Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trollheimen Ultra: – Klart for å stikke til fjells

Jon Olav Ørsal Fredag 14. august 2026

Laurdag står Trollheimen Fjellsportklubb som arrangør av Trollheimen Ultra 100 – eit ultraløp som har start på Bordholmen i Todalen, og som går over til Innerdal, Storlidalen, Gammelseterdalen og attende til Todalen med målgang på bordholmen.  Fredag kveld var det utdeling av startnummer, og eit orienteringsmøte som samla dei fleste av de 60 løparane son er påmeldet. 

Les heile saka

Toåa blir gjenopna for fluefiske natt til lørdag

Jon Olav Ørsal Fredag 14. august 2026

Todalen Elvaeigarlag gjenåpner fisket i Toåa fra lørdag 15. august kl. 00:00.  – Etter en måned med stengt elv åpner Todalen Elvaeigarlag igjen for fiske i Toåa. Åpningen skjer etter at styret de siste dagene har gjennomført kvalitative drivtellinger og kartlagt fiskebestanden i elva, forteller Andreas Brøndbo som er leder i elvaeigarlaget. 

Les heile saka

Oprakvelden «Hekta» fylte Todalen ungdomshus

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 14. august 2026

Trollheimsporten.no) Torsdag kveld var det Todalen sin tur til å få besøk av Stangvikfestivalen 2026. Eit fullsett Todalen ungdomshus fekk oppleve Cathrine Winnes si oppsetting «Hekta». Programleiar Cathrine Winnes med sopranen Sigrid V. Bøe, mezzosopranen Maija Skille, Tenor Arnstein Morken, bass Erik Rosenius og pianist Trygve Brøske tok oss med på ei musikalsk reise, med laus snipp og mykje humor i nokre av kjærleikens mange element.

Les heile saka

Stavgangarane tok turen til Todalen og Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 14. august 2026

Torsdagens inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgang i Todalen og Toåa tursti. Her vart det eit besøk på «pensjonistbenken», ein benk som er ei gåve frå Pensjonistforbundet til pensjonistane.

Les heile saka

Alti rundar 70 senter i Norge med Libra-senteret på Brekstad

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 14. august 2026

I ei pressemelding frå Alti Forvaltning AS fredag føremiddag, blir vi orientert om at Alti Forvaltning i dag rundar 70 kjøpesenter i Norge. I tillegg har dei eitt kjøpesenter i Sverige, så det totale talet på senter, no er kome opp i 71. Pressemeldinga frå Alti Forvaltning AS kan ein lese under. 

Les heile saka

Svinviks arboret inviterer til «Vi fargar blått!»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 14. august 2026

Laurdag 22. august klokka 12:00 – 14:30 inviterer Svinviks arboret til arrangementet «Vi fargar blått!». – Blått har alltid vært en ettertraktet farge i tekstiler, ikke minst fordi den kan være krevende å få til. Rødt, og særlig blått, var høyt verdsatte farger i vikingtiden, heiter det i invitasjonen.

Les heile saka

Demensforeninga: – Startar pårørandeskule i haust

Jon Olav Ørsal Fredag 14. august 2026

Surnadal demensforening og helselag og Rindal demensforening startar i haust Pårørandeskule i lag med kommunane i Surnadal og Rindal.  Pårørandeskulen er meint som eit tilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein ven  med demenssjukdom – eller som er spesielt interessert.

Les heile saka

Fjellgruppa med fin tur til Jøldalshytta

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 13. august 2026

Onsdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal på fjelltur til Jøldalshytta i Rennebu kommune. -Det varsla været for dagen slo til for dei 38 deltakarane på turen til Jøldalshytta, kan Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa fortelje. 

Les heile saka

Vellukka rekrutteringskveld i Toåa, men spent på gjenopning

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. august 2026

Det er tredje året at Todalen elveeigarlag arrangerer rekrutteeringskveld i elva – eit arrangement som først og fremst er beregna på born og ungdom  – der også eldre kan være med og «kaste glans» over arrangementet.  Eit trettitals personar i alle aldre var samla ved gapahuken i Båthølen, det svartkjelen kom på bålet og sørga for ekte bålkaffe til nylaga sjokoladekaker til deltakarane. 

Les heile saka

Open kiosk på Bordholmen laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 13. august 2026

Laurdag 15. august frå klokka 17:00 og utover kvelden, i samband med Trollheimen Ultra, vil Todalen Idrettslag ha open kiosk på Bordholmen stadion. Trollheimen Ultra har som kjent start og målgang på Bordholmen stadion, og arrangøren reknar med at dei raskaste løparane på dei 100 kilometrane vil kome i mål rundt klokka 18:00 laurdag ettermiddag. 

Les heile saka

Betraktningar rundt skuleskyssen

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. august 2026

Surnadal kommune har dei siste dagane motteke fleire spørsmål og bekymringar knytte til det nye bussopplegget på Indre Nordmøre. Kommunen har hatt dialog med FRAM og Møre og Romsdal fylkeskommune om saka.

Les heile saka

Laurdag 22. august er det klart for ein ny Søyacup

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 13. august 2026

Laurdag 22. august frå klokka 09:00 inviterer Idrettslaget Søya til årets utgåva av sin populære fotballcup på Søyabanen. Søyacupen er den største eindagarscupen på Indre Nordmøre, og samlar rundt åtti fotballag kvart år. 

Les heile saka