Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Karneval i barnehagen

Karneval i barnehagen

Elinor Bolme Fredag 1. mars 2013

Onsdag var det mange ulike skapningar å treffe i barnehagen. Ungane og dei tilsette arrangerte denne dagen karneval, der det var både prinsesser, muskelmenn, brannmenn og sauer som deltok. Frå styrar Jorunn Nordvik har vi fått tilsendt to bilder og ei lita helsing. Ho skriv:

Hei!

Her kjem nokre bilder frå ein fornøgd gjeng! :o) Vi avslutta februar med å arrangere Karneval i barnehagen. Vi hadde ein fantastisk dag med utkledning, leikar og god mat og frukt.

Helsing

Todalen barnehage

Publisert: 1. mars 2013, 19:50