Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fleire bilde frå startstaden til raset – oppdatert

Fleire bilde frå startstaden til raset – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. august 2013

Ola Halle (Hjellnes) var den 1. august (dagen etter at raset gikk) på tur innover til området der raset starta, rett nedafor Drivhaugen. Han har sendt oss nokre bilde som godt illustrerer korleis raset starta, og at det var på nippet til at det kom enda eit ras. Det hadde stoppa før det kom utom kanten og ned lia. Hovudraset starta på kote 540 m.o.h. og 60-70 m lenger ut enn raset som stoppa. Målt på kart er det 800 – 900 m horisontalt, dvs. 1000 m langt, skriv Ola Halle i ein e-post til Todalen.no.

Han fortel at det andre raset starta på kote 600 m.o.h. i framkant av Drivhaugen. Bilda derifrå viser korleis massane har rent nedover myra og stoppa.

Bildegalleri frå startstaden for raset – alle foto Ola Halle, Trondheim

Vi har også fått bilder frå startstaden frå Jon Bruset som har inspisert området.

Publisert: 10. august 2013, 05:00