Til tross får litt dårleg festivalvêr i starten har det vore mykje folk innom til Norsk Laksefestival som i skrivande stund er i full gang på Skei i Surnadal. Det var start torsdag, medan martnadsgata opna fredag ettermiddag. Det lagt opp til program heile helga, og på kveldstid var det fredag kveld utedans ved kulturhuset. Laurdag starta alt kl 07 med fiskekonkurranse og martnasgate frå kl 10. Laurdag kveld er det utekonsert med Bonnie Tyler og Return, og vêrprognosane er slett ikkje verst for laurdagskvelden.
Les heile saka
Vi minner om at det fortsatt er muleg å få med seg rododendronblomstringa i Svinviks arboret ! Unn deg deg ein kopp kaffe og ein pustepause i den frodige hagen. Arboretet er ope onsdag – søndag frå 12.00 til 17.00. Siste nytt er at det no er opna eit lite butikkhjørne i kafeèn, med fine småredskap og hanskar til hagearbeid, villsaugarn frå Hjellnes, nydelege sjal frå Oppistufrua og andre fine småvarer. Verdt eit besøk!
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag avslutta vårsesongen torsdag med marsj i området Kårvatn, Myrvang og til Nauståfossen. Kafferasten var lagt til Myrvangtunet der Liv og Jon tok i mot oss for fjerde året på rad. Guri og Lars, som har vore like trufaste, bidrog med musikk og jammen var det fleire som svinga seg på vollen både i valse- og polkatakt. Den faste graut/bakelsgruppa vår serverte velsmakande godsaker og alle 40 frammøtte såg ut til å kosa seg.
Les heile saka
Til kvar leilighet i Sanitetshuset har det vore ein liten terrasse på framsida og mot sola. Den har berre vore så alt for liten og upraktisk, for troppa har nemleg vore på motatt ende som terassedøra. Det har lenge vore diskutert å endre på dette, og etter ein lang planprosess og basar til inntekt for prosjektet så vart plana realisert.
Les heile saka
Da er alt klart for den 14. laksfestivalen i Surnadal. Norsk Laksefestival har til årets åpning fått seg nye nettsider, der ein finn det meste om festivalen, frå 2000 til i dag. Festivalen starta allerede i går, med Thomas Tivoli, fisking på Glønavatnet, Villakskonferanse leda av Vegard Heggem og åpning av kunstutstilling.
Les heile saka
Det har vært tradisjon i alle år og holdt gudstjeneste siste helga før jul i Nordvik Forsamlingshus. Imidlertid har dette vært utvidet til to ganger for året de siste årene, fortrinnsvis i juni måned. Vi har merket oss at Todalen Sokneråd har avviklet friluftsgudstjeneste på Haugligårdene 2. påskedag med stort hell uten å avlyse pga. værforholdene.
Les heile saka
At Talgø arrangerer lagersalg er eit tegn på at ferietida nærmar seg. Konsernsjef Terje Talgø seier at det er behov for å rydde lageret skikkeleg ein gong for året, for å få ut B-varer, restar av produktseriar og prototypar som møbelhandlarane ikkje vil kjøpe. Dette har ofte vore arrangert i samband med Todalsdagen på fabrikken i Todalen, men denne gongen er mest varer på Vinstra og derfor blir salget arrangert ved sentrallageret på Lomoen på Vinstra
Les heile saka
ECO Veggplater fra Talgø har nå fått heile kolleksjonen godkjent som Svanemerka. Svanemerket er det offisielle nordiske miljømerket. Svane vurderer kva som helheitleg sett er det beste miljøvalget for kunden, og ser på heile produktets reise frå råvare, produksjon, bruksfase og til avfallshåndtering. Andre miljømerker, for eksempel NAAF, forheld seg berre til deler av denne prosessen. I Talgø Svanemerkes heile kolleksjonen av vanlige MDF-plater. Det betyr at kunden kan velge blant 9 ulike farger og 5 ulike profiler. Med det kan Talgø tilby Norges breiaste utvalg i svanemerkede veggplater.
Les heile saka
Fotterapaut Olaug Bergem Aspill er nok ein gong på runde i Todalen for å tilby fotterapi. Ho er i Sanitetshuset i morgon, måndag og tirsdag. Men det er kun ledige timar tirsdag den 25. melder Marit Sanden Søyset som tek imot bestillingar på telefon 98 03 63 91.
Todalen I.L. skal stille med vaktmannskaper under Laksefestivalen og vaktlistene er no klare med ansvarsområde og oppmøtetider, melder Karin Halle som er ledar i Todalen. I.L. Karin er glad for at så mange stilte opp som vakter, slik at det kjem inn pengar til drift av laget som sno held på med fleire prosjekt som er kapitalkrevjande. Vaktliste kan du laste ned som PDF-dokument. Karin gjer samtidig mersam på at oppmøtetida på kulturhuset er kl 20.00.
Jon Bruset er stadig på farten i todalsfjella. Tysdag gikk turen til Storfjellet og Storbotn, og botanisk interessert som han er så også bilda hans prega av det. I ein e-post til Todalen.no skriv jon: «I dag gjekk turen til Storfjellet og Storbotn. Det er tidleg sommar i fjellet i år, så no er det […]
Les heile saka
Siloslåtten er komen i full gang. Dei første starta alt i helga, men no er nok dei fleste i gang med førsteslåtten i Todalen. Ledar for Todalen Bondelag, Ståle Ansnes, fortel at det stort sett er bra avlingar rundt bygda. Enkelte har nok reduserte avlingar på grunn av isbrann, og det er variasjonar mellom gamle og nye ekrer også. Vinteren har nok vore hard for enkelte grasslag, og det går fort ut over avlingane.
Les heile saka