Laurdag 4. august hadde Norsk Vandrefestival invitert Stavganggruppa til vandring rundt Igltjønna. Regn og skodde hadde skremd mange frå å ta turen opp til Rindal, men 28 hadde likevel trossa vêret og møtt fram. No viste det seg at regnet ikkje beit på rindalingane, for her var det opphaldsvêr under heile marsjen.
Les heile sakaFuchsia i lange baner…
I helga har Svanhild Hogstad (Steinarstua) utstilling og salg av Fuchsia på Todalshytta. Ho starta laurdag, og skal fortsette søndag. Det var mange som var innom for å sjå den imponerande utstillinga av Fuchsia, og mange var nok interessert i å kjøpe. Svanhild fortel at det finns eit førtital variantar av Fuchsia, ho viste da også mange forskjellige variantar og storleikar i utstillinga. Dei største var eit par meter høge og var rundt 10 år gamle.
Les heile sakaToåa: Innspurten nærmar seg
Etter ein relativt bra sesong for laksefiske i Toåa, har det den siste veka vore heller svakt fiske både for laks- og sjøaure. Det er bra vassføring i elva, men om det er temperaturen eller om det har andre årsaker strides dei lærde om. Men Erik Greger frå Knatter i Nord-Odal har stått tyrufast i elva, og vi slo av ein prat med han ilaurdag ettermiddag.
Les heile sakaIkkje pubkveld
Redaksjonen har fått melding om at det ikkje er pub på Pakkhuset pub i kveld, slik som det var informert om under siste helgs opning.
J13 vart slegne ut i semifinalen!
I ettermiddag har Søya-Todalen-Kvass/Ulvungen J13 møtt Bergen Nord/Hovding i semifinalen i B-sluttspelet på Ekebergsletta. Tross i stor optimisme og kampvilje vart Bergen Nord/Hovding for sterke i semifinalen, og kampen endte med tap 1-3. Mari Gjul utlignet for STKU like etter pause, men bergensjentene kom sterkt attende og vann fortjent. Men J13-jentene kan være stolte av resultatet dei har oppnådd under Norway Cup og vi er imponert over den store innsatsen og prestasjonen.
Les heile sakaJ13 videre med seier over Lillestrøm!
Fra Knut Haugen og resten av gjengen på Ekebergsletta har vi fått dageng gladmelding: J13 slo Lillestrøm 1-0 i kvartfinalen!! Live Røkkum scora på frispark fra langt hold i 1.omgang. Semifinale blir spela i dag kl 15.30. Motstandar der er ikkje avgjort enda, men det står mellom Vålerenga eller Bergen Nord / Hovding.
J13 mot Lillestrøm – kampen utsatt til fredag
På grunn av regnvær og overvatn på Ekeberg er kampen som skulle gått torsdag kveld utsatt. J13-lagets kvartfinale B mot Lillestrøm er flytta til fredag kl 09.00. Så får vi håpe på betre tilhøve og full fart fredag. Vi ønskjer lykke til!
På tur – for 50 år siden
Fra Reidun Østvik har vi fått tilsendt et turbilde med historisk sus. Hun skriver i e-posten: «Sender deg i dag et lite “jubileumsbilde” fra den tida vi var ung og sprek, og gikk i fjellet. Bildet er fra Talgøsetra, og er fotografert av Reidar den 1. august sommeren 1962! Turgåerne er Ingrid Halset Nestua, og søskenbarnet hennes, Astrid Halset, og meg. Vi er på vei over Bjøråskaret til Innerdalen. Mora til Astrid Halset var fra Nerdalen. Som du ser, så har landskapet og veksten ved setra forandret seg utrolig mye gjennom disse 50 åra!»
Rock’en roll!
Etter mykje om og men har vi endelig fått ordnet slik at den tidligere omtalte barnehageopptredenen ved sommaravslutninga på Oppvekstsenteret her på forsommaren no blir publisert. Fordi innslaget var såpass langt, og det ikkje var ønskeleg med redigering, har vi benytta oss av Youtube. Filmsnutten er filma av Jostein Bruset og viser ei engasjert barnehagegruppe framføre Rock’en roll, fiskeboll.
Les heile sakaTaekwon-Do – kulturkveld på Gammelfabrikken
Denne veka er det Taekwon-Do leir for vaksne på Nordmøre Folkehøgskule. Det er ein av tre leirar i sommar, for tidlegare i sommar har det vore leir for ungdommar og neste veke er det sommarleir for barn og foreldre. Det er no 22. året på rad at Surnadal Taekwon-Do klubb arrangerer sommarleir med deltakarar frå heile landet, og i løpet av sommaren er det rundt tusen deltakarar som er innom, fortel eldsjel og leirgeneral Kjell Gunnar Polden.
Les heile sakaFuchsia på Todalshytta
Laurdag 4. og søndag 5. august vert det ustilling og salg av Fuchsia på Todalshytta. Det er Svanhild Hogstad (Steinarstua) som gjennom ei årrekkje har drive Drivstua garneri i Trondheim, som kjem for å vise fram litt av sitt utval av Fuchsia. Ho lesser full bilen og setter kursen for Todalen komande laurdag, og da blir det høve til både å sjå og kjøpe både laurdag og søndag, dersom du vil.
Les heile sakaNorway Cup – Oppdatert om sluttspelet
To av kampane i sluttspelet er ferdig. G19 måtte finne seg i at dei møtte overmakta mot Hauketo, og gikk på eit tap på 0-2. Knut Haugen rapporterer at det var ein jamn kamp, men laget fikk ikkje utteljing for sine målsjansar i 1. omgang. Men Hauketo klarte altså det viktigste, nemleg å score 2 mål. Men den skadeskotne troppa har gjort ei fin innsats i Norway Cup, der spesielt seieren mot Sykkylven var ein sterk prestasjon.
Les heile saka