Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
No blir det treningssenter – på dugnad sjølvsagt!

No blir det treningssenter – på dugnad sjølvsagt!

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. juli 2013

Det er no sett fart på arbeidet med å få ferdig det nye treningssentret. Det blir i dei gamle lokala til Posten (-og før det BP’n), men i tillegg er lokala utvida med det arealet som var garasje bak postkontoret. Gunnar Nordvik og Lars Kvendset er i full gang med å sette inn nye vidauge i lokala, og i tilleg skal dei gjera klar og isolere taket og lekte ut for å legge panel på veggane. Resten av arbeidet blir dugnadsarbeid.

Arbeidet starta i vinter, og skaut fart på vårparten da ein gjeng ungdomar var iherdige med dugnadsarbeid. Når dei innleide snekkararane er ferdig med sin del av arbeidet, vil nok dugnadsarbeidet fortsett til treningssentret er klart til bruk i løpet av hausten.  Dette er eit samarbeidsprosjekt, der fleire er med på finansieringa. Talgø er eigar av lokala og sørgere for at det er tilgang på materialar. Årsmøtet i Todalen I.L. bevilga pengar til utstyr til treningssentret, og medlemane stiller opp på dugnad for å få arbeidet gjort. Todalen sanitetsforening har og støtta prosjektet med kr 7.000, og dei oppfordrar andre lag, organisasjonar og bedrifter til å gjera set same.

Plana er at det skal bli gratis å bruke treningssentret, ved at medlemskortet i Todalen I.L. blir ditt adgangskort til den lokale «frisklivssentralen».  Nedafor viser vi på tegningar korleis treningssentret er tenkt innreidd.

Publisert: 3. juli 2013, 10:12