Slik er Todalen sokneråd samansett etter valet i 2019:
Leiar Kristian Harstad Gjeldnes
Nestleiar Frode Grønnmyr
Medlem Monika Klungervik
Medlem John Moe
Varamedlem Anne Hjørdis Caspersen Telstad
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Konfirmasjonsgudstenestene er utsette til over sommaren
Det er bestemt at alle kyrkjelege konfirmasjonar i kommunen blir utsette til over sommaren. Etter råd frå biskopen er det ikkje sett nye datoar for når det blir konfirmasjonsgudstenester i dei ulike sokna.

Årets fasteaksjon blir digital – og viktigere enn noen sinne!
Kirkens Nødhjelp har avlyst årets bøssebæringsaksjon for Fasteaksjonen den 31.03 for å hindre korona – smitte. Årets Fasteaksjon blir digital og er viktigere enn noensinne skriver Gro Hauge Venås som aksjonsansvarlig for Fasteaksjonen i kirken i Surnadal og Rindal.

Koronavirus – tiltak kirken i Surnadal og Rindal
Kirken blir med på hele Norges dugnad for å begrense koronasmitte. Det er pr. dags dato (12.03.20) ingen i kommunene våre som har testet positivt på covid-19 (koronaviruset). De tiltakene vi gjør er forebyggende, og formålet er å hindre at mennesker blir smittet av viruset. Kirken vil lytte til og etterkomme de råd Folkehelseinstituttet og kommuneoverlegen gir. Disse rådene er:

Gudsteneste med årsmøte etterpå er AVLYST
Søndag 15. mars er gudstenesta i Todalen kyrkje AVLYST og årsmøtet etterpå er utsett på ubestemt tid!

Song og kaffe i Åsskard kyrkje – AVLYST
Arrangementet som var sett opp onsdag kveld 11. mars i Åsskard kyrkje med Prosjekt 17- er AVLYST og blir sett opp att seinare!
– Salmeboka er ei spennande bok, landets rikaste samling av musikk og poesi, seier korleiar og kveldens organist Bernt G. Bøe. – Her kan kor og forsamling fråtse i flotte tekster og herlege melodiar. Allsong, mektige hymner og nye tekster – endatil i tangorytme – står på programmet.

Inviterer til fellesskapskveld på kyrkjelydshuset
Kyrkja i Surnadal inviterer til fellessapskveld på kyrkjelydshuset (1. etg.) torsdag 5. mars kl. 19:00 – 20:30. Denne kvelden byr på eit innlegg frå Gunnhild og Johannes Skjerdal med tema «Vandring i Bibelens land ». – Etterpå blir det tid til prat med kvarandre rundt borda.
Det bys på enkel servering, og du blir oppfordra til å ta med deg ein ven.

Aksjon for Kirkens Nødhjelp
Tysdag 31. mars skjer årets fasteaksjon for Kirkens Nødhjelp. Også i kyrkjesokna på Nordmøre går konfirmantar og andre frivillige og frå dør til dør med dei kjente bøssene. 40.000 bøsseberarar frå 1200 norske menigheter deltek landet over. Innsamlinga har dei siste åra skaffa rundt 35 millionar kroner til Kirkens Nødhjelp. Nest etter den årlege TV-aksjonen er dette landets største innsamlingsaksjon.

Inviterer til fellesskapskveld i kyrkjelydshuset på Skei
Kyrkja i Surnadal inviterer til fellesskapskveld i Kyrkjelydshuset, 1. etg., torsdag 20. februar i tidsrommet 19.00 – 20.30.

Gudstenester våren 2020
Todalen sokneråd informerer om at no er oppsettet for gudstenester våren 2020 klar. Det er i alt oppsett 9 gudstenester, og neste gudsteneste er søndag 9. februar kl. 11:00.

Evaluerte feiringa av nasjonaldagen
Det hører med til oppgåva til komiteen som står for feiringa av nasjonaldagen å evaluere arrangementet. Tysdag kveld var 2019-komiteen samla på kantina på Talgø for å evaluere både arrangementet og for å godkjenne rekneskapet frå arrangementet. Leier i 17. maikomiteen Rune Moe var godt nøgd med arrangementet, som var vellukka og som kom ut med eit moderat overskot etter at alle kostnader var betalt

Velkomne til nyttårsgudsteneste
Todalen sokneråd minner om gudstenesta nyårsaftan kl. 16. Gudstenesta vert forretta av pensjonert sokneprest/sjømannsprest Torbjørn Brøske. Ved orgelet finn vi kantor Bjørn Vevang. Dei tre ungdomane som skal konfirmerast i vår, er med og les samlingsbøna og dei to lesetekstene.

Tradisjonell julegudsteneste
Julaftan var det mange som starta den tradisjonelle julefeiringa med gudsteneste i Todalen kyrkje. Det var Einy Rendal Elgsæther som var liturg under gudstenesta og vi fikk ta del både i juleevangeliet og i dagens preken som hadde det evige evangeliet som dagens tema.