Torsdag var dametrimmen på utflukt til Storhaugen. Dei starta frå Bruset og tok turen etter skogsvegen og vidare på stien til Storhaugen. På Storhaugen trefte dei Jon Bruset som også var på tur, og han guidet damene nedatt om Hafallstien til Skukullbrekkå.
Les heile saka
Den fine maivêret har gjort at turistsesesongen så smått har starta. Blomstringa i svinviks arboret er nådd toppen, og det har alt no vore mykje besøk og spesielt har det vore mange grupper i år. Mange av gruppene som har besøkt arboretet har også nytta høvet til å sjå meir av Todalen, og difor har det også vore trafikk til Kårvatn og Gammelfabrikken i same slengen. Todalshytta opnar først til neste helg, den 15. juni, men vertinne Åse Øyen har alt no teke mot gjestar på bestilling.
Les heile saka
Ulven har herja i fleire saueflokkar i Sunndal og Nesset den siste tida, og truleg har den vore på ferde i Innerdalen. Da er det kort veg over til Todalen, og det er derfor viktig å halde eit auge med i det som skjer. Både Surnadal kommune og Rindal kommune er interessert i å få info om observasjonar som blir gjort, skriv skogbrukssjef Tore Gjul i Surnadal kommune i ein e-post til Todalen.no.
Les heile saka
Denne veka arrangerer Amfi Drift AS senterleiarsamling for alle senterledere, eiendomssjefer og regionssjefer tilhørende selskapet drifta frå hovedkontoret i Surnadal. Per i dag omfattar det heile 72 senter i 5 regionar. Nokre som heileigde AMFI senter og andre der Amfi Drift AS kun står for dagleg drift. På programposten under denne samlinga sto sjølvsagt ein tur til Todalen med eit besøk hos Talgø og Gammelfabrikken.
Les heile saka
Ferietida nærmar seg med stormskritt, men du har enno høve til å låne bøker på biblioteket, fortel Karen Johanne Talgø, som er filialbestyrar ved bibliotekfilialen i Todalen. Biblioteket helt til i Todalen oppvekstsenter, og har ope kvar torsdag mellom kl 18.00 og 20.00. Men torsdag 20. juni er siste opningsdag før ho tek ein lang og velfortjent ferie fram til skulestarten til hausten.
Les heile saka
Ja da, du leste rett. Det skal være Trodalen med r og ikkje Todalen. Laurdag 8. juni arrangerer Todalen idrettslag fellestur til Trodalen, med start frå Matkroken L.Hals kl 11.00. Det er nok mange som ikkje har vore dit, og som lurer på kvar Trodalen er? Vi kjører til Bæverfjord, og vidare mot Åsskard, til vi tek av til venstre ved skiltet «Flesa». Kjører vidare så langt vegen går, og parkerer ved Flessen Camping. Følgjer vidare merka sti langs fjorden til Jutvika. Stien går derifrå oppover lia til Trodalen.
Les heile saka
Torsdag 6. juni blir det vandring i kulturlandskapet rundt fjordbotnen i Ålvundfjord.Det blir fleire omvisarar og opplegget blir etter same lest som i fjor da avslutninga av turen regna bort. Oppmøte ved skulen i Ålvundfjorden kl. 19.00. Det blir orientert om dei mange endringane i området både i landskap og bygningar berre siste 30 åra. Vi startar ved «A/S Møkkafrost» ved skulen, går nedover til idrettsplassen, innover Øran forbi Ørahusa og saga før vi går over brua til vi snur ved pakkhuset i Vågaholet. Det blir stopp på vegen for å sjå på og kommentere landskap og kulturminne slik dei var iflg eldre bilete og slik dei er no.
Les heile saka
Torsdag kveld arrangerer dei fire sanitetsforeningane Todalen, Rindal, Øvre Surnadal og Torvik eit åpent møte på Surnadal videregående skole med kvinners helse i fokus. Arrangørane har fått hit Norges fremste forskar på kvinnehelse, Berit Schei. Hun har i ei årrekke forska på forskjellar mellom menn og kvinner ved ulike sykdommar og symptomar.
Les heile saka
Todalen Båtforening har montert nye fortøyninger på bryggeanlegget. Lørdag hadde noen av foreningens medlemmer satt av tiden til å montere nye fortøyninger. Dugnadsinnsatsen ble ledet av nytilsatt havnesjef Dan Roger Pedersen. Under stormen Dagmar ble bryggeanlegget satt i bevegelse slik at fortøyningstrossene ble strukket, og mange ble slitt av. De trossene som berget stormen, har såpass redusert styrke at de må skiftes.
Les heile saka
MS Freifjord låg søndag kveld på hamna ved Rossåa Settefiskanlegg i Todalen. Det skal det i løpe av kvelden losses rundt 1000 tonn med singel og knusagrus til lageret til entreprenørfirmaet Per E. Gjeldnes Maskin. Grusen kjem frå Harøysundet i Romsdal, og blir altså frakta til Todalen med båt.
Det gjekk til tider heitt for seg i lokaloppgjeret på Bordholmen i dag, da Søya/Todalen møtte Bøfjorden. Tabell-leiar Søya/Todalen gjekk berre slik passe hardt ut i starten og forventa kanskje at dette skulle bli ein lett kamp. Det vart det ikkje. Bøfjorden tok leiinga etter ca 35 minutt ved midtbanekjempa Henrik Blekken. Bøfjorden stilte med eit «modent» lag, som hadde vore ute ein vinterdag før. I bakrekka låg Per Iver Skrøvset og Gøran Settemsdal og stoppa dei fleste S/T forsøk, og på midtbanen dominerte Kjetil Rønning og nemte Blekken. Noko som gjorde at rresultatet 0-1 held seg heil til pause.
Les heile saka
Det er ikkje lenge til det er slutt på eit langt skuleår, og dermed klart for ein lang og velfortjent ferie frå både lekser og skuleskyss. Men når det lir uti august er det på’n igjen, og da er det nye 6-åringar som tek plass bak pultane. Todalen skule hadde torsdag dag besøk av ein flott gjeng med slike nye skuleelevar.
Les heile saka