Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sokneråd

Todalen sokneråd 2023 – 2027

Leiar: Borghild B. Talgø

Nestleiar: John Moe

Kasserar: Ola Bruset

Medlem: Anita Talgø

Sekretær: Rune Moe

Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik

Først publisert: 19. november 2009, 16:16 - Sist oppdatert: 25. oktober 2023, 17:45

Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Krafttak for utbetring av orgelet i Todalen kyrkje – oppdatert

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. januar 2019

Den siste tida har det stadig vore gjort utbetringsarbeid på kyrkjeorgelet, utan at det ein har fått til noko varig driftssikkerhet. Dette har tappa både soknerådet og budsjetta for vedlikehald av kyrkja, utan at det kan seiast å foreligge noko løysing på problemet. No inviterer soknerådet til kronerulling for å få kyrkjeorgelet i akseptabel stand – utfordringa går både til privatpersonar, bedrifter og lag/organisasjonar om å være med på eit krafttak.


Gudsteneste søndag kl 11

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. januar 2019

Søndag 20. januar er 3. søndag i openbaringstida, og da blir det gudsteneste i Todalen kyrkje kl. 11.00.  Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffe, og denne dagen er det takkoffer til Misjonsprosjektet, melder Todalen Sokneråd.  


Nyttårsgudstjeneste

Elinor Bolme Sundag 30. desember 2018

I morgon er det nyttårsgudsteneste kl 16.00 i Todalen kyrkje. Oddveig Helset Halle er organist, og har fått med seg Tove Elin Strand på fløyte og Kirsten Næss på fiolin. Dei framfører mellom anna Julverset.


Med ønske om ei fredfull jul

Elinor Bolme Måndag 24. desember 2018

Prest Kristin Strand ønska i dag ei bortimot fullsett Todalskyrkje velkommen til årets julegudstjeneste. Om ikkje julesnøen fekk lov å liggje og tilføre litt ekstra julestemning, så kom likevel høgtidsstemninga etter mykje fin julesong med det lille ekstra frå galleriet.


Julegudstjeneste kl 13

Elinor Bolme Måndag 24. desember 2018

I dag er det julegudstjeneste i Todalen kyrkje klokka 13. Møt opp og kom i høgtidsstemning og ønsk dine sambygdingar og tilreisande ei riktig god julehelg!


Konsert med skikkeleg julestemning

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. desember 2018

Prosjekt 17-koret sørga for å føre tradisjonen med julekonsert vidare i Todalskyrkja. Det var ei fantastisk oppleving å høyre korsongen, orgelmusikken og allsongen, og dersom du ikkje kom i julestemning med eit slik program så er du nok eit håplaust tilfelle.


Juletonar i Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. desember 2018

Onsdag kveld 19. desember kl. 18.00 blir jula «sungen inn» i Todalen kyrkje. Koret P17, organist og pianist Tor Strand, operasopran Sigrid Vetleseter Bøe og fleire deltek. Programmet består av kjent og kjært julestoff – ispedd tonar du neppe har høyrt før. Songar frå eit dusin nasjonar er samla under tittelen «Jul utan grenser».


«Jul uten grenser» – konsert med P17-koret

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. desember 2018

Onsdag 19. desember kl 18.00 inviterer P17-koret til julekonsert i Todalen kyrkje. Da blir det tradisjonell julekonsert med Prosjekt 17 – både som blandakor, damekor og som mannskor. P17-koret reklamerer med kjende, kjære, nye og vakre julesongar frå 12 ulike land. Denne kvelden er koret forsterka med organist Tor Strand som vi l traktere både orgel og piano.


Lysmesse og utdeling av biblar

Jon Olav Ørsal Sundag 9. desember 2018

I dag var det lysmesse i Todalen kyrkje, og bruken av lys prega sjølvsagt gudsteneste. Sokneprest Kristin Strand og konfirmantane laga ein stemningsfull innmarsj med levande lys, og med slukka lys i kyrkja. Konfirmantane hadde også ei hjelpande hand med i gudstenesta, og sørga både for tenning av lys og for lesing av inngangsord.


Fin felles 50-årsmarkering

Britt Mossing Måndag 22. oktober 2018

Laurdag var det jubileumsfest for 50-årskonfirmantane frå Todalen og Stangvik i Todalen Ungdomshus. Desse hadde gått i same klasse på nyskulen på Evenshaugen, og ønskte difor eit felles arrangement der dei kunne minnast konfirmajonstida. I Stangvik vart 15 ungdommar konfirmerte den 23.juni, og den 7. juli 1968 vart 11 konfirmerte i Todalen kyrkje av sokneprest […]


Varm velkomst for ny organist i Todalen kyrkje

Dordi Jorunn Halle Sundag 5. august 2018

Under gudstenesta søndag 5. august debuterte Hedda Hansen Berg som organist i Todalen kyrkje. Før gudstenesta var ho spent, men ho greidde organistjobben riktig bra! Det var både godt og lett å synge med når ho spela. Og samarbeidet mellom prest og organist fungerte godt.


Gudstjenester 2. halvår 2018

Elinor Bolme Fredag 8. juni 2018

Frå Todalen sokneråd har vi fått tilsendt oversikta over alle gudstjenestene for resten av 2018. Desse ligg no også i aktivitetskalenderen, med litt info under den enkelte dato.