Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur frå Husby til Ramsøya

Dordi Jorunn Halle Mandag 15. mai 2017

Kløverturen denne veka starta i Husbygarden for å følgje den gamle ferdselsåra frå Husby og Hala og innover til Ramsøya. Turen gjekk oppover til Flathaugen der det har vore stor hogst i vinter, så no er landskapet ope og fint

Les heile saka

Klart for sesongstart på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Mandag 15. mai 2017

Den første fotballkampen i år blir torsdag 18. mai, når Sunndal og Surnadal treffes på Bordholmen.  da gjelder det å ha anlegget klart, og måndag var banekomiteen i full gang med førsteslåtten og merking på banen. Det er no over eit halvår sia banen har vore i bruk, så det meste av merkinga frå i […]

Les heile saka

Stavgang i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Mandag 15. mai 2017

Denne veka kjem surnadal pensjonistlags stavganggruppe til Todalen på tur. Torsdag kl 11 er det Gammelfabrikken som er oppmøteplass og samlingspunkt, og dermed utgangspunkt for turar i nærområdet. Eit av dei mest aktuelle turmåla er nok Tjønnmyra, der den nye gapahuken er den største atraksjone. Etterpå blir det ein lang kaffepause i parkanlegget ved Gammelfabrikken – eller innomhus dersom vêrgudane ikkje samarbeider. 

 


Loppis og markedsstemning på Bøvra – lørdag 20. mai

Jon Olav Ørsal Søndag 14. mai 2017

Årets store loppemarked i regi av Surnadal Røde Kors Omsorg arrangeres 20. mai (kl 11-16), i Røde Kors-huset på Bøvra. Her blir det i tillegg loddsalg, telt med kaffesalg og god, gammeldags «loppis-stemning», lover leder i Røde Kors Omsorg, Elin Bøklepp Kvande.

Les heile saka

Telia med 4G: – No går det så det griner!

Jon Olav Ørsal Søndag 14. mai 2017

Denne helga har det pågått oppgradering av Telias basestasjon i Todalen. Som vi har skrive om tidlegare så er batterikapasiteten auka med tanke på straumbrot – no er kravet frå myndighetene at sentralen skal kunne levere tenester minst i 4 timar. I den nye basestasjonen er no batterikapasiteten mangdobla.

Les heile saka

Humanistik konfirmasjon i Surnadal – 3 todalingar var med

Jon Olav Ørsal Lørdag 13. mai 2017

I dag har det vore humanistisk konfirmasjon i Surnadal kulturhus. 12 ungdomar frå Indre Nordmøre valgte i år humanistisk konfirmasjon, og saman med familie og venner var dei samla i kulturhuset til ein flott seremoni, der Jenny Klinge heldt tale for dagen

Les heile saka

Arboretet: Ligg an til eit bra blomstringsår

Jon Olav Ørsal Lørdag 13. mai 2017

Laurdag opna arboretet dørene for ein ny sesong, og vi stakk innom for å sjå på Rododendronblomstringa. Og jammen var nokre flotte rododendronar som alt stod i full blomstring, men med varmen kjem nok rododendronblomstringa for fullt. Og det blir mykje rododendronblomster i år seier Katarina Wedelsbäck Bladh, som er fagleg ansvarleg i Svinvika og som tok i mot oss saman med Maja Frønes som er leiar for arboretet.

Les heile saka

Hopp og sprett på stive fota….

Jon Olav Ørsal Lørdag 13. mai 2017

Torsdag ettermiddag starta Viastukyrne sommarsesongen, og det vart jammen maykje hopp og sprett på stive fota. Det var nok godt å kome ut i sola og dufta av nygrøå etter 9 månader i fjsøset. Rett nok har dei ikkje stått på bås, for Ola Kvendset har investerti nytt moderne fjøs for lausdrift og med mjølkerobot for nokre år sia

Les heile saka

Telia ute av drift i Todalen

Jon Olav Ørsal Lørdag 13. mai 2017

Telia er utan signal i Todalen. Nettet til Telia mobil har vore ute sia laurdag føremiddag på grunn av oppgradering av basestasjonen i Todalen. Dette arbeidet vil pågå heile helga, og blir avslutta tidlegast søndag kveld eller måndag.

Les heile saka

Plukka søppel for nye klubbjakkar

Elinor Bolme Fredag 12. mai 2017

Torsdag er treningsdag for knøttelaget i Todalen. Gårsdagens trening starta litt annleis sidan leiar i fotballgruppa hadde utfordra dei til å plukke søppel frå Bordholmen og på baksida av fabrikken i løpet av våren. Og med ein gjeng ivrige og lettbeinte ungar vart bilen til fotballeiar Knut fyllt opp med alskens skrot på ein stor halvtime.

Les heile saka

Over 40 på stavgang på Årnes

Jon Olav Ørsal Fredag 12. mai 2017

Godt oppmøte pregar årets stavgangsesong – torsdag var det over 40 som deltok da Pensjonistlagets stavganggruppe treftes på Årnes. På Årnes var det som vanleg ein trimtur i nærmiljøet, der den enkelte sjølv kunne bestemme mål og retning, og kanskje berre nyte finvêret.

Les heile saka

17. på Nordvik – her er programmet

Jon Olav Ørsal Fredag 12. mai 2017

Da er også programmet for feiringa av nasjonaldagen på Nordvik klart. Programmet startar med tradisjonelt folketog frå Oppistua og innover til forsamlingshuset. Vidare blir det tale for dagen og servering av sodd og anna mat før arrangementet fortsett med leikar på Øygarden stadion.

Les heile saka

Side 3 av 51512345...Siste »