Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det lyser i alle grender

Elinor Bolme Onsdag 4. desember 2019

I går kveld var det Brusetmarka sin tur til å få tent lysa på julegrana si. Også her har det vorte ein tradisjon med felles samling i Trudvangkrysset, servering av gløgg, pepperkaker og litt sosialt samvær. Til tross for at vêrguden hadde hatt fullt opp med regn tidlegare på dagen var det godt oppmøte med både vaksne og born frå Bruset og opp til Kårvatn.

Les heile saka

Julekonsert med Pønsj i Todalen

Bernt G. Bøe, musikalsk leiar P17 Onsdag 4. desember 2019

Vokalensemblet Pønsj er hovudattraksjon når juletonar fyller Todalskyrkja søndag kveld. Dertil blir Nina Braaten og arrangørkoret Prosjekt 17 å høre.
Sekstetten Pønsj vart danna i 2015. Songarane er eller har vore medlemmer av det kjente koret Ensemble Dali. Gruppa syng både julemusikk og andre ensemblesongar. – Vi har konsertert fleire stader i Midt-Norge og også i utlandet, seier Eilif Odde, TK-journalisten og songaren som i haust kontakta P17 om denne konserten. – No gled vi oss stort til å besøke Todalen!

Les heile saka

Ras i raset

Elinor Bolme Tysdag 3. desember 2019

Etter eit halvt døgn med store nedbørsmengder så har det på fleire stader mellom Surnadal og Todalen no i ettermiddag rasa ut snø i vegbanen. To plassar i ved Hyldbakkan og litt over klokka 16 kom det ein del mengder ned på samme staden som raset uti stranda.

Les heile saka

Tysdag: Julegrantenning i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Måndag 2. desember 2019

Tysdag kveld er turen komen for julegrantenning i Brusetmarka. Det skjer i Trudvangkrysset kl. 18.00 og her blir det servering med julegløgg og mykje anna godt.  Alle er velkomne til ei triveleg adventsstund i lokalmiljøet. 

Arrangør er Brusetmarka vel.


Makan til føre – kjør forsiktig

Jon Olav Ørsal Sundag 1. desember 2019

Store mengder snøsørpe på vegane gjer at det er ekstremt dårleg føre. Vi oppfordrar folk til å ta det med ro og kjøre forsiktig, for du kan lett skjære ut og hamne utafor vegen. – Det har vore sluddbyger og regna jamnt utover dagen og det er heil uttruleg at det kan bli så dårleg føre.

Les heile saka

Vi må ta plasten på alvor!

Jon Olav Ørsal Sundag 1. desember 2019

Det er ikkje så lenge sia eit kvalbilde gikk verda rundt, da det viste seg at kvalen hadde magesekken full av plast og at den sannsynleg vis hadde lidd ein smertefull død på grunn av plasten. Etter kvart så har vi sett fleire slike bilder, og blir vel etter kvart vant til det? Men no tykkjer vi at det begynner å kome nær oss, og det er ikkje berre i havet at plastavfall er eit problem!

Les heile saka


Julegrantenning med ny vri

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. november 2019

Laurdag ettermiddag var det julegrantenning i julegata på Kvennset. I år var det ny vri på arrangementet, og det va sett opp eit handletelt og arrangert julemarked. Det var nok suksess, for det trekte ekstra mykje folk til arrangementet og skikkeleg god julestemning med ekte julenissar.

Les heile saka

Klart for julegrantenning

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. november 2019

I går kveld og i føremiddag har det vore stort engasjement på juletorgfronten. Julegrantenninga skal foregå ved Matkroken/Heitt & Svett, og nytt i år er at det blir torgsal i tilknyting til arrangementet. Det blir start på julegrantenninga kl. 16.15 – altså etter at butikken er stengt.

Les heile saka

35 utrykkingar til nattbrannar i Møre og Romsdal

Elinor Bolme Fredag 29. november 2019

Tre gongar i månaden byrjar ein bustad å brenne midt på natta i Møre og Romsdal. No står brannhøgtida for døra igjen. Brannvesenet i Møre og Romsdal rykte ut til 35 bustadbrannar mellom kl 23 og 07 i fjor. Det blir eit gjennomsnitt rett under tre nattbrannar kvar einaste månad – heile året igjennom – berre i fylket vårt. No bed brannsjefen i Surnadal og Rindal Tor Arne Moen om at alle sjekkar røykvarslaren ved inngangen til årets mest brannfarlege månader.

Les heile saka

Stor interesse for bok 3 i serien «Under Skarfjellet»

Dordi Jorunn Halle Fredag 29. november 2019

Forfattarane Torbjørn Polden, Lars Steinar Ansnes og Erling Myrbostad har gjennom 12 år samarbeidd om å gi ut bøker med utgangspunkt i lokal historie knytt til Eidet og Lykkjebygda der karane voks opp. I alt har det vorte fem bøker. Torsdag kveld var det bokslepp for «Under Skarfjellet» – bind 3. Da har dei produktive forfattarane gjeve ut 3 bøker i løpet av det siste året! «Men det blir ikkje tre nye bøker neste år,» slo Lars Steinar Ansnes fast.

Les heile saka

Nytt webkamera frå Svorka på plass

Elinor Bolme Onsdag 27. november 2019

I mai gikk Svorka ut med eit ønske om å få tilbakemeldingar på gode plasseringar av webkamera i lokalmiljøet sitt. Mange har til tider vore litt frustrert over at fleire av kameraene deira har vorte mørklagt ei stund. Salgs- og markedssjef Sylvia Stokke i Svorka fortel at dei fekk inn mange forslag og har no byrja monteringa av nye vidvinkelkamera med god oppløysing rundt om i distriktet.

Les heile saka