Då var det tid for ei ny avstemning for å finne månadens bilete for juni. Akkurat no har vi få bilete i køa, så vi håpar at mange sender oss eit bilete og gjerne er helsing på tur både innabygdes og utabygdes.
Les heile saka
Då var det tid for ei ny avstemning for å finne månadens bilete for juni. Akkurat no har vi få bilete i køa, så vi håpar at mange sender oss eit bilete og gjerne er helsing på tur både innabygdes og utabygdes.
Les heile saka13 mann med stort og smått møtte opp på Matkroken i dag for å bli med på Trimgruppa i Todalen IL sin fellestur til Strengen. Arrangørene hadde på tidspunktet allerede hatt ein utsending på Strengen på morgonkvisten for å sjekke verforholda på toppen (les: Marit Haugen), så gjengen for avsted med betre verutsikter enn det som var på tidspunktet i Todalen.
Les heile sakaUt av det blå vart det plutseleg bestemt at laurdag var det høveleg å ta seg ein tur på Kjerringa. Og når det er snakk om Kjerringa er det mange namn som kjem opp; Virumkjerringa, Øyakjerringa og Ørsalkjerringa. Her har eg inntrykk av at Kjerringa, Øyakjerringa og Ørsalkjerringa (1333 moh) er det samme. Mens Virumkjerringa (1374 moh) er det høgste punktet litt lenger ut. For å komme seg dit må ein rimeleg smal egg forserast, såg det ut til i alle fall.
Les heile sakaEin fin avstikkar frå RV70 på tur gjennom Sunndalen, er turen opp til Åmotan og vidare utover til Vangshaugen. Laurdag vart denne turen sett på prøve i finvêret, og vi enda opp med uteservering av bacalao på KNT Vangshaugen. Med sol frå blå himmel og temperaturar godt over 20 grader vart det ein kjempefin dag.
Les heile sakaDet blir open pub på Pakkhuset Kro laurdag 6. juli, med servering frå kl 21.00 og utover.
Todalsdagen var det fotball frå morgon til kveld, og vi har vist mange bilder derfrå gjennom våre reportasjar. Georg Aune i Rindal har filma eit par kampar, og har redigert film frå eit par kampar som han har sendt oss. det er første kamp i gruppespelet mellom Rindal og Molde og semifinalen mellom Rindal og Melhus.
Les heile sakaTorsdag var det kaffelag og ferieavslutning på Talgø. Da vart det også markert at Anders Todalshaug går over i pensjonistenes rekkjer, med gåve frå Talgø Møbelfabrikk og blomsterhelsing frå alle tilsette. Anders hadde sin siste ordinære arbeidsdag denne veka, og blir formelt AFP-pensjonist frå 1. august.
Les heile sakaSøndag 7. juli arrangerer Trimgruppa i Todalen IL familietur til Strengen.
Dei er så heldig å få med seg Jorid Haugen Ansnes som «kjentmann» på turen, så her blir nok området vist frå finsida!
Det er no sett fart på arbeidet med å få ferdig det nye treningssentret. Det blir i dei gamle lokala til Posten (-og før det BP’n), men i tillegg er lokala utvida med det arealet som var garasje bak postkontoret. Gunnar Nordvik og Lars Kvendset er i full gang med å sette inn nye vidauge i lokala, og i tilleg skal dei gjera klar og isolere taket og lekte ut for å legge panel på veggane. Resten av arbeidet blir dugnadsarbeid.
Les heile sakaPå en reportasjerunde rundt bygda måndag kveld trefte vi ein av våre faste lesarar i California, nemleg Birgitte Alma Kvendset. Ho har dei siste par vekene feriert heime på Myrmo i Todalen, og da vi trefte ho var ho på sykkeltur rundt bygda saman med dotra Madelin (9) og ektemannen Alberto Lann. Birgitte fortalte at familien alt tysdag setter seg på flyet attende til Califorinia og Santa Rosa der famlien bor. Todalsferien har gått så alt for fort!
Les heile sakaFor å skaffe stamlaks til Statkrafts smoltanlegg i Rossåa er det nødvendig å få tak i stamlaks med «ekte» gener frå todalslaksen. Stamlaksfiske har derfor starta for sesongen, og vil påga framover til eit tilfredstillande antal er på plass i Stamlakshuset i Brusetmarka. Der blir dei seinare gentesta og godkjent eller dersom dei har feil gener blir dei avliva. Todalen elveeigarlag vil gjerne ha hjelp av laksefiskarane til dette, og honorerer dei som stiller laks til slik bruk med kr 500,-
Les heile sakaEndeleg vart det skulefri, slik at det går an å bruke dagane til badeliv og fotball. Det er viktig å få litt lystbetont aktivitet i løpet av ferien. Snart startar fellesferien, og da blir det nok turistar å stifte bekjentskap med også. No er snøsmeltinga i fjella stort sett ferdig, og da er det nok betre temperatur på vatnet i elva for badarane.
Les heile saka