Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sanitetsforening

Organisasjonens hovedsatsingsområder er kvinnehelse og omsorgsberedskap.

Norske Kvinners Sanitetsforening ønsker å delta aktivt i samfunnsdebatten, men er partipolitisk uavhengig og livssynsnøytral. N.K.S. mottar ikke statstøtte.

Norske Kvinners Sanitetsforenings motto:
I de små ting frihet
I de store ting enighet
I alle ting kjærlighet

Leiar: Maren Ansnes

Nestleiar:Kari Kvendset

Kasserar: Ragnhild Ansnes Moe

Sekretær: Kristine Saksen Ulvund

Styremedlem: Ingrid Pedersen og Åse V Redalen

Vara: Steffi Bohle og Dordi Jorunn Halle

Husstyret: Anne Helene Halset og Synnøve Hole Talgø.

Ta kontakt med Anne Helene Halset på telefon 918 16 615 om du ønsker å leige Sanitetshuset for møte, barnedåp, konfirmasjon, bryllup, gravferd eller ei anna anledning.

Først publisert: 19. november 2009, 16:10 - Sist oppdatert: 10. mars 2019, 23:32

Nyheter knytta til Todalen Sanitetsforening

Side 38 av 42« Første...3637383940...Siste »
Fotterapi

Fotterapi

Elinor Bolme Sundag 26. februar 2012

Fredag 2. mars kjem fotterapeut Olaug Bergem Aspill til Sanitetshuset for ein ny runde med fotterapi. Ho kjem også etter helga; mandag 5. og tysdag 6. For bestilling ta kontakt med Marit Sanden Søyset på telefon 71 66 39 28 eller 980 36 391. Fredag er tidene frå 10.30 til 15.30. Mandag og tirsdag frå 10 til15.

Les heile saka

Fotterapi

Fotterapi

Elinor Bolme Sundag 26. februar 2012

Da er det klart for en ny runde med fotterapi melder Todalen Sanitetsforening. Denne gongen er desse datoane sett opp: måndag 11. mars, tysdag 12. mars og torsdag 14. mars. Det er fotterapaut Olaug Bergheim Aspill som tek turen innover til Sanitetshuset.

Les heile saka

Sosial  strikkekafe

Sosial strikkekafe

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. februar 2012

Kvar 14. dag er det strikkekafe i Sanitetshuset. Det er Todalen Sanitetsforening som står attafor og er arrangør, og jobben med å vera vertskap og kaffekokar går på omgang mellom medlemane i foreninga. Kari Kvendset var vert denne dagen, og ho fortalte at sjølv om det heiter strikkekafe treng du sltt ikkje ha med strikketøy eller anna […]

Les heile saka

Fastelaven

Fastelaven

Elinor Bolme Laurdag 18. februar 2012

I helga er det fastelaven, og som vanleg har Todalen Sanitetsforening laga opp ein heil del fastelavensris som dei i løpet av helga selger på Ica Nær, Todalen. Ein tradisjon som Norske Kvinners Sanitetsforening starta opp med i 1946 og som har heldt seg sia. Som de ser av bildet er det alltid god stemning […]

Les heile saka

Ny  kunst  for  utlodning

Ny kunst for utlodning

Elinor Bolme Sundag 29. januar 2012

Todalen Sanitetsforening har også i år investert i eit nytt kunstverk som dei kjem til å selgja lodd på i løpet av 2012. Også denne gongen støttar dei opp om våre «eigne» kunstnanrar her i Todalen. I fjor var kunstnaren Elisabeth Aas, medan det i år er Ingun Redalen White som vart valdt. Bildet heiter «Death by Dior» og er på 50×50 cm.

Les heile saka

Oppstart strikkekaffe

Elinor Bolme Torsdag 26. januar 2012

Todalen Sanitetsforening melder om oppstart av strikkekaffe førstkommande laurdag i Sanitetshuset.  Dei held ope til vanleg tid; frå klokka 14 til 17, og håpar mange tek turen innom på litt sosialt samvær og ein kaffekopp. Arrangørane ønsker nye og gamle velkommen innom.


1.  ladning  levert

1. ladning levert

Elinor Bolme Laurdag 10. desember 2011

Først i denne veka vart første ladning av strikkeprosjektet som Fredrikkekaffen har kasta seg med på levert. Solvår Lindseth Øyen fortel til todalen.no at det vart litt hastesak av denne leveringa, då ho sist helg vart kontakta av Anette Ramstad i Amandaprosjektet i forbindelse med eit oppslag VG skulle ordne til ein juleartikkel. Meininga var at dei skulle levere til prosjektet først den 22. desember, men ho og Jorunn Ness svinga seg rundt slik at alle som dei visste hadde vore med og strikka til prosjektet kom med sine plagg. Så no ventar dei med spenning på VG sin artikkel, for å sjå om alt det som vart levert frå Todalen blir omtala.

Les heile saka

Ingrid  vart  heldig  vinnar

Ingrid vart heldig vinnar

Elinor Bolme Sundag 4. desember 2011

Saniteten arrangerte i dag sin førjulskaffe i Sanitetshuset. Rundt 40 stykker med stort og smått var samla til ei triveleg adventsstund med nissegraut og juleverkstad. Undervegs var det loddsal med utallige gevinstar og kaffeservering. Ellers var naturleg nok dei aller minste i sentrum, då det var utdeling av barnas lykkeskilling til dei som har vore født det siste året.

Les heile saka

Juleverkstad  og  julegrantenning

Juleverkstad og julegrantenning

Elinor Bolme Torsdag 1. desember 2011

Søndag inviterer Todalen Sanitetsforening alle som har lyst til førjulstreff i Sanitetshuset. Dette er ein årleg tradisjon, der dei ungane som er fødde det inneværande år er spesielt inviterte for å få «Barnas lykkeskilling». I fjor vart det òg arrangert juleverkstad, noko som vart så populært at dei gjentek det i år og. Her vil det bli både klipping, liming og teikning, i tillegg til servering av nissegraut.

Les heile saka

Fotterapi

Fotterapi

Elinor Bolme Tysdag 29. november 2011

Fredag i denne veka og måndag og tysdag i neste er det fotterapi i Sanitetshuset igjen. Det er fotterapaut Olaug Bergheim Aspill som kjem denne gongen og, melder Todalen Sanitetsforening. Marit Sanden Søyset er den som held styr på timane, og ho kan fortelja at både fredag og måndag er fulle, men tirsdagen mellom 10.30 og 16.00 er det nokre ledige timar.

Les heile saka

Stort  engasjement

Stort engasjement

Elinor Bolme Fredag 11. november 2011

Dei to siste gongene Strikkekaffeen/Fredrikkekaffeen har vore arrangert har det vore godt oppmøte. Men engasjementet med Amandaprosjektet, der dei strikkar til fortidlegfødte barn, er også stor. Strikkepinnane går heilt klart ikkje berre når dei møtes desse laurdagane i sanitetshuset.

Les heile saka

Julegåver  først  på  november

Julegåver først på november

Elinor Bolme Laurdag 5. november 2011

Tysdag ettermiddag opna Todalen Sanitetsforening dørene i Sanitetshuset for å ta imot julegåver som skal sendast med Estlandsforeninga. Ekteparet Jensvoll frå Rindal er saniteten sine kontaktar med foreninga, og dei lovar at gåvene kjem fram til dei ulike intitusjonane som foreninga driv i Estland. Sanitetsforeninga gjorde dette også i fjor, og med nesten 5 søppelsekkar fylte med julegåver i alle variantar kan ein vel seie at dette er eit varmande prosjekt.

Les heile saka

Side 38 av 42« Første...3637383940...Siste »