Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
I gang med strikkekafé igjen

I gang med strikkekafé igjen

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. oktober 2009

Sanitetsforeninga er i gang med strikkekafé igjen. Laurdag 17. oktober var første gong i haust, men det er meininga at det skal bli ein gong kvar månad sa Solvår Øyen og Jorunn Ness som var vertskap denne gongen.
Sjølv om det heiter strikkekaffe er du ikkje nødd til å ha med «boinning» for å kome til sanitetshuset. Det held godt å ha med godt humør for å delta i den sosiale samlinga. Og sjølvsagt er det kaffeservering, i vanleg stil for sanitetsforeninga. Som sagt er det Todalen sanitetsforening som står som arrangør, med dei får god støtte frå bygdemobiliseringsprosjektet «Godt mot, Todalen» til å dekke husleia. Rolla som vertskap for for strikkekafé’n går på omgang mellom medlemane i sanitetsforeninga.

Først publisert: 17. oktober 2009, 18:00 - Sist oppdatert: 28. juni 2010, 04:04