Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Pensjonisttur til Storlidalen

Pensjonisttur til Storlidalen

Brit Nordvik - sekretær i pensjonistlaget Måndag 1. juli 2013
Tysdag den 25. juni arrangerte Surnadal Pensjonistlag busstur til Storlidalen. 42 deltakarar gjekk ombord i bussen på Skei og vart helsa velkomne av sjåfør Lars Olav Stenberg hos Stenberg Bussreiser. Veret var ikkje det beste, regna som berre det, men som det er sagt; «godt folk får godt ver». Det slo til denne gongen og. Da vi vel var komne over Kvennafjorden, på tur oppover Sunndalen, kom sola meir og meir fram.
På tur innover Storlidalen passerte vi kjente turistanlegg som Bårdsgarden Turisthytte, Bortistu Gjestegard og Storli gard. Vi valgte å stansa og  raste ved Bortistu Gjestegard. Verten ønska oss velkomne til gards og fortalte så om drifta frå omlag 1650 og fram til no, kor garden er ein heilårs gjeste- og turistgard. Etter velkomsthelsinga, og medan vi venta på middagen, vandra vi fritt omkring i både hytter, hus og det ombygde fjøset, der fraukjellaren no kan romma over hundre spisegjestar.
 
Til middag fekk vi servert garden sin prisbelønte spesialitet, «Bassturøkt lammelår» frå regionen, lettrøykt i garden si røykbasstu. Desserten var og ein spesialitet; bygg-grynsgraut med svisker og aprikoser med fløyte på. Etter middagen køyrde vi heimover med stans på Oppdal før vi fortsatte gjennom bureisningsgrenda Nerskogen, forbi den oppdemte over 6000 dekar store Granasjøen og vidare mot utgangspunktet Skei.
 
Takk for turen og laget og takk til turnemda og til Lars Olav for fin kjøring.
 
Brit Nordvik, sekretær
Publisert: 1. juli 2013, 09:00