Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt webkamera frå Svorka på plass

Elinor Bolme Onsdag 27. november 2019

I mai gikk Svorka ut med eit ønske om å få tilbakemeldingar på gode plasseringar av webkamera i lokalmiljøet sitt. Mange har til tider vore litt frustrert over at fleire av kameraene deira har vorte mørklagt ei stund. Salgs- og markedssjef Sylvia Stokke i Svorka fortel at dei fekk inn mange forslag på nye lokasjoner og har no byrja monteringa av nye vidvinkelkamera med god oppløysing rundt om i distriktet.

Eit av forslaga kom fra Jon Bruset om å montere webkamera i masta ved Talgøhytta her i Todalen. Lars Arne Gjeldnes har nå vore oppe og montert, og i linken ser de resultatet:
https://svorka.no/webkamera/  Hovedbildet er fra samme kamera, med utsyn mot Kårvatn.

-Fleire kjem etter kvart, men dette på Talgøhytta vil både todalingar og mange andre kunne sette pris på håpar vi, seier Sylvia Stokke i Svorka.

Publisert: 27. november 2019, 19:36