Laurdag 12. mai er det sesongopning av Svinviks arboret. Onsdag kveld arrangerte arboretet dugnad i lag med Surnadal hagelag for å ta den siste vårpussen før anlegget blir opna for publikum om halvanna veke. Og opninga ser ut til å være godt planlagt i høve starten på blomstringa i år. Det står no Rododendronbusker fulle […]
Les heile saka
På tur nedover Lykkjebygda fikk vi ideen om å stikke innom MP’s Heimebakeri. Det er Martinus Peder Haugen som driv eit lite bakeriet som er lokalisert til det gamle fjøset i Ytre Lia, der han produserer storbrød, formkaker, knekkebrød, påleggssalatar og mølsgraut. Og varene går unna, blant anna på Mega og Kiwi i Surnadal, på torvet i Kristiansund og hos Joker på Kvanne.
Les heile saka
1. mai og saulamming blir ofte omtala som «Vårens vakraste eventyr». Underteikna har ikkje delteke på saulamming i år, men fekk i dag være med mannen på motorsykkeltur. Og 1. mai er som kjent ein merkedag for motorsykkelentusiastar i heile landet. I vårt område går den tradisjonelle turen rundt Trollheimen. For oss betydde det samling på Skei på føremiddagen for dei med tilhald fra Surnadal og Halsa, for så å bevege seg nordover om Storås, Berkåk, Oppdal og ned att om Sunndalen for å ta ferga over fra Rykkjem til Kvanne.
Les heile saka
Onsdag 2. mai kl 18.00 er det dugnad i Svinviks arboret. Det er arboretet som arrangerer dugnaden i samarbeidt med hagelaga, og det er førebuing til sesongopning av arboretet som står på programmet. Dei oppfordrar folk til å ta med høveleg reiskap og kome på dugnad. Arboretet har sesongopning 12. mai. Sjå heimesida til Svinviks arboret og sommarprogrammet 2012.
Søndag var det konfirmasjon i Todalen, og det fine vårvêret med sol frå blå himmel var nok med og sette ein ekstra spiss på dagen for både konfirmantane og tilreisande gjestar. Det var i år 4 konfirmantar, 2 gutar og 2 jenter, og vikarprest Leif Endre Grutle gjorde seremonien til ei fin oppleving for konfirmantane.
Les heile saka
Brannmannskapet i Todalen brannkorps fekk etter spylinga ved Talgø og Matkroken torsdagkveld ei lita påskjønning av befalshavande Gunnar Bøe i Surnadal brannvesen. Han hadde fått i oppdrag frå brannmester Tor Arne Moen om å ta med blautkake til brannmennene etter at mannskapet for ei tid tilbake viste imponerande innsats i ei utrykning med hjartestartaren som dei har ansvaret for. Befalshavande […]
Les heile saka
2. mai kl. 19.00 er det klart for årets første seriekamp på Bordholmen. Da braker vårt juniorlag G 19 – Todalen/Kvass-Ulv./Søya sammen mot Surnadal
G 19. Her vil vi oppleve at det er todalinger og kvennalanninger på begge lagene, og det vil nok gjøre det ekstra spennende, forteller manager Terje Nordvik til Todalen.no.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag starta sesongen torsdaga 26. april. Vi møttest ved Bondehuset i Stangvik og køyrde samla mot Bøkeskogen/Grantrøinn. Leiaren, Martinus Torvik, opplyste at det var fritt val kvar og kor langt vi ville gå, men klokka ½ 3 skulle alle samlast til kaffepause. Mange valde å gå etter den fine skogsvegen i retning Storsetra. Til avtalt tid samlast alle 39 deltakarane på den idylliske uteplassen med løe, bålplass og rikeleg med benkplass.
Les heile saka
1-7.klasse på Stangvik oppvekstsenter stod i ring og sang «Barn av regnbuen» i dag og markerte dermed sin solidaritet for aksjonen på Youngstorvet i dag. Aksjonen var blant annet en protest mot Breiviks omtale av sangen som et eksempel på marxistisk indoktrinering av barn. Det har vært lignende støtteaksjonen over heile landet i dag, og […]
Les heile saka
Det er eit sikkert vårtegn på Kvennset at Todalen brannlag spylar vekk strøsand, rusk og rask på plassen frammafor Talgø-fabrikken og Matkroken L.Hals. Dermed slår dei to flyer i ein smekk, og får gjort vårreint samtidig som dei får køyrd motorane på brannpumpene ein skikkeleg runde etter ein lang vinter uten å ha vore i bruk.
Les heile saka
I går ettermiddag var det Todalen Sanitetsforening sin tur til å arrangere dugnad. Saniteten er som kkjent eigarmann av eige hus på Kvendset. Der er det no i helga utleidd til konfirmasjon, og då krevst det at området er flidd og i retteleg stand. Difor vart det denne kvelden raka, klippt plen og kjøyrt bort […]
Les heile saka
Søndag 29. april kl 11.00 er det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje med vikarprest Leif Endre Grutle. Det er i år 4 konfirmantar i Todalen; Lena Rovik Olsen, Emma Saksen Ulvund, Steffen Aune og Stian Nordvik Bruset. Det er offer til kyrkjelydsarbeidet i Todalen.