2. juli er det klart for Todalsdagen 2016, med lotteri, fotball, kiosk, grilling, «ræta opp», loppemarknad og konsert på kvelden.
Du finn også alle nyheter relatert til Todalsdagen nedanfor.
Program
Kl 08:30 Grillen tennes
Kl 09:00 Kiosken åpnes
Kl 09:30 Start på fotballturneringen – Kampoppsett
Kl 10:00 Loppemarkedet åpnar
Kl 11:00 Start kubingo
Kl 11:50 Start Mini-Ræta- Les egen sak
Kl 12:00 Start RætaOpp – Les egen sak
Kl 12:00 Open dag på Gammelfabrikken – Talgø viser sine utstillinger
Kl 14:30 Trekning Superlotteriet – Les egen sak
Kl 16:15 Finale Lillegutt
Kl 17:00 Seremoni
Kl 19:00 Sommarkosert på Todalshytta – Les egen sak – Jo Sverre Sande og Johanna Demker gir oss underholdning
Velkommen til Todalen!
Nyheter knytta til Todalsdagen 2016
Ræta Opp – har du starta oppkøyringa?
Laurdag 29. juni kl 12 går startskotet for årets store mosjonsløp – Ræta Opp. Ræta Opp blir arrangert som ein del av programmet under Todalsdagen, og vart første gong arrangert i fjor. Da stilte det over hundre deltakarar på startstreken. I år blir det nok mykje meir, trur primus motor for Ræta Opp og Todalsdagen Knut Bergli. Todalsdagen blir nok mest prega av barnefotballen denne dagen, der rundt 40 lag med miniputtar, lilleputtar og lillegutter/-jenter vil kjempe om ballen gjennom heile dagen.
Les heile sakaTid for å starte oppkjøringa til «Ræta Opp»?
Mosjonsløpet «Ræta Opp» som første gong vart arrangert under todalsdagen 2012, og vart ein suksess med over hundre deltakarar. No er det på tide å teste forma til årets arrangement, for laurdag 29. juli får du sjangsen til å slå din eigen prestasjon frå i fjor. Løypa er den same som i fjor, med start på Bordholmen, og ein svipptur opp til toppen av Ræta. Så er det målgang på Bordholmen.
Les heile saka29. juni – da skjer det på Bordholmen, igjen!
Sett av 29. juni, for da skjer det på Bordholmen, fortel Knut Bergli i Todalen Idrettslag. Han siktar sjølvsagt til Todalsdagen 2013, som er ei massemønstring av barnefotball for dei aller minste. Rundt 40 lag har delteke dei siste åra, og for mange av dei minste er det nok årets høgdepunkt. Stor fotballmønstring blir det også i år, og i fotballgruppa er dei godt i gang med planleggjinga, fortel Knut Bergli.
Les heile sakaØrjan og Brage debuterte på A-laget
I dag debuterte Ørjan Nes Haugen og Brage Hauglann Talgø på Sunndals A-lag, i 3-divisjonskampen kampen mot Larsnes/Gursken på Larsnes stadion. Sunndal vann kampen 2-1, og det meldes at dei to debutantane fekk gode skussmål for jobben dei gjorde på banen.
Les heile sakaFotballheltane på Bordholmen
I samarbeid med Todalshelga og arrangører Todalen Idrettslag har vi laga eit bildegalleri med lagbilder frå fotballturneringa. Vi er imponert over innsatsen til dei mange laga og det var artig å sjå korleis ongane kosa seg med fotball og anna leik gjennom ein lang dag på Bordholmen. Ein blir ikkje mindre imponert når ein ser at dei også brukar pausen mellom kampane til å sparke fotball. Det må kunne kallast ein dag med non stop fotball!
Les heile sakaTodalen I.L.:Vel blåst for vellukka Todalsdag…
Todalsdagen 2012 er i hamn, og da dommar Ola Magne Nordvik kunne blåse av finalekampen mellom Surnadal og Astor var fotballkamp nr 46 slutt og dei sportslege aktivitetane under Todalsdagen 2012 var avslutta. I lillegutfinalen trekte Surnadal G10 det lengste strået og vann 3-0 over Astor frå Trondheim, etter ein fartsfylt og artig kamp. Stor innsats frå alle dei 28 laga gjorde Todalsdagen til ei fotballfest, som vi håper alle deltakarane har mange gode minner frå. Ros også til publikum som var engasjert og som applauderte innsatsen på banen og gjorde stas på alle dei små aktørane som var i aksjon, seier en storfornøgd cupgeneral Knut Bergli.
Les heile sakaLøypekart for Ræta Opp
Det nye mosjonsløpet «Ræta Opp» startar kl 12.00 frå Bordholmen. Startkontingenten går uavkorta til kreftsaka, og arrangøren ioppfordrar alle til å bli med på løpet som går frå Bordholmen og over Halsabrua og opp i Halsetgrenada og toppen av Ræta, og tilbake til Bordholmen. Her finn du løypekartet og meir info om Ræta Opp.
Innspurt mot Todalsdagen
Tysdag kveld var siste stordugnad på Bordholmen før Todalsdagen som arrangerast førstkomande laurdag. Eit trettitals deltakarar på dugnaden monna godt, og det meste av førebuingane er no gjort unna. No rykkjer dei forskjellige komitèane inn og etablerer seg med utstyr for grilling, utplassering av mål og merking av dei 5 banane som skal i bruk laurdag. Det er nemleg rundt tretti lag som kjem for å ta del i fotballcupen, og tilsaman er det over 300 spelarar som skal bryne seg mot tøffe konkurrentar. Her blir det fotball frå tidleg morgon til langt utpå laurdag ettermiddag.
Les heile sakaTodalsdagen – program på papir og web
Program for Todalsdagen er klart til distribusjon. For første gong distribueres programmet «World wide» og lokalt samtidig. Bor du på strekninga mellom Kårvatn og Hauahyllån vil du finne programheftet i postkassen i løpet av kvelden. Bor du andre plassar kan du berre klikke på linken nedafor, så får du opp det digitale programheftet og kan bla deg gjennom heftet i ro og mak. Her får du presentert programmet for Todalsdagen, med kampoppsett for fotballen og informasjon om mosjonsløpet Ræta Opp og mykje meir.
Les heile sakaTodalsdagen – kampoppsett for knøtt og miniputt klart
Frå Todalen idrettslag har vi fått kampoppsett for knøtter og miniputter. Dei skal gjennom eit hardt program med 30 kampar i løpet av Todalsdagen 30. juni. Første kamp startar kl 10.00, og da går det slag i slag utover dagen til siste kamp startar kl 15.00.
Les heile sakaTysdag kveld: Dugnad på Bordholmen
I kveld er det dugnad på Bordholmen for å ta siste innspurt på anlegget til Todalsdagen. Ta med deg høveleg utstyr og kom på dugnad. Dugnadskomiteen sørger for traktering.
Superlotteri på Todalsdagen
Loddsalget er alt i gang for det tradisjonelle «Superlotteriet», der det er trekning under Todalsdagen. Søndag var Frikk H. Talgø og Jens Olav Moe på plass framfor Matkroken L.Hals for å drive førehandssalg av loddar. Dei var godt nøgd med salget, for dei aller fleste som passerte på tur inn eller ut av butikken, stoppa for å kjøpe lodd.
Les heile saka