Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
-Atter ser eg slike fjell og dalar…

-Atter ser eg slike fjell og dalar…

Elinor Bolme Sundag 7. juli 2013

Ut av det blå vart det plutseleg bestemt at laurdag var det høveleg å ta seg ein tur på Kjerringa. Og når det er snakk om Kjerringa er det mange namn som kjem opp; Virumkjerringa, Øyakjerringa og Ørsalkjerringa. Her har eg inntrykk av at Kjerringa, Øyakjerringa og Ørsalkjerringa (1333 moh) er det samme. Mens Virumkjerringa (1374 moh) er det høgste punktet litt lenger ut. For å komme seg dit må ein rimeleg smal egg forserast, såg det ut til i alle fall.

Vi  var tre i følget, som ingen av oss hadde vore på denne toppen før, så vi var nok litt spendte på om vi traff rett på første forsøk. Marit Elin Eid er ei ivrig fjellgeit som deltek rimeleg aktivt på bokstavturane som Trimgruppa i Surnadal IL har i sommarhalvåret. Men kanskje ikkje ivrig nok, ettersom ho ikkje kom seg nettopp på Kjerringa i 2011 da denne var ein av dei oppsette turane. Ho responderte derfor både raskt og positivt da forslaget om turen vart framlagt tidlegare i veka. Men som trøst, hadde det (kanskje) ikkje vore så mange på toppen etter 2011 heller, ettersom posten framleis hang på varden da vi kom opp.

Vi starta turen frå skogsbilvegen i Øyalia, gjekk stien opp til Tårnet, og vi gjekk om Skihytta og vidare over øvre del av Ørsalmyrene før vi tok til på den verkelege oppstiginga. Det er desverre ingen merka sti frå Skihytta denne vegen, men i etterkant fekk eg nyssen i at det er ein brukbar ein frå Vardane og opp derom. Men toppen vart bestege etterkvart og turfølget var godt fornøgd med eigen innsats. Må seiast at det var eit imponerande syn som dukka opp når Virumkjerringa kom til syne etter å ha krumma nakken og gått på det siste stykket!

Frå parkeringa ved stien til Tårnet og opp på toppen på 1333 moh er det ca 7,5 kilometer og VI bruka ca 3,5 timer timar på turen. Ein tur som absolutt kan anbefalast på det sterkaste.

Under er ein god del bilder frå turen, av både spreke damer, unge menn og fin natur. Alle foto i galleri øverst tatt av ElinorB. Galleri nederst er tatt av Marit Elin Eid.

Publisert: 7. juli 2013, 21:24