Campingsesongen er over oss for fullt, men belegget på Todalen Camping ved Bordholmen har nok ikkje nådd toppen enno. Terje Nordvik på Matkroken fortel om grei nok trafikk av turistar, men ikkje noko rekordår. No er det tildels for vått til å campe på graset på øversida av klubbhuset, så fleire har måtta stått på asfalten (på tennisbana).
Les heile saka
Rindalingar på kulturcruise til Todalen
Pensjonistgruppa i Fellesforbundet i Rindal var måndag på kulturcruise til Todalen. På programmet hadde dei omvisning på Talgøs utstillingssenter i Brusetmarka, og presentasjon av Talgøskonsernets 114-årige historie. Vidare var ruta lagt til Kårvatn med ein kort stopp, og så middag med «kjøtt og påsse» på Todalshytta. Eit trettital pensjonistar frå Rindal og Surnadal deltok i årets kulturcruise.

Travel sommar for Ola
Det blir ein travel sommar for Ola Kvendset. Etter at snekkarane gjorde seg ferdig med nyfjøset i forrige veke, er det no full guffe med kalving i tida framover. To kalvar kom til verden i dag, og i resten av juli er det venta 14 kalvar til, og i august er det venta heile 20 nye kalvar. For kalvane er det også ein tøff kvardag, for dei kjem direkte til opplæring i å drikke frå bytte.
Les heile saka
Norway Cup oppsettet klart
IL Søya melder på sine nettsider at kampoppsetta for laga som skal nedover på Norway Cup siste helga i juli no er klare. Herifrå stiller tre lag med navnet Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen; 2 G14 lag (7-er og 11-er) og eit J14. J14 møter tre norske lag i innleiande runde, mens G14-laga får møte utenlandsk motstand. Gaza Unrwa (Gaza/Palestina) og Iskra Belarus (Hviterussland) kan bli spennande motstandarar for gutane.
Les heile saka
Stem på månadens bilete for juni
Då var det tid for ei ny avstemning for å finne månadens bilete for juni. Akkurat no har vi få bilete i køa, så vi håpar at mange sender oss eit bilete og gjerne er helsing på tur både innabygdes og utabygdes.
Les heile saka
Familieturen på Strengen
13 mann med stort og smått møtte opp på Matkroken i dag for å bli med på Trimgruppa i Todalen IL sin fellestur til Strengen. Arrangørene hadde på tidspunktet allerede hatt ein utsending på Strengen på morgonkvisten for å sjekke verforholda på toppen (les: Marit Haugen), så gjengen for avsted med betre verutsikter enn det som var på tidspunktet i Todalen.
Les heile saka
-Atter ser eg slike fjell og dalar…
Ut av det blå vart det plutseleg bestemt at laurdag var det høveleg å ta seg ein tur på Kjerringa. Og når det er snakk om Kjerringa er det mange namn som kjem opp; Virumkjerringa, Øyakjerringa og Ørsalkjerringa. Her har eg inntrykk av at Kjerringa, Øyakjerringa og Ørsalkjerringa (1333 moh) er det samme. Mens Virumkjerringa (1374 moh) er det høgste punktet litt lenger ut. For å komme seg dit må ein rimeleg smal egg forserast, såg det ut til i alle fall.
Les heile saka
Avstikkar til Åmotan og Vangshaugen
Ein fin avstikkar frå RV70 på tur gjennom Sunndalen, er turen opp til Åmotan og vidare utover til Vangshaugen. Laurdag vart denne turen sett på prøve i finvêret, og vi enda opp med uteservering av bacalao på KNT Vangshaugen. Med sol frå blå himmel og temperaturar godt over 20 grader vart det ein kjempefin dag.
Les heile saka
Pakkhuset: Open pub!
Det blir open pub på Pakkhuset Kro laurdag 6. juli, med servering frå kl 21.00 og utover.

Videoopptak frå Todalsdagen – nå med finalekampen
Todalsdagen var det fotball frå morgon til kveld, og vi har vist mange bilder derfrå gjennom våre reportasjar. Georg Aune i Rindal har filma eit par kampar, og har redigert film frå eit par kampar som han har sendt oss. det er første kamp i gruppespelet mellom Rindal og Molde og semifinalen mellom Rindal og Melhus.
Les heile saka
Anders takka av til ferien…
Torsdag var det kaffelag og ferieavslutning på Talgø. Da vart det også markert at Anders Todalshaug går over i pensjonistenes rekkjer, med gåve frå Talgø Møbelfabrikk og blomsterhelsing frå alle tilsette. Anders hadde sin siste ordinære arbeidsdag denne veka, og blir formelt AFP-pensjonist frå 1. august.
Les heile saka
Bli med på Strengen
Søndag 7. juli arrangerer Trimgruppa i Todalen IL familietur til Strengen.
Dei er så heldig å få med seg Jorid Haugen Ansnes som «kjentmann» på turen, så her blir nok området vist frå finsida!