   

Les heile saka

Påskegudsteneste i friluft

Jon Olav Ørsal Måndag 1. april 2024

Godt og vel 50 som deltok i påskegudstenesta ved gapahuken på Tjønnmyran 2. påskedag.  Yr.no passa på å halde seg innafor vêrmelding, slik at det var opphaldsvêr, men det kunne godt ha vore nokre fleire varmegader.  Men soknerådets servering av varm kaffe og varme pølser etterpå kompenserte langt på veg for det. 

Les heile saka

Påskekrim 2024: del 5

Guro Redalen Sundag 31. mars 2024

Nok ei påske er på hell, og nok ein påskekrim er kome til løysinga. Om du sit igjen med like mange spørsmål som svar etter denne delen så er det heilt normalt. Noko må jo være slik som det aillvæg ha vårre. Eller?

Les heile saka

Er du klar for sommaren

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. mars 2024

Natt til søndag er det nemleg klart for sommartid – det er nemleg slik at siste helga i mars så stiller vi klokka om til sommartid.  Det vil seie at vi stiller klokka fram ein time, og reint formelt skal det skje kl 02 og da stilles klokka fram til kl 03.   Da går vi over fra vintertid eller rettare sagt normaltid og over i sommartid – og sommartida varer heilt til siste helga i oktober. 

Les heile saka