Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag er på veg ut av vinterdvalen og startar sesongen den 25. april. Frammøte ved Ansnessaga klokka 13.00. Marsjen går i retning Vorpneset med Reidar Østvik som vegvisar. Han er lommekjent i terrenget og området og vil også bidra med historier.
Les heile saka
Torsdag kl 10 er det klart for snorkløpping for Hageland, Flisekompaniet og Byggmakker. Etter ein byggeperiode som snart har vart eit år er vi no glad for å sleppe til kundane i dei nye avdelingane, seier May Britt Dyrli som er daglig ledar for heile det nye sentret. Vi er godt nøgd med resultatet og vi gler oss sjølvsagt til å vise oss fram for kundane, og vi trur dei blir begeistra, sier ho.
Les heile saka
Dei siste dagane har sjøinsen fått hard medfart! Jon Bruset har også i dag vore ute på skitur, og har sendt oss eit bilde av restane av årets sjøis. Bildet er teke frå området ved Talgøstorhaugen idag den 17. april.
Les heile saka
Todalen Sanitetsforening arrangerer også i år innsamling av kleder til Estland i sammarbeid med Estlandsforeninga og ekteparet Jensvoll fra Rindal. Dato er satt til laurdag 20. april frå kl 10 i Sanitetshuset.
Her vil dei ta i mot reine, heile klede, sko, leiker og anna høveleg utstyr som kan komme andre til nytte og glede. Dette har vorte ein kjerkommen tradisjon, som favner langt utanfor Svinviktunnelen. Saniteten oppfordrar til å pakke det i solid embalasje, så det ikkje blir «lekkasje» på sekkane. De lyt òg ta litt i frakt for å få det frå seg, 25,- pr kolli.
Bondelaga i Todalen og Surnadal delte i går ut utmerkelsar i til enkeltpersonar, lag, og bedrifter i Surnadal. Dette er ein landsomfattande aksjon, der lokale bondelag over heile landet kan utnevne sine eigne bondevenner, til dømes personar som bidreg til å løfte fram matproduksjon og landbrukets betydning for det norske samfunnet, skriv Driva.no.
Les heile saka
Dei siste dagane har temperaturen vist godt over 10 grader og tidvis landvind. Dette har naturleg nok ført til stor is- og snøsmelting med mykje vatn i bekkar og litt utanfor dei naturlege fara. Først på dagen i dag fekk redaksjonen beskjed om at isfårra ved gammelfabrikken held på å sleppe taket. VI var så […]
Les heile saka
For mars kan vi gratulere Ingri Bruset som vinnar av månadens bilete, med «Todalen» i idylliske farger. Denne månadens avsteming var den mest mest populære vi har att, med nær 300 stemmer, kor 97 av desse gjekk til vinnaren. Finn du nokre vårteikn vil vi gjerne at du deler dei med oss.
Les heile saka
A-laget til Søya/Todalen er godt i rute foran sesongstarten på Bordholmen 2. mai. Søndag hadde dei treningskamp mot eit ambisiøst juniorlag fra Sokndal på Amfi Park i Surnadal. Søya/Todalen vant komfortabelt 5-1 i en kamp der dei fekk vist at troppen er brei og nivået er høgt. Dette laget vil garantert ta mange poeng i 6.
Les heile saka
Laurdag kunne det lett ha skjedd ei skredulykke i Skjerdingfjellet. Det var ei guppe på 3 utalandske skituristar som tok seg opp fjellsida som løyste ut skredet, fortel Ola Bruset. Han hadde vært på skitur til Bjøråskaret, da han fekk sjå at det var 3 skituristar på veg opp fjellsida i nærleiken av Skjerdingfjellslåa. Han tykte det såg farleg ut, men dei kom seg velberga opp. Litt etter fekk han høyre eit kraftig smell, og da såg han skredet som kom i stor fart nedover fjellsida.
Les heile saka
Fredag hadde denne aktiviteten sin premiere. Jorunn Ness fortel at dei er ei uformell gruppe som vil prøve seg med ein aktivitet for å kome seg ut i frisk luft og kanskje attpåtil få litt trim og sosialt samvær. Sist fredag var første gongen dei treftes, og da var det 9 som møtte. Treffplassen var ved Matkroken, og derifrå gikk turen attom fabrikken og nedover til Bordholmen. Vidare nedover til Halsabrua, og oppover etter til Bruvollen, der det var ein kort kaffepause før dei runda av ved utgangpunket på Matkroken.
Les heile saka
Nedteljinga til Surnadal Sparebanks korslag er kome inn i sluttfasen. Laurdag ettermiddag kl 17 startar forestillinga i Surnadal Idrettshall, og da skal 120 songarar fordelt på 5 kor på scena. Tre av dei fire deltakarane på Talgø nytta fredag ettermiddag finvêret til å finpusse formen, og riste av seg den siste rest av influensavirus som har herja dei siste par vekene.
Les heile saka
Sauelamminga er ofte kalla for vårens vakraste eventyr, og det er jammen ikkje langt unna sanninga. Den startar ofte i overgangen mellom vinter og vår, og hos Gudmund Kvendset i Viastua kom dei første lamma i går, da eit trilingpar såg dagens lys. Torsdag kom neste lamming, og jammen vart det trilingar igjen. dei var berre 3 timar gamle da dei hamna på framsida på Todalen.no, og vart altså kjendisar med eing gong.
Les heile saka