Det har vore mykje snakk om varmerekordar i mars. I veka som gikk vart det sett ny norsk varmerekord for mars med +23,1 grader på målestasjonen i Landvik i Grimstad. Den høgste marstemperaturen på Småhjellen kom allerede i 1990 med + 16,4, og den kaldaste kom 1. mars 2001 med – 20,5 ( einaste målinga under -20 i mars på over 20 år) I motsetning til årets marsmånad, var det i 2006 heile 14 dager med – 10 eller lågare, skriv Jon Bruset i ein e-post til Todalen.no
Les heile saka
Arbeidet med å utbetring av vegen over rasstaden i Falla har starta. I første omgang har Per E. Gjeldnes starta med tilkjøring av stein for å lage nytt fundament til vegen forbi rasstaden. Eit oppkomme gjer at det enno er mykje vatn i området, og sjølve vegarbeidet kjem nok ikkje i gang før over påske. Gjeldnes fortel at ein skal prøve å lage ei steinfylling i sjølve raspunktet, med dersom det ikkje går an så blir det eit omfattande arbeid med steinfylling heilt frå bakkekanten og opp til rasstaden.
Les heile saka
For noen dager siden uttalte arrangøren av Seterrennet at det var ønskelig med mere snø før skjærtorsdag. Det er ikke ofte at noen blir bønnhørt så til de grader med sine ønsker. Snø fikk vi i rikelig monn, og det hadde selvsagt klart seg med mindre. Imidlertid har også snøfallet sin negative sider, og den annonserte busstransporten er det ikke mulig og gjennomføre under de rådende forhold. Vi satser derfor på traktor og tilhenger som transportmiddel. Det er selvsagt ikke noen komfortabel skyss, men et alternativ for den som ikke foretrekker å gå. Samtidig gir vi klarsignal for å kjøre selv for den som har 4-hjulstrekker. Vi vil på det sterkeste fraråde de med 2-hjulstrekker å prøve seg på seterveien. Da kan det bli kork og trøbbel for de som har utstyr til å komme seg fram. Ellers går Seterrennet og After Ski som planlagt.
Arnt Ivar Brønnbo melder i dag at den lova oppkjøyrde skutertrasseen til Kjerringdilten heng i ein tynn tråd. Idrettslaget sin skuter er ute av drift grunna ein oljelekasje, og i tillegg er føret av slik karakter at det er bortimot umuleg å ferdast til fjells no. Det har dei siste døgna snøa mykje både på fjellet (ca 70 cm) og nede i bygda, noko som gjer det vanskeleg med tanke på å komme seg opp om veret fortsett som no.
Les heile saka
Fleire har dei siste timane hatt problemer med internett tilgangen. Kundesevice hos Svorka Aksess fortel til todalen.no no at dette skyldast eit ras på Sunndalsøra. No skal denne feilen vera retta, då dei har fått abonnentane over på ei reserveløysing til den ordinære fiberkabelen blir reparart.
Les heile saka
Talgøkonsernet ekspanderer videre, og søker nå etter «Salgs- og markedskoordinator» til hovedkontoret i Todalen. I stillingsbeskrivelsen står det at «Stillingen får oppgaver som vil ligge i skjæringspunktet mellom salgsorganisasjon og marketingavdeling og rapporterer til salgssjef». Her kan du laste ned stillingsannonsen som PDF-dokument. Søknadsfristen er 16. april.
Todalen I.L. inviterer alle til Skihytta langfredag. Da er det tradisjonell «Kjerringdilt» og hytta har open kiosk med salg av forfriskningar. Rennet startar kl 13.00. Kjerringdilten går på idealtid, og det er sett opp ein fin vandrepokal til den som kjem nerast idealtida, melder T.I.L., trimgruppa. Det blir også høve til å ta skimerket denne dagen. Det blir oppkjørt spor opp Øyalia og frå Innerdalsmerket. Møt opp og bli med på ein triveleg skidag på Skihytta, oppfordrar Trimgruppa. Her kan du laste ned plakaten som PDF-dokument.
Todalen sokneråd minner om aktivitetane i påska 2012. i Todalen kyrkje er det kveldsgudsteneste skjærtorsdag kveld kl 19.30. Da er det nattverd.
Seinare i påska er det friluftsgudsteneste på Haugligardane, 2. påskedag kl 12.00. Her deltek også Todalskoret og Trimgruppa i Todalen I.L. sørgjer for litt grillkos etter gudstenesta. Dersom det blir dårleg vær blir arrangementet flytta til kyrkja. Plakaten kan du laste ned her.
Det store snøfallet siste døgn har gjort at det er utstedt snøskredvarsel for Sunndalen og Trollheimen. I Todalen er det kome minst 30 cm blaut nysnø og i fjellet er det muligens kome meir. Dette skaper stor snøskredfare og folk blir oppfordra til å vere ekstra forsiktig. Her finn du meir info om snøskredvarselet på yr.no. Vermeldinga på yr.no finn du her.
Været i helga, og vêrmeldingane i dagane som kjem, er ikkje akkurat så innbydande for for uteaktivtetar. Har du behov for å bruke energi og få rørt på kroppen, så kan vi anbefale å ta ein tur til Surnadal trenings- og velværesenter! Dei arrangerer ein skikkeleg innedag på sentret tyrsdag 3. april. Da opnar dei senteret for ekstra trening, og dei sel «drop in» for kun kr. 50,-, og melder at resepsjonen er bemanna frå kl 09.00 – 20.00.
Les heile saka
Todalen Båtforening hadde kalla til arbeid i båthavna lørdag 31. mars. 7 medlemmer møtte opp for å fjerne rekved, tang og andre uhumskheter som stormen Dagmar hadde lagt igjen etter sine herjinger. Alt var imidlertid skjult under et jomfruelig lag nysnø, og havna så ut som et julekortmotiv. Det viste seg helt fånyttes å prøve […]
Les heile saka
Siste ord er ikkje sagt enno i telefonsaka da både mobiltelefonar og fasttelefon i Todalen var ute av drift i 6 dagar i februar. Det var i tidsrommet 17. – 23. februar at heile bygda var utan telefondekning, da både fasttelefon og begge mobilnetta var ute av drift. Surnadal kommune tok omsider fatt i saka, og etablerte naudtelefonkontaktar for IP-telefoni og satellittsamband i bygda. Ordførar Mons Otnes seier til Todalen.no at han har følgt opp denne saka, og etter fleire rundar med forhandlingar har han fått til ei løysing med Telenor, der dei vil refundere heile telefonrekninga for 1. kvartal i år. Dette gjeld både Telenors fastnett og mobilnett, men omfattar ikkje dei som har Netcom abonnement.
Les heile saka