Årets SøyaCup blir arrangert laurdag 24. august på Søyabanen, skriv I.L. Søya på nettsida si. Det er ikkje så mykje informasjon som er tilgjengeleg enno, men det er alt no klar at det blir tradisjonelle deltakarklassar under cupen. Det vil seie J08, G08, J10, G10, J12 og G12. I løpet av våren blir det sent ut invitasjon og informasjon om påmelding.
Les heile saka
Todalen idrettslag held løypene opne fra Innerdalsmerket til Skihytta via Tristeinan, og frå Øyalia til Skihytta. Løypene er kjøres opp med snøskuter, og Arnt Ivar Brøndbo rapporterer kjempefint skiføre i høgda. Frå Jon Bruset har vi fått nokre flotte bilde frå tysdagens skitur i området, og han skriv i ein e-post til Todalen.no at det er ingen grunn til å sitte heime når det er så fint i vêr og føre i fjellet.
Les heile saka
Svinviktunnelen vil onsdag og torsdag i tidsrommet 08-18 bli delvis stengt medan renoveringsfirmaet Betongrenovering AS skal foreta boring i forbindelse med sikringsarbeidet ved tunnelåpninga. Personbilar kan, på eige ansvar, kjøyre gammelvegen ved behov.
Indre Nordmøre forsvarsforening minner om årsmøtet på HammerStuene på Surnadaløra. Det skjer torsdag 21. februar kl 13.00. Beredskapsleder i Møre og Romsdal, Kjell Matvik Folldal vil orientere om beredskapen. Velkommen!
Regnvêret som kom i natt og utover dagen i dag, har nok sett mange stikkrenner på prøve. Det har flomma over mange plassar, og til delt store dammar har danna seg mange plassar der vatnet ikkje fann sine naturlege vegar gjennom stikkrenner og vannpostar. Litt snø som kom utover dagen dempa flomvatnet litt, men temperaturen vidar utover kvelen og natta blir nok avgjærande.
Les heile saka
Vinnar av årets første månadens bilete går til Mari B. Redalen for biletet «Sol på sjøisen», med ein tredjedel av stemmene som kom inn. Vi gratulerer og takkar alle bidragsytarar.
Les heile saka
I ein kronikk vi har fått frå Johs Vaag påpeikar han mangelen på sjukeheimsplassar i kommunen og gje uttrykk for frustrasjon i den samanheng. Heile kronikken ligg som vedlëgg i PDF-format og kan lastes ned. Han konkluderer med at «det er viktig å halde fram arbeidet med å gi dei eldste eldre ein verdig alderdom. Nok fullverdige sjukeheimsplassar ved behov høyrer med i ein slik samanheng. Dette må vi ikkje gløyma.»
Laurdag var eit knippe damer samla på Nordmøre museum, Åsen for å delta på kurs i bruk av hesjastreng og blomstertråd slik som tatrane dreiv det før i tida. Kurshaldar var utflytta surnadaling Gunda Marie Næss, som no livnærer seg på resirkulering av det alle andre ikkje vil ha. Ho er nemleg å finna på bruktbutikken på Stjørdal gjenbrukstorg, Bruktbo AS. For dei som kanskje kjenner til Gunda Marie frå før, veit nemleg at hos henne har kreativiteten ingen grenser. Ho kan kunsten å trylle det mest fantastiske ut av ingen verdens ting. Derfor har ho i mange år vore oppfordra til å halde kurs i ulike ting, for å lære bort sine triks og ikkje minst inspirere andre.
Les heile saka
Driva.no har i ettermiddag ein fin reportasje frå ICA Matkroken, der handelsmann Terje Nordvik fortel om opprusting av splitter nytt kjøle- og fryseanlegg i løpet av våren. Han kostar i desse dagar på over 300 000 for å fortsatt oppretthalde posisjonen i todalssamfunnet.
Les heile saka
Heile to gonger så langt i år har det vore arrangert Barn i løypa i lysløypeanlegget på Ørsal. I går kveld var det rundt 15 ungar i alderen 2 til 12 år som møtte for å ta nokre rundar i den oppkjøyrde løypa, og få seg litt varm saft attåt. Todalsungane er ikkje så godt vant det med desse arrangementa, da snøen stort sett ikkje ha vore stabil nok til meir enn eit tre-fire slike arrangement i sesongen. Dette blir det forhåpentlegvis litt endring på frå neste sesong, når det nye anlegget på Tjønnmyrene står klart.
Les heile saka
Stangvik historielag kallar inn til årsmøte tysdag 19. februar kl. 1900. Det skjer på Jokerbutikken, Kvanne, og forutan vanlege årsmøtesaker vil dei forsette etter årsmøtet med temakveld. På programmet står da orientering om kulturminneregistrering og nye vegnamn frå todalskrysset til Stangvik, melder styret. Her kan du laste ned plakaten.
Viltnemnda i Surnadal og Surnadal bondelag arrangerer Kløverstukveld måndag 18. februar, der Vilt og utmark er tema. Det skjer på kommunehuset, i kommunestyresalen, og startar kl 20.00. Denne kvelden vil det bli ei evaluering av jakta i 2012, samt litt om forvaltningsplana for hjortevilt v/viltnemnda. I tillegg vil Rolf langvatn halde foredrag om Hjorteviltforvaltning, samarbeid og bestandmodellering og Svein Erik Morseth vil halde eit innlegg om «organisering av storvilt- og småviltjakt i Rennebu kommune. Her kan du laste ned plakaten som PDF-dokument