Ein fin avstikkar frå RV70 på tur gjennom Sunndalen, er turen opp til Åmotan og vidare utover til Vangshaugen. Laurdag vart denne turen sett på prøve i finvêret, og vi enda opp med uteservering av bacalao på KNT Vangshaugen. Med sol frå blå himmel og temperaturar godt over 20 grader vart det ein kjempefin dag.
Les heile saka
Det blir open pub på Pakkhuset Kro laurdag 6. juli, med servering frå kl 21.00 og utover.
Todalsdagen var det fotball frå morgon til kveld, og vi har vist mange bilder derfrå gjennom våre reportasjar. Georg Aune i Rindal har filma eit par kampar, og har redigert film frå eit par kampar som han har sendt oss. det er første kamp i gruppespelet mellom Rindal og Molde og semifinalen mellom Rindal og Melhus.
Les heile saka
Torsdag var det kaffelag og ferieavslutning på Talgø. Da vart det også markert at Anders Todalshaug går over i pensjonistenes rekkjer, med gåve frå Talgø Møbelfabrikk og blomsterhelsing frå alle tilsette. Anders hadde sin siste ordinære arbeidsdag denne veka, og blir formelt AFP-pensjonist frå 1. august.
Les heile saka
Søndag 7. juli arrangerer Trimgruppa i Todalen IL familietur til Strengen.
Dei er så heldig å få med seg Jorid Haugen Ansnes som «kjentmann» på turen, så her blir nok området vist frå finsida!
Les heile saka
Det er no sett fart på arbeidet med å få ferdig det nye treningssentret. Det blir i dei gamle lokala til Posten (-og før det BP’n), men i tillegg er lokala utvida med det arealet som var garasje bak postkontoret. Gunnar Nordvik og Lars Kvendset er i full gang med å sette inn nye vidauge i lokala, og i tilleg skal dei gjera klar og isolere taket og lekte ut for å legge panel på veggane. Resten av arbeidet blir dugnadsarbeid.
Les heile saka
På en reportasjerunde rundt bygda måndag kveld trefte vi ein av våre faste lesarar i California, nemleg Birgitte Alma Kvendset. Ho har dei siste par vekene feriert heime på Myrmo i Todalen, og da vi trefte ho var ho på sykkeltur rundt bygda saman med dotra Madelin (9) og ektemannen Alberto Lann. Birgitte fortalte at familien alt tysdag setter seg på flyet attende til Califorinia og Santa Rosa der famlien bor. Todalsferien har gått så alt for fort!
Les heile saka
For å skaffe stamlaks til Statkrafts smoltanlegg i Rossåa er det nødvendig å få tak i stamlaks med «ekte» gener frå todalslaksen. Stamlaksfiske har derfor starta for sesongen, og vil påga framover til eit tilfredstillande antal er på plass i Stamlakshuset i Brusetmarka. Der blir dei seinare gentesta og godkjent eller dersom dei har feil gener blir dei avliva. Todalen elveeigarlag vil gjerne ha hjelp av laksefiskarane til dette, og honorerer dei som stiller laks til slik bruk med kr 500,-
Les heile saka
Endeleg vart det skulefri, slik at det går an å bruke dagane til badeliv og fotball. Det er viktig å få litt lystbetont aktivitet i løpet av ferien. Snart startar fellesferien, og da blir det nok turistar å stifte bekjentskap med også. No er snøsmeltinga i fjella stort sett ferdig, og da er det nok betre temperatur på vatnet i elva for badarane.
Les heile saka
Laurdag var det over førti fotballkamper på Bordholmen. Det var full rulle heile dagen på 5 banar, og det var full innsats frå knøtter, miniputter og lillegutt/jente frå dommaren blåste i gang første kamp og til finalekampen mellom Rindal og Molde var blåst av på tampen av dagen. Alle fikk sin personlig premie som eit minne frå Todalsdagen 2013, og i lillegutturneringa var det flotte lagpokalar til bronsefinalistane og finalistane. I samband med premieutdelinga var det tradisjonell fotografering.
Les heile saka
Tysdag den 25. juni arrangerte Surnadal Pensjonistlag busstur til Storlidalen. 42 deltakarar gjekk ombord i bussen på Skei og vart helsa velkomne av sjåfør Lars Olav Stenberg hos Stenberg Bussreiser. Veret var ikkje det beste, regna som berre det, men som det er sagt; «godt folk får godt ver». Det slo til denne gongen og. Da vi vel var komne over Kvennafjorden, på tur oppover Sunndalen, kom sola meir og meir fram.
Les heile saka
Søndag var det to barnedåpar i Todalen kyrkje og det var nærare 70 tilhørarar på den siste gudstenesta før ferien. I ferietida blir det inga gudsteneste i Todalen, og neste ordinære gudsteneste blir derfor søndag 18. august.
Les heile saka