IL Søya sine nettsider annonserer med basar i Myrvang den 4. november. Det er økonomigruppa som står for arrangeringa denne gongen, og nettsida melder at dei er takksame for gevinstar.
Les heile saka
IL Søya sine nettsider annonserer med basar i Myrvang den 4. november. Det er økonomigruppa som står for arrangeringa denne gongen, og nettsida melder at dei er takksame for gevinstar.
Les heile sakaKolo Veidekke har dei siste dagane jobba med reparasjon av krysset ved Pilskaret. Det er lagt ned nye stikkrenner og grøftene er reinska. No er arbeiedet igang med utskifting av massen i vegbanen i to etappar. Halve vegbanen er no klar for fylling av ny masse, og så står det att å legge på ny asfalt eller oljegrus.
Folk blir meir og meir asosiale, men så fort sola kjen fram ein fin haustdag kan ein slumpe til å sjå naboane så snarast. Og helgas utruleg fine ver gjorde at aktivitetsnivået, og lydnivået i Bekkerhagen var på det aller høgste på lange tider. Det var rydding i garasjar, bålbrenning og hekkfjerning. Folk kosa seg tydeleg i det gode veret, samtidig som litt vinterlege forberedelsar vart gjort.
Les heile sakaDa er det klart for framføring av det årlige prosjektet for 10. klasse ved Surnadal ungdomsskule. Noko av stoffet er nytt og aktuelt i år, med noko er plukka frå tidlegare år, og det blir framføring tre kveldar – tirsdag, onsdag og torsdag. Alle elevane i 10.-trinnet deltek i prosjektet, kvar på sin måte. Her kan du kjøpe billett!
Vi får atter besøk frå ein ihuga trekkspelkar frå Gjemnes, og denne gongen er det Konrad Nerland som kjem. Han vil fortelja om Mad Berg, som er ein landskjendt forfattar av skulesongboka. Frå Surnadal kjem Torgeir Leivdal og vil spela slåttar som og Leif Halse spela. Alf Ramsøy vil lesa tekstar av Leif Halse. Det vil bli utlodding og servering av kaffe. Alle er velkomne! Her kan du laste ned plakaten som PDF-dokument.
Det vart ein dårleg start på sesongavslutninga for TSKU på Bordholmen laurdag, da Molde etter kort tid fekk inn 2 ”larvmål”. TSKU reduserte heilt på tampen førsteomgangen, men dei måtte gå til pause med 1-2. I andreomgangen auka Molde til 1-3, som vart sluttresultatet. Ein fortent siger til Molde, sjølv om TSKU kjempa god gjennom heile kampen.
Les heile sakaServertrøbbel har prega denne helga. Nettsida Todalen.no har vore ute av drift frå laurdag morgon i 8-tida, og kom først på lufta igjen måndag i 7-tida. Årsaka et utfall av ein server hos webhotel-leverandøren Nordialog, som nok har avslørt ein alt for dårleg helgeberedskap. Todalen.no jobbar for å flytte servertjenesta over på eit anna webhotell så snart som mogeleg, slik at vi kan unngå slike lange driftsstans i framtida.
Det er Sven Olav Svinvik som har det gamle biletet av bussen/lastebilen til Ingebrigt Kvendset (Sandstad). Biletet er frå Svinvika og dei som Sven Olav kjenner er far hans Bjarne og mor hans Anna-Lisa,bestefaren Erik Svinvik, Bengt og Else Maj. Ingebrigt Kvendset står midt på biletet. Trur elles det er folk frå Viastua med på biletet?
Les heile sakaTorsdag 27. september samlast stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag ved Stangvik skule og gjekk opp til Holden. Herifrå hadde vi fin utsikt over bygda og utover mot Kvenna, Røkkum og heilt til Meisingset.
Les heile sakaKyrkja har lenge jobba med den nye gudstenestereformen. Dei tre sokna i Stangvik prestegjeld er ikkje noko unntak, og Bernt G. Bøe har som organist delteke i dette arbeidet både i Stangvik, Åsskard og Todalen sokneråd. No ligg det an til at biskopen ikkje godkjenner det resultatet dei er komne fram til. I det høve kjem Bernt G. Bøe med ei meiningytring til «dei kyrkjelege mynde» som han gjerne vil ha svar på. Nedafor finn du heile innlegget til Bernt G. Bøe:
Les heile sakaIndre Nordmøre Forsvarsforening (INF) fyller 30 år i år, og det skal dei markere med jubileumsfest. Det skjer 20. oktober på HammerStuene på surnadalsøra, skriv ledar Olav Jostein Holten i ei pressemelding. Da inviterer dei alle sine medlemar med følge til fest, og dit kjem også generalsekretæren i Norges Forsvarsforening Christian Bugge Hjorth som skal halde festtalen.
Les heile sakaSist helg hadde dugnadsgjengen bak vinterens store Pink Floyd prosjekt i Surnadal øvings-kickoff på Kulturhuset i Surnadal. De 15 musikerne, -som utelukkende består av musikere og vokalister fra Surnadal, jobbet hele lørdag og søndag med innøving av de første 6 av tilsammen 14 låter som kommer til å utgjøre en storslagen Pink Floyd hyllest i Storstuå i Surnadal Kulturhus lørdag 16 februar neste år.
Les heile saka