Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Aktivitet 2009

Aktivitet 2009 (Privat: Godt mot, Todalen)

Styringsgruppa i prosjektet består av styret i Todalen bondelag og medlemmer av PT-utvalet i Todalen. Gruppa har hatt 15 møter i løpet av året.

2009 er andre arbeidsåret vårt. Eit hovudfokus har vore marknadsføring av bygda i høve til barnetv-serien frå Todalen «Fjellgarden i Trollheimen», som gjekk på nrk1 i haust samt at vi har fått eiga nettside Todalen.no!

Bustader

Bustadgruppa har hatt fleire møter med kommunen med agenda om omsorgsbustader, gjennomgangsbustader og nye tomter, og vi har fått dette inn på kommunen sitt budsjett. I samarbeid med kommunen har vi gjennomført ei spørreundersøking for å finne behovet for omsorgsbustader i Todalen. Ein privat reguleringsplan med fire tomter er lagt ut og det er planer om utviding av eit kommunalt felt.
Bygda har ei stor utfordring i å skaffe folk i alle livsfaser ein stad å bu. Eit anna viktig moment er at Trollheimstunnelen kan bli ein realitet om berre få år. Om alt går etter plana starter arbeidet opp i år 2014. Då må Todalen vera klar til å ta imot dei som ynskjer å flytta til bygda.

Trivsel/samhald/møteplassar

Godt mot, Todalen har sett i gang mange ulike aktivitetar dette året, men har og vore med som eit støttespelar i godt samarbeid med andre lag og organisasjonar.

Strikkekafé

Sanitetsforeninga har laga ein strikkekaffe i foreninga sine lokale, der Godt mot, Todalen har støtta tiltaket med å dekkja husleiga. Her har damer i alderen frå 30 til 90 år hatt ein sosial arena for å utøva ein felles interesse for å halda liv i eit viktig handverk. Handlingsbåren kunnskap i praksis!
Les om strikkekaféen på Todalen.no

Premierefest

Godt mot, Todalen var med å arrangerte eit storslått premièrefest oppi Kårvatn i samband med barne-tv serien «Fjellgarden i Trollheimen» som gjekk på NRK1 i haust. Dette vart eit stort arrangement som drog over 350 stk opp til Kårvatn, ein fin kveld i byrjinga av september med visning av filmen, musikk av Grand Prix junior gruppa «Batteri» frå Surnadal mellom anna.

Vi serverte kortreiste smaksopplevingar frå bygda, eit godt døme på ei mobilisering der store og små todalingar drog til skogs for å hausta blåbær til dessert, og tyttebær som vart til ei kulinarisk saftoppleving! Kanskje ein produktidé som kan seljast?

Denne serien er ei unik marknadsføring av bygda og kan gje oss mange moglegheiter for vidare utvikling av ulike aktivitet, prosjekt og næringar.
Les om premierefesta på Todalen.no

Møtestad for unge

Vi held på med planlegging av ein stad for unge å møtast og vonar å få til ein plass i løpet av våren.

Kurs, kunnskap og kompetanseheving

Fotokurs

17 deltakarar og kurset gjekk over 5 kveldar. Marion Otterlei og Randi Gjøra hadde det faglege ansvaret. Her møttest gammel og ung, nyleg innfløtta todalingar og gamle ringrever. Bygdemobilisering!

Ungskogpleie

Annagruppa planlegg å rydde stier, vegkantar og liknande. Dei trong fleire med kompetanse på ryddesag. Godt mot, Todalen skipa kurs med Ingebrigt Landsem som instruktør, og kommunen vart med å støtta oss økonomisk.

Mediakurs

Onsdag 21. oktober, 2009 var det mediekurs på Todalen Brygge, der deltakarar både frå næringsliv og organisasjonar deltok.
Det var “Godt mot, Todalen” som var arrangør sammen med Profero (Surnadal Utvikling). Det var til saman 12 deltakarar, inklusive redaksjonsstaben i Todalen.no. Oddbjørg Åsen Bjørdal var ansvarleg for det faglege.
Les om mediakurs på Todalen.no

Kokkekurs

“Kokkekurs for karra” hadde siste kurskveld måndag 7. desember. Kurset gjekk over 3 kveldar på Hammestuene med Tor Rune Halset som kursleiar.
Les om kulinarisk solfest med kokkekurs-deltakarane på Todalen.no

Kompostkompaniet

Det vart i vår danna eit «Kompostkompani» som har til formål å lage ein kompost som kan nyttast for alle interesserte. Det er mange i bygda som har stor kunnskap om både hagebruk og kompostering. Grunnlaget for ein kompost er lagt og det har vore fleire arbeidskveldar for å tilretteleggja og arbeid med komposten.

Synleggjering og identitet

Todalen.no

Nettsida todalen.no er blitt ein svert viktig del av satsinga som er gjort i samband med prosjektet Godt mot, Todalen.

Det vart forhandla fram ei løysing slik at vi kunne ta i bruk Todalen.no som adresse for nettsida, samt at det vart hyra habile folk som hadde rett kompetanse for å bygge opp ei nettside som kunne fungere slik vi ønska. 3 redaktørar sørgjer for å tilføre nyheiter og daglege oppdateringar av sida. Lag og organisasjonar har fått ei side kvar, der dei har høve til å legge inn presentasjon/info om laget og eventuell link til eiga nettside. Dette skal dei etter kvart betale litt for.

Teknisk er sida bygd opp med plass til å vise dei 12 siste nyheitssakene, samt aktivitetskalender som er bygd månad for månad og frå februar har vi og vêrmelding.
”Dagens bilete” vert skifta kvar dag og er eit agn for å få folk til å besøke nettsida dagleg. Dette er hovudsak bilete som lesarane sender inn og som er med i konkurransen om ”månadens bilete” som vi har starta frå mars.

Arbeidet vart starta som rein dugnad for å sjå om dette var liv laga. No arbeider vi med å etablere meir faste rutinar og redaktørane vil nok etter kvart få litt godtgjersle. Dette må finansierast gjennom salg av annonsar/linkar.

Besøkstala har auka jamt og trutt, og var i februar kome over 9.000. Talet for unike besøkande i februar var nær 2.500, og det er redaksjonen godt nøgd med.
Det er kome mange positive tilbakemeldingar på nettsida, og vi synes den fungerer godt som informasjonsorgan i bygda og ikkje minst for ”Godt mot, Todalen” som har eit stort informasjonsbehov.

Vi har inntrykk av at fleire etter kvart nyttar seg av å legge ut info på aktivitetskalenderen og at dei kan følgje med på det som skjer i bygda på denne.
Bygdefolket er etter kvart blitt flinke til å informere og gi tips om nyheiter og ting som er aktuelt. Synleggjeringsgruppa har også vore til stor hjelp for redaksjonen med å systematisere informasjon som er lagt ut på nettsida.

Todalen.com

Arbeid med eit AS i samband lage eit selskap som skal hjelpe turistnæringa i bygda.

Publisert: 24. mai 2010, 17:30