Om sommaren 2012 er den dårlegaste i manns minne er vi ikkje sikker på, men statistikken vi har fått frå Jon Bruset fortel oss iallfall at det har vore ein av dei dårlegaste somrane sia han starta med registrering av maksimum og minimumstemperaturar i 1990. Han har gjort ei oppteljing, og sommaren 2012 har berre 17 sommardagar i notatane hans. Ein sommardag er definert som ein dag der maksimumstemperaturen er 20 grader eller meir i løpet av døgnet.
Les heile saka
Todalen Elveeigarlag melder at dei er så godt som im mål når det gjeld årets stamfiske etter laks. Dei har no 5 hofiskar og 2 hanfiskar som er i god kondisjon og som er gentesta, men det er enno ønskjeleg med 2-3 hannar for å få større breidde i genmaterialet.
Les heile saka
Stavganggruppa i pensjonistlaget la torsdag 6. september turen til alpinsenteret i Sæterlia. Lisbet Ranes og Tor Mogstad stilte som lokalkjende turleiarar der dei opplyste om namn og fortalde historier på turen. Først gjekk vi til Tømmerhaugen, det nye bustadfeltet straks nedfor alpinsenteret. Etterpå losa Lisbet oss til Ropar´n, ein plass rett opp for Trudvang med utsikt over det meste av nerbygda
Les heile saka
Fredag kveld opnar Ole Mauseth utstillinga «Marmor og bronse» i Finstuå på kulturhuset. Det blir ei jubileumsutstilling både for kulturhuset og for Ole Mauseth, for det er 10 år sia han hadde utstilling i kulturhuset og utstillinga er eit av jubileumsarrangementa for Surnadal kulturhus. Denne gongen er det altså skulpturar han stiller ut, og det er første gongen at det er ei utstilling med berre skulpturar i Finstuå.
Les heile saka
Det er nå klart for Trondhjem turistforenings planer for bygging av ny turisthytte i Naustådalen. Da verneområdestyret for trollheimen hadde møte i forige uke vart de to klagene på forrige møtes vedtak avvist med henvisning til Naturmangfoldloven. Det var Trollheimen Sitje (reindrift) og Naturvernforbundet i Møre og Romsdal som hadde klaga på vedtaket.
Les heile saka
Onsdag hadde Eldrerådet i Surnadal kommune møte i Todalen. dei hadde mange saker på dagsorden, men av lokale saker som for Todalen vart det diskutert tomt til eldrebustader i Todalen. Eldrerådet konkuderte med at det er stor behov for fleire eldrebustader, og at det er ei viktig sak som kommunen må prioritere.
Les heile saka
Surnadal kulturhus arrangerer i dag kl.13.30 Onsdagstreff. Dei viser da filmen Kon -Tiki på Kammerset. Det som er nytt er at Svein Sæter vil komme for å prate om den opprinnelige Kon-Tiki ferda. Han har førstehånds kjennskap til dette, han har vore med å skreve bok sammen med ein av deltakerne, Knut Haugland. Han har til og med dagboken hans!! Dette blir etter at filmen er vist.
Som dei to siste åra blir det også dette året eit arrangement på Åsen Bygdemuseum med Todalen historielag og Stangvik historielag. I år blir museumsdagen ei markering av kulturminnedagen. Den norske kulturminnedagen vert markert kvart år i september, med arrangement over heile landet. Formålet med kulturminnedagen er å bidra til å skape forståing og interesse for kulturminner og kulturmiljø. Årets tema er «Møtestader», noko som passar godt for å markere dagen akkurat på Åsen med si lange historie som møtestad – som soldatgjestgiveri, skysskifte, gamalheim og no som museum.
Les heile saka
Vi har tidlegare lest på nettet om at det er svindlarar som lokkar folk i fella med å tilby oppgradering av virusprogram. Måndag fekk vi e-post frå May Elisabeth Holten, som åtvarar mot slike telefonar. Ho skriv: «I helga vart vi oppringt frå telefonnummer 001256781425, og ein vennleg mannsstemme fortalde (på engelsk) at han ringde frå Microsoft Security. Datamaskina vår var ikkje lenger sikker mot virus, så han vllle hjelpe oss med oppgradering! Vi har lest og høyrt at det har vore fleire slike falske oppringingar.
Les heile saka
Sist helg tok eit trettital av dei tilsette på Talgø langhelg og dro på tur til Polen, eller nærare bestemt til Gdansk og omeng. Turen var ei blanding av fagleg studietur og av meir avslappa helgetur med litt kultur på programmet. Torsdag morgan var det avreise med Stenbergsbussreiser til Værnes lufthamn for eit par timars flytur til Gdansk og Lech Walesa Airport. Godt påvendt nordvesten som vi er, vart det eit merkbart klimaskifte da vi kom til Gdansk og fekk oppleve sommarvêret som vi har sakna i heile sommar.
Les heile saka
Nok ei ny veke, med fleire kampar rundt om på stadionane.Vi tek med både kampane som går på Bordholmen, Søyabanen, Banksletta og Ålvundfjorden. Desse ligg også ute på IL Søya sin banekalender, og er til ei kvar tid oppdatert ved omrokkeringar.
Les heile saka
Leder i ski- og friidrettsgruppa, Jorid H Ansnes melder om at det førstkommende onsdag blir lagseriestevne med mulighet for å ta idrettsmerke på Bordholmen. Slik som det ligg an per i dag, kan dette bli det einaste lagseriestevne denne hausten, men er det nokon som ikkje får til å møte for å prøve seg på idrettsmerke denne kvelden, vil gruppa vere behjelpeleg med det seinare også.
Følg med på aktivitetskalenderen her på todalen.no, og butikkdøra på Hals i tilfelle dei dreg til med fleire kveldar.